Viser innlegg med etiketten Bryllaup. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bryllaup. Vis alle innlegg

søndag 19. juni 2016

Bryllaup


I helga var me i bryllaup til
ei av tvillingjentene me er onkel og tante til,
og fadder på.
Christina gifte seg med sin kjære Tor-Even
i Hareid kyrkje

Far Terje førte bruda fram til
mannen som venta

Tvillingsyster Malin las
teksta for dagen

Flott par,
rette ektefolk ♥

Eg fall for den 
fine tatoveringa i ryggen.
(hadde eg berre vore yngre skulle eg fått meg 
ei tatovering.....)

Tusen takk 
Christina og Tor-Even for at me
fekk feire den store dagen
i lag med dykk.











tirsdag 5. april 2016

Tett mellom husa på Røros



Omvisning i spennande
Røros
då me var der i bryllaup i fjor
på denne tida.
Det er tett mellom husa.






søndag 29. mars 2015

Ektefolk


Det var ei stor oppleving og glede å få
vere gjest i bryllaupet til
 Eirik og Renate
laurdag 28. mars

Dei vart vigde i vakre
Røros kirke. 

Rette ektefolk.

Bryllaupsfesten var i 
Bergstaden hotell.
Her ser du ein liten del av kakebordet
som var svært innhaldsrikt 
som vanleg der ein 
flokk sunnmøringar er samla.

Heile helga har vore fantastisk med mange 
opplevingar,
kanskje skal eg skrive meir om dette seinare.
I kveld er eg trøytt etter 
sju timar i bil heimatt.

Tusen hjarteleg takk til brudeparet
for ei fantastisk helg !
Helsing
 tante og onkel.

Linkar innlegget til

God påske frå Anne-Mari




tirsdag 13. januar 2015

Innbydelse



til bryllaup
er ikkje kvardagskost.

Me vart stolte og glade over at 
me skal få vere gjesta i 
bryllaupet når 
Eirik som me er tante og onkel til
skal vie seg til
si kjære Renate.






I den kreative og flotte mappa står kort med 
informasjon om alt som skal gå føre seg
heile helga.
Bryllaupet skal vere på Røros. 
Vigsle i  Røros kirke.
Dei fleste gjestane kal bu
 på hotellet der bryllaupsfesten skal vere.

Me gle oss til bryllaup.

Tusen takk Renate og Eirik.
Klem frå tante.