fredag 29. juni 2012

Nøkkerose

Barnehender med ein fin blomst
gleder farmorhjertet.

 Ilag med farfar var dei på det store vatnet
og prøvde fiskelukka.
 Ingen fisk, men kvar si vannlilje til oldemor og meg ♥

 Vakker

 Lettast å få tak i frå båt.
(dette bildet er lånt frå nettet)

 


tirsdag 26. juni 2012

Nye fargar

Den gamle bondeblå kommoden har
fått ny farge.
Det har dei "tregule" veggane og taket òg ..

Med plass til den gamle skrivemaskina frå 1948 kjøpt
på loppemarknad,
telefonen frå den tida det var fleire abbonentar på ei linje og
ein sentral som formidla samtalar !!
Grautspannet av einer som far min laga etter ein gamal modell, 
likeså smørkinna.

 Maileg-kanina sit og ventar på telefon ;

 Kjøpte dette måleriet for mange år sidan av 
ein omreisande seljar.
Har alltid likt det !
Eg trur motivet er frå Champs-Èlysèes, ei av
dei mest kjende paradegater i verda.
I sentrum av Paris.
(Iallfall likar eg å tru at det er derifrå....
eit pust av den store verda inn i mitt hus :)






søndag 24. juni 2012

Jonsok-kveld

Jonsokaftan 2012 er over.
Trur ikkje eg kan hugse sist me hadde så fint
ver som i år.
 Tidleg tenning av bål, så får borna også ta del.

Litt seinare på kvelden

Sola gjekk ned kl 23.40

 Men feiringa heldt fram langt
uti dei små timar :)

Ynskjer ei fin sommarveke til deg som 
er innom !
Takk for at du vitjar meg.

Klem frå Anne-Mari

lørdag 23. juni 2012

Jonsok

Her i bygda er det tradisjon å ete rjømegraut på
dagtid jonsokaftan.
Sanitetsdamene lagar graut og har utsalg på
bygdahuset.
I år tok eg med ei skål og kjøpte med heim

 Godt å site på verandaen i det nydelege
jonsokveret

I eldre tider hadde dei litt anna utstyr både
å røre med, ause opp med, og ikkje minst større
fat å servere grauten i.
 Dette fatet er eldgamalt.
 Det var vel ikkje vanleg å ha kvar sin tallerken,
kanskje åt mange av same fatet ??

Den nydelege sommarbuketten er ei koseleg takk
for fjøresafarien 

Når det kveldar blir det grilling og bålbrenning
ned med sjøen.
Ein strålande dag å feire jonsok i.

God feiring til alle !
 

torsdag 21. juni 2012

"Fjøresafari"

Borneborna stortrivst i fjøra når dei
er på besøk hos farfar og farmor.
Difor kom idèen  om at 
Hans-Petter sin 8 årsdag kunne
 feirast her med 14 klassekameratar.
I tillegg var familia hans her.

Fyrst var det mat ! 

Fotballsjokoladekake !
(fotball er hans store interesse :)

 pølser med brød

  kanelsnurrar

 Klar for safari..

på leit etter krabber, kokkelurar, sjøstjerner.
sjøanemone, og anna rart..

 Stort område skal saumfarast..

Litt av fangsten,

 .. og altfor lave støvlar...

Ellers var det mange som nytta høvet til å 
klatre på storesteinen og sjørøvarskuta, nokre prøvde også slenga
som hiver dei utfor ein skrent. 
(manglar diverre bilder frå desse aktivitetane)

Vonar borna tenkjer attende på denne
kvelden med glede.
No er det skuleferie og nye opplevingar ventar.

Me vaksne kjende at dette var ein fin
måte å feire 8 årsdag på ♥

Takk for at du var med !


tirsdag 19. juni 2012

Indias datter


Handlinga i romanen er mellom 1984 og 2009.
Den fortel om tilhøva på landsbygda i India, der
jentebarn har ingen verdi.
Asha som er hovudpersonen blir redda fordi 
mora greier å få henne til ein barneheim.
Ho veks opp i USA hos kjærlege adoptivforeldre, 
men reiser tilbake til India for å finne røtene sine.

Det er ei hjerteskjerande, men fengslande historie der ein 
får eit innblikk i kulturen i India.

Eg likte boka og anbefaler deg å lese den. 

Anne-Mari


 

søndag 17. juni 2012

Svarteliste

Lupiner - Lupinius

 Eg syns den er vakker, men forstår at den 
sprer seg kraftig.

Ei anna plante som er på svartelista er

 Rynkerose - Rosa rugosa
Den har fine blomster med herleg lukt.
Viss eg er heldig kan eg plukke nypene og lage syltetøy.
Men eg ser at den òg sprer seg kraftig,
iallfall i hagen min.

Begge desse plantene fortrenger andre artar i naturen og
 er ute av kontroll.
Dei skal utryddast !


Ps. ser du den nye fine headeren min ?
Det er laga av den supre bloggvenninna mi 

Eg ynskjer deg ei fin ny veke og
takkar for at du stikk innom bloggen min !

Klem frå Anne-Mari


torsdag 14. juni 2012

Graut

Må berre vedgå at eg nesten alltid har
denne i kjøleskapet.

Når borneborna kjem innom er dei svært glade
viss dei får graut.

Det er lettvint, berre å lage til på kvar sin tallerken og
varme i microbølgeomnen.
 950 gram gir passelege porsjonar til 2-3 born 
For oss to åleine kan det vere middag med
litt spekemat og flatbrød til.
Ikkje minst, den er rimeleg, kostar rundt 30 kr.

Sjølsagt lagar eg vanleg langtidskokt graut når det er planlagt og
 me er mange.
( må forsvare meg ser du ..)

