Viser innlegg med etiketten Tuå. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tuå. Vis alle innlegg

onsdag 21. august 2019

Sommarjobb


Kjekt å la barneborna få
sommarjobb hos besteforeldra.
Dei tre eldste vart hyra til å måle huset vårt.

 Jobben starta med rekkverket og
veggane på framsida.
Her er Celina Marie og Hans-Petter

Celina Marie og Benjamin 
samarbeidar godt.

 Litt moro må ein ha.

Kvelden var best å bruke når 
farfar og Benjamin skulle opp i høgda.
Men så kom knotten.....

Alle var nøgde då jobben var gjort,
ungdomane hadde tent seg feriepengar,
og besteforeldra var glade
for god hjelp.







søndag 21. juli 2019

Sommarblomster

Blomma
er ordet i utfordringa hos 
Sanna denne veke.


Ei lita runde der eg bur fekk meg 
til å stoppe opp
og nyte synet av nydelege blomster.

 Det er rik blomstring langsmed vegkanten
denne sommaren.

 Eg høyrde nokon seie at det er så frodig i år
fordi sommaren i fjor var så tørr.

Ekstra frisk raudkløver i graset.

Blomstrane i fjøra er også flotte.




fredag 12. juli 2019

Bessie for siste gong


Bessie vart 13 år og mett av dagar.

Eg har skrive innlegg om henne her i bloggen
mange gongar.
Du kan klikke på Bessie under Etiketter,
eller skrive Bessie i søkefeltet over til høgre.

Ho var ein trufast venn for 
 meg og alle her i Tuå.
Godlynt og folkekjær,
ein fantastisk hund.

Me vil sakne henne.

Me har heldigvis to yngre hundar i familien å vere i lag med.

Leonardo
(som eg er farmor til :)
Klikk på namnet hans i Etiketter eller
søkefeltet over til høgre 
så finn du mange innlegg om han.


Jamie
(som eg er tante til :)


"Lykken er en snill hund"
Charles M. Schulz
(Knøttenes far)






fredag 26. april 2019

Frukttreblomster



Eit plommetre med vakre blomster.


Dette gamle plommetreet
  gir oss mengder av plommer kvart år.


Jamie bryr seg lite om vakre blomster.
Han vil leike !







torsdag 4. april 2019

Ein nydeleg dag og kveld


Etter ein tur på kyrkjegarden og planting på graver
gjekk me ein tur langsmed stranda i nærleiken. 
Der rullar bylgjer frå storhavet mot land.


Dei vakre steinane er polerte av sjøen
og er eit fantastisk syn.


Nesten rart at dei får ligge i fred.

 Det låg an til ei flott avslutning på kvelden
her me bur i Tuå.


 Nokre minutt etter var himmel og sjø farga raude.
Måkene ligg nyt livet,
og ein båt er på veg inn i solstrålane.
(klikk på bilda så ser du betre)


Fuglane har flytta seg og båten er komen vel gjennom
stråleglansen.


Bylgjene etter båten er i ferd med å legge seg,
Idyllen er eit faktum.

Dagen var fantastisk,
spaserturen i fjøra nær sentrum
av Ulsteinvik,
og til slutt opplevinga av å bu på 
verdens beste plass.




tirsdag 12. mars 2019

Mars


Det var en av disse dagene i mars, 
når solen skinner varmt og vinden blåser kaldt - 
når det er sommer i lyset, og vinter i skyggen.

Snøen kjem fleire gongar i mars,
men løkplantene bryr seg ikkje om det. 


Eg går ofte den korte vegen ned til sjøen
og nyt lyset og fargane.


I går 11. mars

Sola går ned, det er kveld.




søndag 3. juni 2018

Rhododendronblomstring i hagen


Eg kjenner lukke når eg spasera i hagen
og nyt synet av blomstringa
til Rhododendronane.

Nokre av dei er gamle,
foreldra mine planta fleire av dei for mange mange år sidan.
Den gamle hagen og vår heng i hop.







Eg hugsar ikkje namna på alle,
men denne er
Rhododendron Fantastica
som eg har skrive om før.

