Viser innlegg med etiketten Vår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vår. Vis alle innlegg

mandag 6. mai 2019

Rød


Röd
er ordet hos Sanna denne veke.
I mi dialekt seier me raud.

Den eine dagen lyser dei flotte raude
 Rhododendronane mot meg.


Neste dag er dei dekte av mange centimeter 
våt og tung snø.


Det er ikkje uvanleg med snø
i mai her hos oss.

Raudruss har me også i år.
Benjamin, første barnebarnet vårt.


Gemsweeklyphotochallenge v. 19 - Röd -





fredag 26. april 2019

Frukttreblomster



Eit plommetre med vakre blomster.


Dette gamle plommetreet
  gir oss mengder av plommer kvart år.


Jamie bryr seg lite om vakre blomster.
Han vil leike !







tirsdag 12. mars 2019

Mars


Det var en av disse dagene i mars, 
når solen skinner varmt og vinden blåser kaldt - 
når det er sommer i lyset, og vinter i skyggen.

Snøen kjem fleire gongar i mars,
men løkplantene bryr seg ikkje om det. 


Eg går ofte den korte vegen ned til sjøen
og nyt lyset og fargane.


I går 11. mars

Sola går ned, det er kveld.




søndag 24. februar 2019

Primstaven og vårblomane

I Sanna si utfordring i veke 9
er ordet Vis,
(way, wise)
Då tenkje eg å vise blomane i hagen
akkurat no,
og at primstaven kanskje kan forklare
den varme lufta som påvirkar blomane.. 

Eg har skrive om Primstaven fleire gongar her i bloggen.
(du kan søke i feltet til høgre om du
er interessert)
Svigerfar Hans har laga to Primstavar til oss,
 ein til hytta og ein heime.




22. februar - Persok
St Peter kasta denne dagen ein varm stein på isen
slik at den skulle begynne å tine og vinteren skulle sleppe taket.
Merket på primstaven er ein stein.

Kanskje det er varmen frå steinen 
til St Peter
som får vårblomstrane i hagen til å opne seg
i desse dagar :)
way, wise





Det må også seiast at temperaturen har vore 
opp i mot 15 grader siste veka...
Ikkje rart både blomster og mennesker 
får vårfornemmelsar.






søndag 20. mai 2018

Blomar i naturen


På mine turar i naturen siste dagane 
har eg gleda meg over dei
vakre blomane.

Skogfiol

Bekkeblom

 Løvetann
eller Kapplau som eg seier

 Kvitveis

Engkarse


Eg ynskjer deg fine maidagar vidare !







tirsdag 15. mai 2018

Njutbar


Ordet i utfordringa til Sanna denne veke er
Njutbar,
det finst mange synonym, men eg
likar å tru at det tyder å nyte, enten synet av -,
eller smaken av noko.

Desse fine maidagane er det mangt å nyte,
blant anna blomane i hagen.


Narcisser som villeg blomstrar kvar vår.




Dei tidlege Rhododendronane får meg nesten til
å miste pusten.
Dei er nydelege.
Den største på bildet over er over 30 år gammal
og er flytta fleire gongar.
Den er som ein familiemedlem :)


Og no i kveld rett før eg skal legge meg ser eg sola gå ned
over skodda og disen i horisonten.
Det er verkeleg njutbart :)


Sjå fleire njutbare bilde her:








onsdag 9. mai 2018

Sommarkveld

I går hadde me første sommardagen med 
over 23 grader i lufta.
Fantastisk.


Tulipanen ga alt.


Kvelden var vakker.


20 grader kl 22.


ikkje lett å legge seg med slike
fargar på netthinna.






fredag 4. mai 2018

Vårblomster


Ei lita runde i hagen viser
at mykje har skjedd siste veka,
fine dagar og kalde netter har ført til
grønt gras i plenen, nokre 
løkblomster og
primula er i blomst.

 Narcissus tazetta.


 Her ved storesteinen blir det fint når narsissene opnar seg for fullt.
Seinare kjem pinseliljene som no berre har blad.


 Primula med  
ulike fargesjatteringar.



Velkommen vår !





lørdag 21. april 2018

Vår i full fart


På Harpefossen der me har hytte har
det vore store snømengder heilt til siste veke.
For 3-4 dagar sidan gjorde varmegradene og vinden
kort prosess med mestparten av snøen.

På ein kort tur i nærområdet i dag
fekk eg mange overraskingar.

Kvitveis blømer,
og jammen er her andre
grøne blad også.

Hestehoven kjem rett opp av grus og stein,

Selja er langt komen.
Visste du at seljebarken inneheld salisylsyre og har i
 tusener av år vore brukt som febernedsettande, og
smertestillande ?
I dag blir acetylsalisylsyre framstilt syntetisk og me
kjenner dei som f.eks  Dispril og Globoid.
Kanskje kan me tygge på ei seljegrein visst haudeverken
melder seg når me er på tur i naturen..

Eg måtte plukke med meg nokre
kvitveis tilbake til hytta.

Den vesle mugga har plass til akkurat 
så mange kvitveis.

Eg ynskjer deg fine vårdagar framover.









tirsdag 10. april 2018

Fin aprilkveld

Då eg kom heimatt frå strikkekafé i går kveld
måtte eg berre stoppe og nyte og ta bilde
av den fine solnedgangen.
April bruka ofte å ha dei vakraste kveldane.

Sjøhuset

 Båt som er fanga i speglinga

Ein time seinare var utsikta frå
kjøkenglaset slik.

Grågåsa er på plass.
Dei synest visst at eg vart litt nærgåanede
og rømde unna.

Eg gler meg til mange fine kveldar framover.
Det blir nesten som ein lidenskap.




lørdag 6. mai 2017

Bjørkedalsvatnet i morgonsol

Å køyre langsmed Bjørkedalsvatnet
i Volda kommune
er ei flott oppleving.


I går sende morgonsola strålane sine over 
det stille vatnet
og speglingane var nydelege.


 Eg blir aldri lei av synet som møter oss
når me kjem køyrande på veg til hytta.
Der er fint same kva
årstid det er.


God maihelg !





søndag 30. april 2017

Fin tur


I dag hadde me planlagt ein
tur i lag med 
yngstesonen og familien hans.
I Herøy kommune der dei bur er det laga 
flotte turstiar i fjellet.
I dette fjellet gjekk eg ofte med elevane mine
då eg var lærar i vidaregåande skule.

Turen er mitt bidrag i 
Blogger Sunday Walk våren 2017

Frua sjølv
med utsikt over Fosnavåg og Nerlandsøya

Resten av bilda har eg tatt sjølv
Mannen min og sonen

Frå turstien over Tverrfjellet
 ser Leonardo  mot 
 Eggesbønes og Moltustranda

Emilie og Hans-Petter  

Leonardo har lyst til å springe i lag
med dei gjennom skogen

Nista smakte etter fjellturen

Me avslutta dagen i Herøy med å heie på
barnebarnet Benjamin som sto i mål for 
Spjelkavik G19 i kamp mot Bergsøy.

Ein innhaldsrik og vellukka dag i strålande ver
er over.

I morgå er det 1. mai

Gratulere med dagen !