Kvardagen her i huset er annleis enn vanleg.
Frå å vere berre oss to gamle
er me no 5-6 personar
i 10 dagar.
Barneborna skaper liv og røre
i heimen.
Tidlege morgoner med frukost og køyring til
barnehage, barneskule og ungdomsskule
går fint.
Heldigvis har dei oversikt på aktivitetane sine sjølve.
Korpsøving, fotballtrening, karatetrening, skeisedag på isen
bading, bursdagsselskap, påskevandring i kyrkja ...
Ei stakkars farmor blir litt surrete og får kommentarar
som " du har spurt 4 gongar "...:)
Leksene passar dei på sjølve.
Farmor prøver å lage mat som dei likar,
speltbollar (dei er ikkje glad i frø..)
middager som brennsnut,
laks med gulrot og cremefraichesaus, og
tomatsuppe med makaroni, grillpølse og reven ost
er sikre vinnarar.
Vidare må iallfall taco stå på menyen,
så får me sjå..
På isen prøver farfar å instruere Leah Sofie som
du ser bakarst.
Etter ei kuldeperiode i lang tid er det kjekt
at skulen kan ta med elevane på
Kjerringnesvatnet så dei får prøve å gå på skeiser.
Dei hadde med pølser og anna til grilling
og kosa seg i det fine veret.
Det er fleire dagar att av barneborna sitt besøk,
me har funne ei rytme, farmor har vore på sine faste
timar seniortrim, farfar får unna
songøving og kommunale møter.
Me synest det er kjekt å kunne bidra til at
foreldra får ei kjærkomen ferie i varmare strøk.