fredag 28. juni 2013

Rhododendron

Her er mange ulike sortar Rhododendron.
Mange er ferdig med blomstringa.
Men denne er i full flor
akkurat no.

 Eg veit ikkje namnet på den.

For ti dagar sidan såg første
rosa slik ut.

 I dag er rosene ein tanke lysare når planta
er i full blomstring.

Eg syns den er svært vakker,
roseblada ser nesten ut som supertynt papir.

Er det nokon som kjenner namnet ?

God helg !

Helsing Anne-Mari

onsdag 26. juni 2013

Høgåsen

Første gong på Høgåsen i år.
Eigentleg ei skam å ikkje gå dit oftare.
Det er berre å ta på sko i gangen
og gå.
Må vedgå at det var litt nedslåande å 
kjenne på forma, men det er 
 ein liten " feittbrennar " rett opp.

Høgåsen 240 m over havet

Trettenåringen og Bessie gler seg over
utsikta til Ulsteinvik

 Her ser me heimatt nede til høgre.
No forstår dokke sikkert kvifor eg viser så ofte 
bilde frå solnedgangane.

Eg seier til meg sjøl at no må eg bli
flinkare å gå på Høgåsen.
Det er ein ypparleg måte å kome i
betre form på... rett utfor stovedøra, 
 og gratis !

Eg linkar innlegget til 
Himmelsk #143 

Ynskjer deg fine sommardagar !

Anne-Mari



tirsdag 25. juni 2013

Azalea

I det utstadige vêret som
er desse junidagane, 
er det godt å kvile augene
på vakre blomster.

Som dei fleste veit er eg svak for fargen oransje.
Denne azaleabusken er berre to tre år gamal og
ikkje så stor enno.
Den sarte fargen er nydeleg.
Denne har foreldra mine planta.
Den gamle planta er

eit flott blikkfang for
alle som kjem inn i tunet vårt.


Takk for alle fine helsingane til bryllaupsdagen 
til svigerforeldra mine.

Anne-Mari

lørdag 22. juni 2013

67 års bryllaupsdag


Foreldra til mannen min
Judith og Hans 
har 
bryllaupsdag 22. juni.
Gift i 67 år !
Dei begynte å vere i lag i
mai 1944.

Tidlegare innlegg om dei finn du her:

I dag bur dei i omsorgsbustad.
Hans, snart 92 år slit med svekka helse fysisk.
Hovudet er heilt klart.
Judith 85 år, har også sine plager, men
med sin muntre replikk og lyse sinnelag er ho til
stor hjelp og støtte for mannen sin.

Det er ei artig historie om avstand i alder mellom dei.
Då Hans 23 år, kom til fjellgarden og vitja Judith som då
nærma seg 17 år, sa mor hennar til han.
" kva du vil med tausungen ? "
han svara at
" det veks ho nok av seg ..."
I dag er det ei glede at ho er såpass
yngre og kan hjelpe han.

Bryllaupet vart feira på fjellgarden der Judith 
var i frå, med over 70 gjestar.
Bryllaupsmiddagen var 
fiskepudding med fløytesaus til forrett.
"sosakjøt" i store mengder til hovudrett, og
sviskedessert med fløytemjølk til slutt.
I det vesle huset gjekk måltidet på omgang,
dei vaksne åt først, ungdomane og barna til sist.
Jenter frå bygda serverte.
Judith trefte ei av desse forrige veke.
Ho er 95 år og hugsa godt midtsommarbryllaupet.

Til kaffi hadde dei småkaker og kveitekringle.
bløtkake var der også.
Kveldsmaten var brødskive med pålegg.

Eg gratulerer hjarteleg svigerforeldra mine med
bryllaupsdagen !



Hipp hurra for 
Judith og Hans


onsdag 19. juni 2013

Himmelsk Eldkvede


Eldkvede

Juni er tida då hagen er på det finaste.
Eldkveda er ein av desse buskane
som spreier mykje glede.

Dette er mitt bidrag til 
Himmelsk #142 
hos Petunia.



Bursdagsfeiring i fjøra

Onsdagstema i dag er
FÖRBIPASSERANDE
Mi tolking er å vise nokre glimt frå 
bursdagsselskapet til barnebarnet 9 år.
Med 17 barn og 9 vaksne samla i fjøra
var det mangt å ta seg til.
Veret var nydeleg, maten gjekk ned på høgkant,
alle hadde det kjekt.
Du kan sjå innlegg frå fjøresafari i fjor  her 
og "kanelsnurrbaking" her
Det vart mange forbipasseringar når
barna fann skattar under tang og tare og under steinane.

Her samla dei fangsten.

Etter kvart var det andre utfordringar som lokka.
Her susar bursdagsbarnet  forbi i "slenga".

Til slutt vart freistinga for stor,
støvlane var allereie fulle av sjø, det var berre å la det stå til.
Klede var heller inga hindring,
Herleg avslutning på ein vellukka dag.

Du kan sjå fleire bidrag til 


mandag 17. juni 2013

Kontakt


Den vesle guten og
 veren ser på kvarandre med interesse.
Begge meinar det er greit at det er
gjerde mellom dei.

