mandag 3. februar 2014

Meir frå primstaven

Eg har vist fram og skrive om merketeikn frå 
primstaven fleire gongar.
Det er svigerfar Hans som har laga primstaven.

Dette er vintersida på primstaven.

I går skreiv eg eit innlegg om Kyndelsmesse 2. februar.

I dag vil eg vise nokre fleire merketeikn
(dei er ringa inn på bildet).


3. februar Blåsmesse, opprinneleg St. Blasius messe.
Markert med ein bøygd kvist.
Viss det bles hardt den dagen ville det bli vindfullt resten av året.
Sjøfolk og fiskarar måtte ikkje nemne dagen med namn.


5. februar Ågotmesse til minne om Sta. Agatha som
leid martyrdøden i år 251.
Unge jenter må ikkje børste håret denne dagen.
Markert med ei mus, også kalla "musedagen"
fordi ho skal ha bedd Gud om hjelp mot ein museinvasjon
og vart bønnhøyrd.


6. februar Dortemesse etter Dorothea frå Cæsarea
leid martyrdøden i år 304
Ho er hagedyrkarane sin skytshelgen.
På denne tida tok sjøfisket til.
Markert med ein kross på primstaven.

Det er faktisk litt spirar i hagen no.
Så det er tatt omsyn til hagedyrkarane ;)

Dette var siste historietime på ei stund.
Takk til alle som hadde innspel om 
Kyndelsmesse.

Minner med det same om :


Du er velkomen til å 
delta !

Ynskjer deg ein fin Blåsemesse-dag !

Anne-Mari




4 kommentarer:

  1. Veldig interessante innlegg om primstaven og gamle merkedager! :)

    SvarSlett
  2. Takk for flotte innlegg om primstaven!
    Viktig info til den oppvoksande slekt :-)

    Fin veke vidare til deg!

    SvarSlett
  3. Takk for at du deler dette, Anne Mari.

    Alltid artig med gamle værmerke og tegn.

    :) Inger

    SvarSlett
  4. Så interessant lesning, takk for at du deler :)

    Happy lillelørdag!
    klem

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)