Viser innlegg med etiketten Natur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Natur. Vis alle innlegg

lørdag 9. november 2019

Teikn på haust, og vinter i vente


Pensjonistane har tid til ein
 liten tur i nærområdet.

Is og hastfargar passa godt i lag

  Lauva glitrar i sola.

 Rimfrost med solstrålar.

Ottar har samla naturmaterialer.




mandag 7. oktober 2019

Orange


I utfordringa hos Sanna
 denne veke er ordet
 Orange

Eg har alltid likt fargen oransje
og fell lett for den når eg ser stativ med 
klede i butikkane.
Eit innlegg om det finn du:


Dei to første bilda fann eg i arkivet.
Dei oransje støvlane såg eg utfor ein butikk i Danmark.
Bildet under er frå inngongspartiet vårt
heime.
Den oransje vasen fekk me i bryllaupsgåve
i 1970.


 Det er haustferie og me er i lag med
barnebarn på hytta.
Eg fann nokre oransje motiv her.

Rødrandkjuke frå eit gammalt tre,
og blåbærlyng.
Begge har oransje sjatteringar.


 I hyllene med spel, bøker og leiker 
er oransje ein av fargane.


 I spiskammerset er det godt forråd av matvarer !
Oransje pakningar av ulikt slag.
Me skal nok overleve nokre dagar
utan påfyll....


Oransje Tupperware til Taco.
Og sist, men ikkje minst
flasker med saft av appelsin/orange.







tirsdag 27. august 2019

Haustfargar i naturen




" Hvor vakkert bladene eldes. 
Så fulle av lys og farge er deres siste dager "


 Me er snart på veg inn i ei ny 
årstid.
Eg lika godt fargane den tek med seg.

Men temperaturen ligg mellom
15 og 20 grader
så eg trur ikkje på haust enno.





mandag 24. juni 2019

Gammal bru


Ordet Gammal
er utfordringa hos Sanna denne veke.

 Sommarstida køyre me av og til 
ein gammal verna postveg frå Bjørkedalen 
til Harpefossen der me har hytte.



Langedalsbroe 
 den gamle brua over elva
er truleg frå 1819.


Frå aust ser brua slik ut.


Her er brua sett frå andre sida.

 Det ligg mykje kløkt og hardt arbeid i å bygge
ei slik bru.
I gamle dagar hadde dei ikkje mykje anna å hjelpe seg med
enn rå handkraft.










søndag 26. mai 2019

Frå nedtur til opptur


Hugsa du at eg skreiv at eg skulle til Dublin
og feire 17 mai der ?
Ulstein mannskor med damer,
36 personar
skulle reise med fly frå Ålesund lufthamn/Vigra
16. mai tidleg om morgonen.

Men veret var slik då me starta heimanfrå
og frykta for at tåka/skodda var så tjukk at 
fly ikkje kunne lande og lette til rett tid
slo til.
Omsider kom flyet og tok oss til Gardermoen Oslo,
men for seint til å nå flyet til Dublin.
Ingen fly hadde ledig plass verken 16. eller 17. mai.
Me måtte gjere vendereis til Vigra og
 var heime seint på ettermiddag.
Alle var skuffa.
Me hadde ikkje lyst å vere heime, så
me snudde oss rundt og køyrde til hytta.

17. mai var det strålande ver og me gjekk 
 tur til Naustdalskamben,
eit fjell der me har fin utsikt til
fjord og fjell.
Frå Nordfjordeid høyrde me hornmusikk og såg flagga vaie.

Me feira dagen med kaffi og knekkebrød på terassen til
Dagsturhytta 475 m over havet.



Hytta med mange kanter er mitt bidrag i utfordringa hos Sanna
der ordet denne veke er
Kantig - Edge






torsdag 27. desember 2018

Spegla



Avspeglat
er årets siste ord i utfordringa hos
Sanna.

Ein romjulskveld med spegling i stoveglaset.

Natur på sitt finaste i grannelaget.
(Klikk å bildet)


Eg ynskjer deg gode romjulsdagar.

Og tusen takk til Sanna som gir oss desse
flotte utfordringane.









tirsdag 20. november 2018

" Aften rød "


Etter ein nydeleg klar og kald dag
takkar sola for seg.


