Viser innlegg med etiketten Arbeid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Arbeid. Vis alle innlegg

onsdag 21. august 2019

Sommarjobb


Kjekt å la barneborna få
sommarjobb hos besteforeldra.
Dei tre eldste vart hyra til å måle huset vårt.

 Jobben starta med rekkverket og
veggane på framsida.
Her er Celina Marie og Hans-Petter

Celina Marie og Benjamin 
samarbeidar godt.

 Litt moro må ein ha.

Kvelden var best å bruke når 
farfar og Benjamin skulle opp i høgda.
Men så kom knotten.....

Alle var nøgde då jobben var gjort,
ungdomane hadde tent seg feriepengar,
og besteforeldra var glade
for god hjelp.







lørdag 17. juni 2017

Attlege


Eg let meg fasinere over det store nysådde området
eg køyre forbi kvar dag, 
og tenkte at eg skal fylgje med kor lenge 
det går før det kjem gras.

Her vert dette kalla
Attlege
som står for nysådd mark som har namnet første slåtteåret

Slike kultiverte markstykke
vert gjerne kalla "attlege" i årevis ikkje
berre når den er ny.

Dei store kranene i bakgrunnen er
på Kleven Verft
15. mai og nysådd mark


12. juni 
og det er blitt ei grøn og
fin eng

Etter ein knapp måned  er enga
snart klar for førsteslått...
-----
Det som interessera meg aller mest
desse herlege junidagane er
Rhododendronane i hagen.
Det er berre så synd at dei 
blømer så kort tid.

God helg !






torsdag 18. mai 2017

Vedlikehald


Enten ein har hus eller hytte 
trengst det vedlikehald av ulike ting.
Eigentleg kan ein alltid ha hendene fulle 
av slike sysler..

På hytta måtte terasseborda få oppfriskning no.
Då borda kom frå fabrikken Møretre 
her
var dei impregnerte 
og bada i ein spesiell treolje.
Men etter mange år i sol og regn
var tida inne.
Me nytta høvet nokre dagar veret var bra.

Ottar fjerna alt rusk og rask,
kosta og støvsuga

Han brukte ein god og grov rull som 
egna seg fint til å få den brune oljen godt
ned i rillene i borda

Flott resultat.
No held det nokre år til
neste gong.

Medan Ottar gjorde klart ute 

Nam  nam...

og 
Knekkebrød.

Då eg var ferdig inne hjelpte eg til med oljinga
på terassen. Eg brukte veslekosten og olja på dei trange
områda.

Me er svært glade for at arbeidet er gjort 
for denne gong :)







torsdag 10. november 2016

Slipesteinen


Då eg var lita jente var ei av pliktene å
drage slipesteinen så bestefar
fekk slipe ljåen.
På det vesle småbruket var det
korkje hest eller traktor,
det vart nytta
handemakt til alt arbeidet
sommarstida.
I dag er min barndoms slipestein borte,
men på fjellgarden der mannen
min er fødd har onkelen hans
tatt vare på slipesteinen dei hadde der.


Det var ikkje lett å drage
 med jamn fart slik at ljåen
 vart kvass nok.

Lysta var ikkje alltid like stor,
men eg minnest det i dag
med glede.

Eg deler diktet til Jakob Sande:

SLIPESTEINEN
Mot sør i sola ved eldhusveggen,
der var vel heitt, san, ein sommarsdag,
og reint ein triveleg stad for kleggen, 
og fly og fluger av alle slag.
-
Og midt i surrande flugeflokkar
stod slipesteinen vår, traust og stor,
der rei han stødt på to digre stokkar,
og aksen gjekk i ein fleskesvor.
-
Her var det fyrst eg i verda kjende
kva livsens alvor i røynda er,
når sola steikte so ryggen brende,
og kleggen beit både her og der.
-
Ein framand vilje ved steinene rådde
som nådelaust meg i lekkjer la,
og heilt frå sveiva så vidt eg nådde
eg seint og tidleg laut steinen dra.
-
Her laut eg stå som ein ussel slave
med drengen over til oppsynsmann,
og ryggen krøkt som ein saueklave
og dra for matbiten alt eg vann.
-
På kant med livet på hevn eg grunda
og ynskte steinen for godt stod still,
og eingong kom ho, den store stunda,
og det, må vite, gjekk soleis til:
-
Ein diger klegg seg på steinen sette,
- han var vel mett, so han trengde fred.
Han sat so hoggande godt til rette
med sjølve storslegga like ved.
-
Og før eg sansa meg rett, eg treiv ho,
treiv sjølve storslegga, tung og stor,
og kvinande gjenom lufta dreiv ho
så steinen klovna, – men kleggen for.
-
Eg fekk nok lide for den umaken,
for sjølv om steinen gav legero,
eg vart så merkeleg sår i baken
at eg laut stå liksom steinen sto.
-
Ei vekes tid laut eg gå og vente,
så kom dei heim med ein spilder ny,
men det vart tap opp og tap i mente,
for han dei kom med var tung som bly.

Jakob Sande



søndag 1. november 2015

Arbeid med ved


Mannen min har saga ned 
tre bak huset,
furu, bjørk og rogn.
Han arbeida med ved nesten 
kvar dag, men tek fri 
søndag.

Veden skal kløyvast i passe store skier
og pakkast i sekkar.

Veden har varma to gongar...

Snart hundre sekkar skal
dekkast lett til og tørke.
Om eitt år eller to skal 
veden varme for tredje gong :)

Og eg ? kva gjorde eg ?
Eg gjorde slikt som ikkje vise igjen anna
enn når ein ikkje gjer det...

Men eg tok litt bilde i det fine veret,
her er utsikt frå kjøkenglaset.