Viser innlegg med etiketten hermetisering. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hermetisering. Vis alle innlegg

tirsdag 6. september 2016

Haustteikn


Hermetisering av plommer
er i gong.

Vinden trua med å rive frukta
ned frå trea
så det er berre å "brette opp ermene"
og stå på !






søndag 7. september 2014

Hermetisering

av plommer.
Det gamle treet som me trudde
hadde pensjonert seg bar nokre plommer dette året òg.
Dei gule plommene er ekstra gode hermetisert.
Og i store plommeår har eg i tillegg brukt å lage saft av dei,
den er barnebarna svært glad i.


Mor mi hermetiserte på rett måte med å legge plommene
i glas, sukkerlake over og koke/trekke glasa i ei
stor panne med vatn til dei var ferdig
møre.

Eg brukar framgangsmåten til ei gamal tante,
som er enklare og greiare.
Kokar sukkerlake av 1 liter vatn og 1 kg sukker,
let plommene trekke ein augneblink i vatn før
eg tek dei opp med holsleiv og legg dei i det
 varme sterile glaset.
Auser sukkerlake over til glaset er fullt,
set på lok og snur glaset opp ned.
Sterilt og hermetisert !

Eg har funne ut at det er mest praktisk å
bruke små glas. Kan heller opne eitt til dersom det trengs.

Bon appètit.

Anne-Mari