Viser innlegg med etiketten klede. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten klede. Vis alle innlegg

lørdag 25. august 2018

Dus rosa genser


Ny Saragenser til  Leah Sofie



Ho kom rett frå Karatetrening og skulle hente den så
det forklarer antrekket ho har på under.

Genseren passa perfekt og ho var
godt fornøgd.

Leah Sofie lika godt dette garnet Faerytale frå du Store Alpakka
fordi det er så mjukt og ikkje klør i det heile tatt.
Eg strikka ein til henne i fjor i
Denne gongen var fargevalet enkelt for i fjor
hadde ho vanska med å bestemte seg for 
dus blå eller dus rosa... :)









fredag 29. desember 2017

Saragenser

Svigerdatter Renathe ønskte seg 
Saragenser i julegåve.
Ho ville ha raud genser.
Ho innvia den i går då ho reiste heim 
frå hytta til 
ekstraordinært kommunestyremøte i romjula.


Genseren er strikka i 
Faerytale frå Du Store Alpakka.
Opprskrift frå 

Mjuk og lett genser,
To av døtrene har fått før,






søndag 22. oktober 2017

Saragenser til Leah Sofie


Leah Sofie var 10 år 15. oktober.
I haustferien var ho og eg ein tur til "bya" Ålesund,
der kjøpte me litt klede som ho hadde lyst på.
Me avslutta med mat på Burger King.


Fargen på genseren ho bestemte seg for er
Dus blå.
Den vart ikkje ferdig til sjølve dagen,
men no er den tatt i bruk.


Saragenseren er strikka etter oppskrift frå
Garnet Faerytale frå Du store alpakka.
Fantastisk mjuk og delig å ha på.

Eg har strikka 







søndag 1. oktober 2017

Saragenser til Ella Victoria



Ho blir 5 år i november,
men genseren er ferdig og ho kan sjølvsagt 
ikkje vente så lenge med å få den.


Genseren er strikka i str. 6 år og
er nok litt stor, men ho sjølv
er godt fornøgd.

Saragenser etter oppskrift frå
Strikka med tråden 
Faerytale frå Du store alpakka.
Den er særdeles mjuk og delig å ha på.

I fjor haust strikka eg 








mandag 18. september 2017

Sunnmørsbunaden


Ja, korleis ser den ut ?
Ein kan ikkje berre gå inn på Husfliden og
 kjøpe tilfong til Sunnmørsbunaden.
Du får spørsmål om kvar for ein.
Eg trudde det var ei sjølfylgje...
Men, nei det er  heile 
6 kvinnebunadar frå Sunnmøre !

Eg har tatt bilde av sidene i
ei brosjyre frå Husfliden.

Den me kalla Sunnmørsbunaden er
Ørskogbunad ( nr. 2 frå venstre på bilde nr. 1)
også kalla Märthabunad fordi ein slik bunad
vart gitt til Kronprisesse Märtha i bryllaupsgåve i 1929
Og det skal seiast, det er den som er
den mest vanlege Sunnmørsbunaden

Her er konfirmanten Celina Marie 
med oldemor Judith, farfar Ottar og 
farmor Anne-Mari.
Svigermor Judith broderte min bunad
på 1980-talet.
Ein bunad er god å ha  
i mange høve der ein skal vere 
kledd til fest.
Og sjølvsagt bruka eg den 17. mai.

Visst eg skulle skaffe meg bunad i dag trur eg at eg
ville vurdere 
Søre Sunnmøre bunad,
(den heilt til høgre på siste bilde)
den høyre til på vår kant av Møre og Romsdal,
men var ikkje  vanleg den gongen
eg fekk min.















søndag 25. september 2016

Strikka hals

Mjuk og deilig
å bruke

Strikka i 
Sandnes silk mohair

Her vise den rette fargen.

Grissen, men varm..


Gratis oppskrift på halser hos:




torsdag 8. september 2016

Kofta


Svigermor strikka denne kofta 
til svigerfar på slutten av 1960 talet.
Ho hugsa ikkje namnet på mønsteret,
men trur den er strikka
i Per Gynt tråd.
Den er svært fint strikka !

No har svigerinne Sølvi kofta på hytta,
dels til pynt, men også
til nytte i kjølege kveldar.
Kanskje nokon veit namnet
på den ?






lørdag 3. september 2016

Saragenser


Eg fekk lyst til strikke meg ein genser.
og fann ei oppskrift eg likte.

