Viser innlegg med etiketten hytte. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hytte. Vis alle innlegg

søndag 26. mai 2019

Frå nedtur til opptur


Hugsa du at eg skreiv at eg skulle til Dublin
og feire 17 mai der ?
Ulstein mannskor med damer,
36 personar
skulle reise med fly frå Ålesund lufthamn/Vigra
16. mai tidleg om morgonen.

Men veret var slik då me starta heimanfrå
og frykta for at tåka/skodda var så tjukk at 
fly ikkje kunne lande og lette til rett tid
slo til.
Omsider kom flyet og tok oss til Gardermoen Oslo,
men for seint til å nå flyet til Dublin.
Ingen fly hadde ledig plass verken 16. eller 17. mai.
Me måtte gjere vendereis til Vigra og
 var heime seint på ettermiddag.
Alle var skuffa.
Me hadde ikkje lyst å vere heime, så
me snudde oss rundt og køyrde til hytta.

17. mai var det strålande ver og me gjekk 
 tur til Naustdalskamben,
eit fjell der me har fin utsikt til
fjord og fjell.
Frå Nordfjordeid høyrde me hornmusikk og såg flagga vaie.

Me feira dagen med kaffi og knekkebrød på terassen til
Dagsturhytta 475 m over havet.



Hytta med mange kanter er mitt bidrag i utfordringa hos Sanna
der ordet denne veke er
Kantig - Edge






søndag 7. oktober 2018

Vekt

Ordet hos Sanna denne veka er:
Vikt
eller vekt på norsk

Eg vil bruke eit tidlegare innlegg
her i bloggen til denne
utfordringa.
----------

Bismaren er ei vekt som (er) har vore mykje brukt, kanskje
særleg på gardar.


Ein held, eller heng opp bismaren. Festar det
ein vil vege i kroken.
På stanga er det små hakk for kvart kg, f. eks. 1 til 10 kg.
Ein flyttar loddet til stanga heng vassrett, då har ein
vekta på gjenstanden.

I barndomsheimen min var bismaren mykje brukt f.eks. 
til å vege fiskefangsten,
  eller til slakt.

Denne bismaren er liten, men den er av den typen som ein kan snu, 
då kan ein vege frå 1 til 10 kg på eine sida,
og frå 11 til 20 kg på andre sida.


                                             Hos oss blir den brukt til pynt.


Eg syns den passar fint i hyttekjøkenet.
Her er den i godt lag med pyntehandduken og benkeduken av 
kjøkensettet som mor mi broderte før ho gifta seg i 1946.
        

                           
  Gryteklutane frå Lappelina er som små måleri.


For ikkje så veldig lenge sidan var denne vekta i dagleg bruk.
I dag står den til pynt.



Her er den lettvinte digitale vekta
eg brukar idag :)

Sjå fleire innlegg om vekt her:



Eg ynskjer deg fine oktoberdagar !

klem frå Anne-Mari