søndag 19. februar 2012

Omnskråa

Har arva nokre gamle gjenstandar som
eg vil vise

Har samla dei rundt omnen på hytta.


I gamle dagar brukte dei open eldstad kalla
grue
der kunne dei mellom anna koke eller steike
maten sin i store jarngryter som hang i ein
skjæring
ei jernstong med mothakar og
eit gryteoppheng som kan førast opp og ned
i høveleg høgd over elden i grua


I taket var det ei opning i taket som vart kalla
ljore
(av forståelege grunnar har eg ikkje denne)

Jarngryte
og ei uvanleg stor spiseskei ;)


På nettet fann eg eit bilde frå Setesdalstunet
som viser grue, skjæring og gryte

 Dette er ei kòle
også kalla tranlampe.
Ein enkel "lampe" som dei brukte før
oljelampen.
Kòla var fyllt med lyse
og ein veik som låg i
Lyse var tran frå torskelever brukt
som olje i kòle.
Lyse vart blanda med tjøre og brukt til å smøre sko
og klede for å halde dei tette mot væte.


koksa
den store ausa med skaft var vanleg å
bruke som vassause. Den hang gjerne
på kanten av vassbytta eller på veggen.
Eg har diverre ikkje vassbytte :(

Kjelder: Bøkene til P.F.Waage og Per Sandanger

For meg er dette verdfulle eignalutar som
minner om ei anna tid der menneska hadde heilt
andre hjelpemiddel enn idag.
Tenkjer også på at me klagar over at tida ikkje strekk til
og me har tusen ting å gjere.
Iallfall er det meir lettvint og tidssparande å trykke på ein
knapp og få kokt og steikt den maten me treng.

Ynskjer god søndagskveld !

Klem frå Anne-Mari





12 kommentarer:

  1. Flott Anne Mari. Koksa va nok ikkje heilt Saniter etter dagens standar. Men brukte den gjorde vi heile familien

    SvarSlett
    Svar
    1. Me hadde nok same bakteriefloraen alle så det vart ikkje meir sjukdom då eller no trur eg.

      Kor kjekt å få kommentar frå deg, men kven er du tru ??

      Slett
  2. Så koselig du har dandert de gamle tingene. Vet du.. jeg tror de hadde sånne store spiseskjeer i gamle dager jeg. Har sett endel av dem. :-)

    God tur.

    Klem.

    SvarSlett
    Svar
    1. Kanskje dei var større i kjeften før.....

      Uff, no var eg visst stygg...,
      men dei gamle skeiene eg har i mi samling er enorme.

      Anne-Mari

      Slett
  3. Interessant! Eg er over middels interessert i gamle kokeløysingar. I sommar var vi på Lillehammer, De Sandvigske samlnger?. Der "studerte" eg alle løysingar,frå ljorar og framover. 60-talet er og blitt "historie"!
    Elles hugsar eg folk hadde vassause på gardane fram på 70-talet også.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg hugsar også vassausa, både i bøtte og seinare at den hang på veggen attmed vasken (den med blå gummi rundt kanten) ♥

      Slett
  4. Så koselige bilder! Viktig å ta vare på gamle ting! Jeg husker godt vannøser. Vi drakk av dem. Veldig hygienisk ;) Men vi vokste opp og var sjelden syke!

    SvarSlett
    Svar
    1. Velkoma heim frå sydens varme :)

      Vassauser var nok vanleg over heile landet.
      Me vart herda, det hadde same virkninga som vaksine ;))
      Fylle på med smittestoffet til ein dannar antistoff og blir immune,,,hahaha

      Slett
  5. Artig å se. Min far var en aktiv samler og auksjonarius på alle auksjoner her. Jeg er enebarn (stakkars) meg, så nå er alt det rare mitt. Jeg har et skap i stua der jeg har samlet alle småtingene jeg fant i skuffer og skap. Min kjære sier at vi bor i et museum. Vi bor i barndomshjemmet mitt!!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Heldige oss som har gamle ting i huset.
      Viss ikkje dei blir teke vare på vil ettertida
      gå glipp av viktig kunnskap om eit tid som var !

      Slett
  6. Så masse fint :) og med historie også!
    Likte den kassa til veden din veldig godt også eg ;)
    Her har sprayflaskene frå KEM vore framme i dag og laga vår inne ;)

    Ha ein fin fin dag Anne-Mari <3

    Klem

    SvarSlett
  7. ALLTID kjekke innlegg herfrå! :)

    Fine bilder.

    Takk for gode ord ♥

    Klem

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)