Eg vona at dette ordtaket ikkje stemmer.

 «Aften rød gjør morgen bløt». 
Det betyr at en kveld med rød himmel, 
ofte bringer med seg regn neste morgen.







søndag 28. oktober 2018

Postvegen i oktober

Me har køyrt
Postvegen til hytta for siste gong dette året.
Litt vemodig at året
nærmar seg slutten,
men dei vakre inntrykka på vegen
jagar vemodet vekk.











Takk for at du ville nyte haustfargane
i lag med meg.

Utdrag frå

Årets tider :

Nå er høsten her
og høsten er en liten gul mann
som kommer ut av skogen
med kofferten sin og plukker lauvet ned av
trærne og tar med seg blomsterstilkene og mange
av fuglene, og så maler han himmelen
grå og mørk, og lager triste søledammer i veiene.
Arild Nyquist







torsdag 11. oktober 2018

Haust i fjella


Haustfargane i naturen er noko av det finaste eg ser.
Eg har ein tendens til å "falle i stavar"
over slike synsinntrykk.












Hvor vakkert bladene eldes. 
Så fulle av lys og farge er deres siste dager.





lørdag 6. oktober 2018

Lav og stein

Når ein ser godt etter i naturen finst det mykje
fint i bittesmå størrelsar.


 Eg trur dette er 
Rødbegerlav
Det var den vesle raude hatten som 
fanga blikket mitt.



Ynskjer deg fine oktoberdagar.




torsdag 4. oktober 2018

Trollhatt


Eit lokalt dialektord for runde sopper
er

"trollhatt"

Denne soppen var like ved vegen
på ein fjellgard der me gjekk tur.
Eg er ingen kjenner og aner ikkje kva dette
er for slags sopp, kanskje er den giftig også, 
men den var så dekorativ at eg måtte ta bilde av den.

Denne hausten er det store mengder sopp av forskjelleg slag
i plenen og elles i hagen, 
kanskje fordi det har vore spesielt mykje regn ?







onsdag 26. september 2018

Naturen


Etter mykje regn i lang tid
har det dukka opp masse sopp i hagen.


Dei ulike artane 
prestekrage, sopp, trevirke, stein og gras
gir eit flott inntrykk,
fine på kvar sin måte.


Naturen er den beste kunstnaren.






mandag 10. september 2018

Sverm

Ordet hos Sanna denne veke er

Vimmel

Synonymer er f. eks.:
forstyrret masse, rot, trengsel, sværm 

Den vesle videoen av 
rumpetroll som vrimler
er mitt bidrag.

Natur
rundt hytta i mai.


Frå rumpetroll til
vaksen frosk.



Gemsweeklyphotochallenge v. 37 - Vimmel -








fredag 31. august 2018

Fin tur til hytta.


Det er finast å køyre til hytta i Nordfjord
 om morgonen.
Og ekstra fint er det når sola skin
og vinden kviler.


 Kilsfjorden i Volda kommune er 
vakker.
Spegling i vatnet,


 autovern langs vegen 
 minner om perler på ei snor...


Bjørkedalsvatnet har eg vist mange bilde frå,
det er berre fantastisk å 
nyte synet av fine speglingar.
Vil du sjå fleire innlegg kan du
søke på Bjørkedalsvatnet i søkefeltet øverst oppe på høgre side.




Me køyrde den Trondhjemske postveg over Brekka 
frå Bjørkedalen til Harpefossen der me har hytte.
Det er ei oppleving å ferdast her.


Mange stopp på ein slik tur,
bra me er pensjonistar med god tid.
Utearbeid rundt hytta står på planen denne helga 
så me er heldige med veret.

God helg !





mandag 13. august 2018

Mjuk


Denne veke er
Mjuk
ordet i utfordringa til Sanna.

I det fine veret i kveld tok eg ei lita runde
i nærmiljøet på jakt etter
mjuke motiv.

Eg fann mjukt gras
og mjuk makkefjøre.

Fløyelsmjukt vatn
Perfekt til spegling.

Mjuke strå som vaia lett med
utsikt til heimen min.

I stova venta strikketyet mitt,
genser det mjuke garnet Faerytale.