 Eg brukar også grauten frå
Fjordland når eg lagar Riskrem til dessert
Enkelt !


Takk for at du tek deg tid til å besøkje
bloggen min ♥

Klem frå Anne-Mari





mandag 11. juni 2012

Blåklokkevikua

Mannen min syng i mannskor.
Igår fylgde eg på songarstemne.
Det var ei god oppleving å høyre alt det
fine som vart sunge der.

Ein av melodiane har sett seg fast i haudet mitt,
 eg må berre få dele den med andre.

 Blåklokkevikua av Alf Prøysen

Det er litt for tidleg å vente på at 
Blåklokka sprett ut, og i mellomtida kan 
eg sjå på bildet medan eg nynnar ♫..♫..♫.♪♪..♫

 I fjor samla eg frø av Blåklokke.
Kasta dei på grastaket på hytta etter
at snøen forsvann...
Vente i spenning ☼

God måndagskveld !

lørdag 9. juni 2012

Kl. 23.20 i Tuå

I går kveld.
 Sommar i fjørå i godt lag :)

Du skal få høyre meir om Sjøhuset 
ved eit seinare høve.

Ynskjer deg ein strålande laurdag !

Anne-Mari

fredag 8. juni 2012

Test


Ps, tekniske problemer ja :(
Dette innlegget var publisert 4. juni. Idag dukka det opp med ny dato på topp :)
Forstå det den som kan...
Innlegget for idag ligg under dette !
Ds.

Ikkje fritt for prøving og feiling, men eg veit at det er
på den måten eg kan lære...
Ja, du gissar rett.
Det er denne iPaden eg strever med..





Hortensia
Har greidd seg i vekslande
vêr og temperatur :)



Sjå no, kanskje blir det eit innlegg ??
Jiippiii !!

Men får eg til å midtstille teksta ??

Frodig i Tuå

Nydeleg sommarver

Fekk lyst til å vise fram litt av det som veks og 
blomstrar i hagen.

 Raud azalea som blomstrar tidleg.
Den er svært gamal og har vore flytta fleire gongar.
Som oftast tek regnet den før avblomstring.
I år har den stått lenge:)

Pinseliljer
Narcissus poeticus
Vakre, lignar på porselen ♥

Eldkvede - Japansk kvede
Det kan lagast gele av frukta som kjem
etter avblomstring.
Eg har ikkje prøvd det.

Blodbøken er vakker. 

Takk for hageturen ein fin fredagskveld.

God helg !

helsing Anne-Mari 

Ps. Hmm, mykje rart som skjer, innlegget frå 4. juni har fått 
ny dato og komt til toppen....??
Og no er det PC en eg har brukt...

 

torsdag 7. juni 2012

Award

Det er heilt utruleg...
Bloggen min har fått ein award, ein pris :))
Frå ei flott dame med ein
spennande blogg,

For ikkje lenge sidan fekk eg ein solstråle frå henne,
 det flotte kortet som ho har laga sjøl !
Tusen, tusen takk til deg Monika

"Liebster Blog Award är skapad för att lyfta fram bloggar med 200st prenumeranter eller färre.

In order to accept the award, the recipient will:

1. Thank the person who gave you the award.

2. Link back to that person’s blog.

3. Copy and paste the award to your blog.

4. Present the award to 3-5 blogs of 200 followers or less that
you feel deserve this recognition.

5. Let those blogs know by leaving them a comment"



 ----------------------------

Det er så mange flotte bloggar der ute,

 men når eg skal velje vil eg gi award til dei
bloggane eg har fylgt lengst, og som

gir meg mykje glede :)

Vonar mange finn vegen inn til desse:

Mormoruniverset

Bare lille Elin

Hm-bente

Steinkjerringa 

Rosehagen







 

onsdag 6. juni 2012

Kaktus


Takksame planter som styrer seg sjøl.



Schlumbergera x buckley
trur eg den heiter, eller Rosekaktus ?







Fekk første avleggar av ei gamal dame eg stellte
for over 30 år sidan !
Plantene står i kjellarstova, får vatn av og til..
ofte er dei så tørre at blada er heilt skrukkete.
Nærmar seg sommar...fullt av knoppar :)
Eg nyt synet !



- Posted using BlogPress from my iPad

tirsdag 5. juni 2012



Å vere optimist er å alltid finne noko
å glede seg over ;)



Takk for alle supre kommentarane, det er så
inspirerande og oppmuntrande <3

Kveldshelsing frå Anne-Mari


- Posted using BlogPress from my iPad

søndag 3. juni 2012

iPad

Har gått til innkjøp av splitters ny
Apple iPad

  Ser klart at det trengs øving øving,
"prøve sjøl " som borna seier, men eg
må vel ha instruks frå vidarekomne ;)

Mellom anna får eg IKKJE til å laste inn
bilde til blogginnlegg.

Har nokon tips til meg ?

Kamerafunksjonen på iPaden er god,
eg syns dette bildet vart nydeleg.


Vona er at det blir blogginnlegg frå iPaden
etter kvart....
tenkjer at eg kan ta den med når eg er på hytta og la
 PCen kvile heime ...

God søndag !


lørdag 2. juni 2012

I same stund

På våre kantar av landet er det ikkje uvanleg
å ha fleire slags ver på ein gong.

I ein Vestlandsfjord var det slik i dag.
Her ser du mot vest

Og her snur du deg mot aust
Haglebarelingane nærmar seg

Det er markblomstertid ♥

 Hjerteleg takk for alle fine kommentarane !
Og velkomen til nye fylgjarar !

Klem frå Anne-Mari