Viser innlegg med etiketten Bryllaupsdag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bryllaupsdag. Vis alle innlegg

søndag 31. juli 2016

Frukost på Swejgaard B&B

18 juli bestilte me frukost hos vertsskapet.
Frukostbordet var delikat dekka 
i eit koseleg rom med teikningar
på veggane frå tidlegare gjestar,
og pelargonia i vindauga.
På enden fekk veslejenta
eigen barnestol
 og barneservise.



Naturell youghurt med frukt og bær var start på måltidet.
Ein drikk med  pressa ingefær skulle vere ein sunn og fin start på dagen,
frisk frukt og bær, og eit nydeleg brød rett frå omnen.
Egg og bacon pynta med godsaker frå hagen.
Meir ost og pålegg samt syltetøy av mange slag.
Til slutt eit godt kakestykke til kaffien
(du ser det på øvste bildet)
Ein nydeleg frukost som 
start på bryllaupsdagen vår :)

Om kvelden middag i ein restaurant i Løkken,
Desserten Sjokoladefondant
med tilbehør.

Brudgomen sin drikke,
Æblesaft med hyldeblomst
46 års bryllaupsdag




onsdag 2. oktober 2013

Omskapt bildeoppheng


Både mor mi og
far min var nest yngst i
syskenflokkar på sju.
Det var mange brudebilde
på veggane då eg var lita.
Dei tok stor plass.
 Så fekk dei ein lur idè.
Dei samla bilda i to rammer !

Øvst er far min sine sysken,
foreldra mine nr 2 frå høgre.

Bildet under er mor mi sine,
 eldste syster er på dei to bilda til venstre.
Ho vart tidleg enke og gifte seg oppatt.
I denne ramma vart det ikkje plass til alle difor
er bildet av broren og kona
for seg sjøl.
Kanskje fordi ho hadde bunad, eller
fordi bildet ikkje er i heilfigur ?

Eg har hengt desse bilda under trappa
der eg går kvar dag og likar å sjå på dei.

Under står bakstebordet som far min laga,
der har eg samla fleire gamle ting,

og nokre nye.


Eg linkar innlegget til
Onsdagstema som er 

Omskapat - HER 


Ynskjer deg ein fin onsdag !

Anne-Mari







torsdag 18. juli 2013

Bryllaupsdag



Det er nokre år sidan me tok 
bilde av oss og sende
ut til familie og 
venner.

Romantisk skulle takkekorta 
vere.
 
Svigermor sydde brudekjolen,
i eit bomullsstoff
med mønster
 Eg har ein stoffbit liggande,
men kjolen har eg gøymt
så godt at eg finn den ikkje...
Der var små stoffkledde knappar
langt oppover armane, 
og i ryggen.
Eg var svært opptatt av at det skulle
vere enkelt, buketten skulle vere liten og
sløret uten mønster.
Eg hadde flate ballerinasko.
Dette var i 1970 og det var vanleg med 
mykje pynt .

Tida har gått så fort, det er ikkje til å tru.

Mange bryllaupsdagar medan ho levde, kom mor mi
med ein bukett
 blå Iris frå hagen sin.

I dag har eg plukka inn sjølv.
Den blå Irisen 
minner meg om henne ♥

Mannen min er meir romantisk enn meg og er flink til å 
SJÅ teikn i naturen.
Dette hjartet i ein stein skal få stå 
som symbol på 
kjærleiken ♥

Anne-Mari



lørdag 22. juni 2013

67 års bryllaupsdag


Foreldra til mannen min
Judith og Hans 
har 
bryllaupsdag 22. juni.
Gift i 67 år !
Dei begynte å vere i lag i
mai 1944.

Tidlegare innlegg om dei finn du her:

I dag bur dei i omsorgsbustad.
Hans, snart 92 år slit med svekka helse fysisk.
Hovudet er heilt klart.
Judith 85 år, har også sine plager, men
med sin muntre replikk og lyse sinnelag er ho til
stor hjelp og støtte for mannen sin.

Det er ei artig historie om avstand i alder mellom dei.
Då Hans 23 år, kom til fjellgarden og vitja Judith som då
nærma seg 17 år, sa mor hennar til han.
" kva du vil med tausungen ? "
han svara at
" det veks ho nok av seg ..."
I dag er det ei glede at ho er såpass
yngre og kan hjelpe han.

Bryllaupet vart feira på fjellgarden der Judith 
var i frå, med over 70 gjestar.
Bryllaupsmiddagen var 
fiskepudding med fløytesaus til forrett.
"sosakjøt" i store mengder til hovudrett, og
sviskedessert med fløytemjølk til slutt.
I det vesle huset gjekk måltidet på omgang,
dei vaksne åt først, ungdomane og barna til sist.
Jenter frå bygda serverte.
Judith trefte ei av desse forrige veke.
Ho er 95 år og hugsa godt midtsommarbryllaupet.

Til kaffi hadde dei småkaker og kveitekringle.
bløtkake var der også.
Kveldsmaten var brødskive med pålegg.

Eg gratulerer hjarteleg svigerforeldra mine med
bryllaupsdagen !



Hipp hurra for 
Judith og Hans