torsdag 2. februar 2012

Kyndelsmesse

Kyndelsmesse 2. februar var ein viktig merkedag i
katolsk og etterreformatisk tid.
Feira til minne om framstillinga av Jesusbarnet i tempelet i Jerusalem.
Framstillinga var ein jødisk tradisjon som vart utført førti dagar etter fødselen for gutar
og åtti dagar for jenter. Dette tilsvara den renselsesperioda
Maria måtte gjennom etter fødselen.
Hm, kva er forskjel på gut og jente i denne samanheng ?

I Noreg var Kyndelsmesse ein viktig festdag, og ein åt gjerne julemat.
Dagen vart avskaffa som heilagdag frå 1771.

På primstaven frå svigerfar Hans
er den markert med ein trekvist


På Sunnmøre var dagen ofte rekna som slutten på jula.
Difor vart Tjuandedags-Knut ofte kalla Kyndelsmess-Knut.
Ein kunne vente ein hard styggeversbolk på denne tida.
Mildver vart ulikt tolka,
frå Trøndelag og nordover var mildver teikn på eit dårleg år.
I Sør-Noreg meinte dei at mildver var eit godt teikn.
I Volda var synnavind den dagen merke på godt torskefiske til våren.

Vanleg tradisjon over heile landet var at bjørnen
snudde seg i hiet denne dagen.


Viss det draup frå kyrkjetaket (bildet utan samanlikning forøvrig...;)
denne dagen, var det østafjells teikn på tidleg vår.
Medan det nord om Trondheimsfjorden var teikn på sein vår.

På sørvestlandet var Kyndelsmess-dagen rekna som første vårdag.

Litt tilleggsinformasjon:


3. februar Blåsmesse, opprinneleg St. Blasius messe.
Markert med ein bøygd kvist.
Viss det bles hardt den dagen ville det bli vindfullt resten av året.
Sjøfolk og fiskarar måtte ikkje nemne dagen med namn.


5. februar Ågotmesse til minne om Sta. Agatha som
leid martyrdøden i år 251.
Unge jenter må ikkje børste håret denne dagen.
Markert med ei mus, også kalla "musedagen"
fordi ho skal ha bedd Gud om hjelp mot ein museinvasjon
og vart bønnhøyrd.


6. februar Dortemesse etter Dorothea frå Cæsarea
leid martyrdøden i år 304
Ho er hagedyrkarane sin skytshelgen.
På denne tida tok sjøfisket til.
Markert med ein kross på primstaven.


Såg første snøklokke igår sjøl om sola ikkje har vore her

Historietimen er over.
Internett er godt å ha. Eg har funne litt her
og litt der.

Det står att å sjå kor veret blir utover dagen,
no i morgontimane er det vindstilt og snø i lufta her hos oss.

Ynskjer alle ein god februardag !

Klem frå Anne-Mari











6 kommentarer:

  1. Jeg liker sånn som dette! De kjedet seg ikke før heller,de fant bare på andre ting. Her er været kaldt,men ikke vind. Jeg forsto det sånn at det ikke så bra ;-)
    Ha strålende fin 2.februar!

    SvarSlett
  2. Artig!! Vi skal ha svineribbe til middag idag, så nesten julemiddag. Men det var meir i anledning Frank sin 37-årsdag. Hadde gløymt at han var fødd på kyndelsmess..
    Lisjesyste

    SvarSlett
  3. Kjekt å lese, interessant med gamle tegn og merkedagar :-)

    Helsing Bente

    SvarSlett
  4. Å kor herleg det var å sjå eit vårteikn!! og i tillegg var det veldig interssant å lese om merkedagane!
    mvh
    NoraD

    SvarSlett
  5. Takk til dokke alle for koselege kommentarar ♥ ♥ ♥ ♥ ♥

    Eg set STOR pris på å få tilbakemeldingar !!

    Klem ☺

    SvarSlett
  6. Takk for historietimen. Her er det knallvær med - 15 i natt, nå på formiddagen er det 12.men ingen sønnavind så det blir vel dårlig torskefiske.Nordaavind er dårlig fiskever. Leif g

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)