 Denne sto i mange år utan å blomstre, 
men siste åra har den hatt vakre blomster.
Rette fargen er vanskeleg å få fram på bilde.


Mange ser like ut, men eg trur ikkje
dei har same namn.

Denne er to år og blomstrar for første gong.
Sart og lekker.

I dag er det søndag, 
finever framleis.
Denne helga har me dei tre jentene
på overnatting.
Snart skal me på fotballkamp,
Leah Sofie skal spele.
Kjekt !









onsdag 9. mai 2018

Sommarkveld

I går hadde me første sommardagen med 
over 23 grader i lufta.
Fantastisk.


Tulipanen ga alt.


Kvelden var vakker.


20 grader kl 22.


ikkje lett å legge seg med slike
fargar på netthinna.






søndag 25. mars 2018

Krokus


Palmesøndag og vårleg i lufta her i Tuå.
Sola varmar og ei runde
 i hagen viser 
krokus i blomst.

Lunt under klatrehortensiaen.

I plenen er det ikkje like lunt,
men krokusen tittar opp.

Påskeferien blir på hytta,
og der er det framleis store snømengder
og lenge til vår.

God påske !





tirsdag 6. mars 2018

Frukt i fjøra

Denne veke er utfordringa ho Sanna
ordet: Frukt


Det kan vel diskuterast om tang og tare
er frukt eller grønsak,
men eg tek sjangsen på at det er 
frukt.
Eg må innrømme at eg ikkje bruka tang i maten,
men har høyrt at det blir
god suppe kokt på tang, kanskje eg skulle
prøve ein gong ?


Eg bur nær sjøen og har alltid likt
å vandre i fjøra.
Den gode lukta av tang og tare blanda med
salt og frisk luft gjer 
ein fjøretur til ei god oppleving.


Tang og tare er fleirårige brunalger.
Tang er mest vanleg i fjøra medan 
tare veks djupare.
Den eg vise her er truleg blæretang.
Det er kjekt å knipe på blærene og få dei
til å sprekke.


Etter ein fjøretur er skuldrane senka og
pulsen lav.

Sjå kva andre har skrive om frukt






tirsdag 10. oktober 2017

Høgt


Hos Gemsweeklyphotochallenge er
ordet denne veka
Høgt

I dag var det betongarbeid
ved sjøen her eg bur.
Den lange arma på 
betongpumpebilen raga høgt i vëret.

No har eg gått ei runde og kika og ser at det
er småbåthamna som
er støypt.
Kanskje hugsa lesarane mine at eg skreiv om 

Etter ein heller grå dag vart
det ein fin kveld.
Sola skin høgt over skyene.










tirsdag 22. august 2017

Tuebuda


Bestefar Lars Breivik bygde sjøbuda
tidleg på 1930 talet.
I 1952 selde han den til handelsmann Hans Dimmestøl
som dreiv tilvirkning av fisk og sild der.
Eg hugsa godt at eg som lita jente såg på
mor mi og dei andre kvinnene som 
la sild på ein sirleg måte
i tønner.

Tuå sett frå sjøen.
Tuebuda til venstre.
Naustet og sjøhuset til høgre 
har dokke ofte sett på bilda mine.
I tunet er huset vårt øvst på midten, bak huset til
bror min. Barndomsheimen min er 
til høgre.
Husa bak til høgre er byggefeltet Skjerva
på andre sida av hovudvegen.

Siste åra har den sett slik ut.
I vinterstormane har me vore redde for å få
bølgeblekkplater og andre materialer 
fykande gjennom lufta.

Eg har likt godt å ta bilde av den.
Tuebuda hadde sin sjarm heilt
til det siste.

Ein augustdag i 2017 var tida komen


og den underkasta seg maskiners verk.

I dag er utsikta endra,
ein kan sjå til Ulsteinvik og
heilt til Roppehornet på Flø.

På tomta etter den gamle Tuebuda 
vil det snart kome opp fleire flotte naust.

Ein ny tidbolk er på gong.