Strikka i ein behageleg tråd,
Faerytale frå Du Store Alpakka
Eg lika godt fargen.

Oppskrift til 
Saragenseren kjøpte eg hos:


Den er lett og god å ha på seg, så eg trur
eg kjem til å bruke den mykje.






lørdag 9. juli 2016

Retro


I utstillingsvindauget til ein
gjenbruksbutikk såg eg
denne kjolen ein dag.
For meg som er blitt nokre år gammal var
det artig å sjå 1960-tals kjolen.
men den var eit par nr. for stor....

Lenger inn i butikken var dette antrekket
utstilt.
Fin bluse i bomull frå Rico Vero,
og festleg skjørt.
Artig halsband som passa.
Eg falt pladask, dette må eg ha...
Blusen prøvde eg, var redd den var for trang,
men den passa.
Skjørtet prøvde eg ikkje for eg fekk fortalt at det 
var omslagskjørt.

Vel heimattkoma var det
prøving før eg vaska plagga.
Skjørtet er ikkje omslagsskjørt og er for trangt i livet,
men kanskje eg får til å gjere noko med det.
Blusen er kjempefin og
kjem heilt sikkert til å bli brukt.
Halsbandet er ikkje heilt meg,
men det kvikka opp :)
Heile stasen kosta 149 kr.






onsdag 23. mars 2016

Sikksakkskjørt


Utruleg, men sant,
eg har strikka sikksakkskjørt.

Eg kom på litt seint at eg skulle lage
løpegang for strikk,
men det er heilt greitt at det blir høgt i livet.
Skjørtet er strikka i 
Drops Merino Extra Fine som i 
oppskrifta.

Eg var så nyfiken at eg måtte prøve det før eg 
hadde festa trådar.

Benjamin synest farmor var litt håplaus å ta bilde av,
men han gjorde sitt beste :)
Skjørtet er godt og varmt å ha på seg,
og eg lika fargen.
Det er kjøleg ei stund utover våren
så dette blir brukt !








torsdag 6. august 2015

Gamle klede

Eg lika å sjå på gamle klede
for å få eit innblikk i kva 
foreldre og besteforeldre
 brukte å ha på seg.

Kofta brukte far min
i  sine yngre dagar.

Den heimestrikka undertrøya brukte
bestefar min når han
rodde fiske
for nærare hundre år sidan.
På gardane var det vanleg  
 å karde og spinne ulla til
tråden dei skulle bruke.

Teppet, kalla "kvitel" i raudt og kvitt er 
heimevove og
var brukt som sengteppe
eller som dyne.





mandag 11. november 2013

Rullehua/FWSS-hua

strikka med to trådar
Drops Alpaca
vart veldig stor (etter mitt syn).
Eg tenkte å tove den sjøl om
det ikkje var planen i utgangspunktet.

Men så ein dag kom
Celina Marie på besøk,
og eg viste henne hua. 


Ho tok den på seg,
og sidan har ho brukt den nesten 
kvar dag siste halvåret.....
" Eg elskar denne hua
seier ho :) "
Og ho kler godt grønfargen.

Oppskrifta fann eg hos
Sidsels kreative hjørne

Det er kjekt når det ein lagar
blir sett pris på :)

Farmor




torsdag 7. november 2013

Fargane mine

Dei fargesprakande synsinntrykka om hausten
treff meg heilt og fullt.
Kanskje fordi eg føle meg vel i klede 
med desse fargane.


Den gode kjolen i ullbouclè skreiv eg om

Når eg skal vere fin har eg ofte på meg denne
toppen ( Save the Queen )
til mørkeblått skjørt.
Eit tidlaust antrekk som eg har
brukt i mange år.


Jakka i silke ( Renato Nucci ) brukar eg til både
skjørt og bukse, gjerne til toppen ovanfor,
alt etter kor pynta eg vil vere. 


Eg har ikkje stor garderobe, 
men når eg skal kjøpe finekle går eg ofte til
Kleda eg finn der er tidlause og
 eg kan ta dei fram igjen år etter år. 

Eg brukar sjølsagt kle i andre fargar òg,
men når eg kjem inn i ein butikk fær blikket raskt
til stativ med kle i oransje og brunt.
Har du favorittfargar ?


Anne-Mari