mandag 29. mai 2017

Lyser


er ordet i  
utfordringa til 
Gemsweekphotochallenge
denne veke

Ei eng av
Tusefryd lyser mot oss.


søndag 28. mai 2017

Epletre




"Tiden kommer

 

I et landskap, nytt og uten minner

står et epletre i blomst og skinner.

Epletreet dufter nyskapt sommer.

Her har tiden aldri vært. Den kommer."

 

Inger Hagerup






Det er ei glede å gå rundt
i hagen og nyte alt som blømer.










fredag 26. mai 2017

Tur til Trondheim


Eg fylgde Vigdis syster mi til 
St. Olavs Hospital i Trondheim 
der ho hadde ein operasjon i ei auge.

Medan ho var til behandling gjekk eg tur
til byen

Nidarosdomen


Idylliske gamle sjøhus


Det er fint i Trondheim.

Me tok ekspressbuss begge vegane.
Ein fin måte å reise på sjølv om det tok mange timar.
Det er sjeldan me har så lang tid til å
prate med kvarandre,
og me vart ikkje lens for samtaleemne....;)

Vel heime kom Vigdis med gåve fordi
eg fylgde henne.
eg vart glad for
 det flotte rosentreet 










onsdag 24. mai 2017

Kvit Rhododendron


er delikat og vakker der
den står med mange
gjestar.
Humlene kosar seg
og samlar pollen frå dei
opne blomane.

Massevis av humler jaga fram og tilbake,
men eg greide å 
fange berre denne eine i linsa.




Det er ei fantastisk tid no
 med alt som blømer i hagen.










tirsdag 23. mai 2017

Vakker kveldshimmel


Dette er mitt bidrag til 
utfordringa hos
Gemsweeklyphotochallenge
denne veke

Solnedgangen i går kveld

ca 22.30

Ro og harmoni 
ein halvtime før midnatt











torsdag 18. mai 2017

Vedlikehald


Enten ein har hus eller hytte 
trengst det vedlikehald av ulike ting.
Eigentleg kan ein alltid ha hendene fulle 
av slike sysler..

På hytta måtte terasseborda få oppfriskning no.
Då borda kom frå fabrikken Møretre 
her
var dei impregnerte 
og bada i ein spesiell treolje.
Men etter mange år i sol og regn
var tida inne.
Me nytta høvet nokre dagar veret var bra.

Ottar fjerna alt rusk og rask,
kosta og støvsuga

Han brukte ein god og grov rull som 
egna seg fint til å få den brune oljen godt
ned i rillene i borda

Flott resultat.
No held det nokre år til
neste gong.

Medan Ottar gjorde klart ute 

Nam  nam...

og 
Knekkebrød.

Då eg var ferdig inne hjelpte eg til med oljinga
på terassen. Eg brukte veslekosten og olja på dei trange
områda.

Me er svært glade for at arbeidet er gjort 
for denne gong :)







onsdag 17. mai 2017

Gratulere med dagen !


Flagget til topps i Tuå.

Raudt, kvitt og blått.


Eg lika desse orda eg fann på internett,
av ukjent skribent:

" Vi  har funnet fram bunadssølvet,
og heiset flagget til topps,
og vi marsjerer jublende langs veien
etter musikk fra et skolekorps
På denne dagen vil vi feire,
hvor heldige vi er som i dette landet bor,
på denne dagen vil vi inkludere alle,
både liten og stor"
God 17. mai til  alle !


mandag 15. mai 2017

Blå



er ordet denne veke
hos Gemsweeklyphotochallenge

I dag skal skal du få ein titt
 på samlinga vår med
blå keramikk av kunstnaren
Leif Heiberg Myrdam

I love it ♥









mandag 8. mai 2017

Kjensler


ordet
hos Gemsweeklyphotochallenge
denne veka

Det er ikkje så lett å finne bilde som 
viser kjensler,
dei ligg vel helst på innsida av kroppen... eller ?

I påska fann barneborna ein død fugl utanfor hytta.
Fuglen skulle sjølvsagt få ei grav.
Barna bestemte kvar den skulle vere 
og farfar grov hola

Enkel seremoni 

Litt seinare ville Ella Victoria, 4-år, bort til grava på nytt.
Ho studerte krossen av stein som dei hadde lagt der,
og var tydeleg prega av kjensler.
 Ho assosierte krossen med
Jesus som døydde på ein kross.
Barnehageborna hadde vore
i kyrkja og fått lære om
påskebodskapen.





lørdag 6. mai 2017

Bjørkedalsvatnet i morgonsol

Å køyre langsmed Bjørkedalsvatnet
i Volda kommune
er ei flott oppleving.


I går sende morgonsola strålane sine over 
det stille vatnet
og speglingane var nydelege.


 Eg blir aldri lei av synet som møter oss
når me kjem køyrande på veg til hytta.
Der er fint same kva
årstid det er.


God maihelg !





mandag 1. mai 2017

Styrke


er ordet 
i utfordringa til 
Gemsweeklyphotochallenge
denne veka

Her på garden er eit tjukt tau festa i
ei furu.
Mange har nytta sjangsen til å slenge seg 
fleire meter ut i lufta.

(Eg har henta bilde frå arkivet)
Det krevst sterke armar 
og ikkje minst mot til å slenge seg.

Her er barnebarnet Hans-Petter 
i langt svev høgt over bakken.

For ordens skuld,:
farmor hadde verken hatt
mot eller styrke 
til å ta dette spranget....