Tusen takk til alle som vitjar bloggen min.
Og til dokke som legg att så
fine kommentarar.
Eg set stor pris på det !

Vonar du har fine sommardagar der du er.

Anne-Mari
 

fredag 14. juni 2013

Sommar



Og når liane grønkar som hagar


Når det lavar av blomar på strå






Og når netter er ljose som dagar

 
kan han ingen stad venare sjå.

(5. vers i Mellom bakkar og berg... av Ivar Aasen)

Bilda:
1. utsikt frå fjøra mot aust
2. eng med smørblomster
3. storkenebb
4. raudkløver
5. smørblomster
6. raud jonsokblom
7. utsikt frå fjøra mot vest kl 23.40, 22 juni i fjor.


Eg ynskjer at du får ei strålande sommarhelg !

Helsing  Anne-Mari




onsdag 12. juni 2013

Må berre...


vise nye bilde av 
Rhododendron Fantastica
som eg viste forrige veke
HER 

Den blir finare og finare for kvar dag.

 Ubeskriveleg vakker !

Den står inneklemt mellom ei gamal furu
og den kvite rhododendronen i skogen bak huset.
Den har blomstra lite i mange år,
men no har den verkeleg vist seg i all si
prakt.


Ynskjer deg ein strålande dag !

Anne-Mari






 

tirsdag 11. juni 2013

Lydbok

Eg har inga røynsle med lydbøker.
Men ein dag eg var på biblioteket kom eg på å
låne ei slik.
Tre-fire bil-turar til og frå hytta 
har mannen min og eg høyrt
 Frøydis Armand lese
Den elskelige giftblandersken 
 av finnen Arto Passilinna.
Linnea Ravaska 77 år bur på sitt vesle raude torp
i skogen i Finland.
Når ho får pensjonen sin kjem den kriminelle
fostersonen og kompisane hans for å
få tak i pengane.
Til slutt blir det for mykje for Linnea,
ho tek saken i eigne hender.
Den elskelige giftblandersken er ei spennande,
komisk og litt tragisk forteljing om livet.

Både mannen min og eg likte godt boka.
Opplesaren Frøydis Armand gjorde sitt til at boka
fengde så godt,
ho les med ei innleving og uttalar dei
vanskelege finske namna så det er
ein fryd å høyre på.

Det blir heilt sikkert ikkje den siste lydboka,
Eg må finne ut dei ulike måtane å
få stoffet formidla på så eg kan kombinere det med
å gjere andre ting samstundes
(slik eg forstår mange av mine bloggvenner gjer)

Eg anbefalar boka.

Anne-Mari

mandag 10. juni 2013

Skilt / Signs

er Mandagstema # 87
hos Helene i

På Frøya såg me dette fine skiltet 
attmed vegen.

Du kan sjå fleire skilt
HER 



Ynskjer deg fine sommardagar !

Anne-Mari


 

lørdag 8. juni 2013

Innever


Når det er regn og skodde
langt ned i fjella 
 er det greit å vere inne og gjere 
noko nyttig.

 Bake kanelsnurrar til bursdagsfeiring for
 9-åringen som skal gjenta suksessen frå i fjor, med

Trur eg må lage ein porsjon måndag òg,
den dagen borna kjem.
Hugsar at kanelsnurrane gjekk fort unna i fjor
så det trengs mange...

Utfor døra blomstrar det og gir
glede ♥

Vonar du har ei fin helg !

Helsing Anne-Mari



torsdag 6. juni 2013

Ein liten tur i hagen



Majestetisk har tulipanane stått lenge
 i år. 

Pinselilje kallar me denne.
Eg syns den er vakker og har god lukt
som passar best utandørs.
Rhododendron Fantastica ....

Eg hugsar ikkje namnet på denne Rhododendronen.
Den blomstrar trufast kvart år med 
meir og meir roser.

Det er fint i juni.
Her på Sunnmøre vekslar det mellom solrike dagar
 og regn som høljar ned.
Men det ER sommar
Eg bada i sjøen, 30 mai ! 
Seier det same no som eg sa då eg var lita:
Sjøen var " kolvarm "
 

Nyt dagane !

Anne-Mari

tirsdag 4. juni 2013

Mandagstema # 86

hos Helene denne veka er
VELKOMMEN JUNI / WELCOME JUNE !

Eg ser fram til å få fylle den gamle og velbrukte
mjølkespanna 
med staselege Lupiner.
Fleire bidrag finn du 


Ha ein fin junidag !
Anne-Mari

søndag 2. juni 2013

Kriminalinspektør Malin Fors

er ei spennande dame,
svært energisk og levande opptatt av
sosial rettferd.
I boka Vårlik av Mons Kallentoft 
er ho ein av hovudpersonane.
 Starten på boka er svært dramatisk.
I Linkøping sitt rolege torg der det forutan
blomsterhandlarar og utekafè er 
to små jenter som leikar og kosar seg,
smell det utanfor minibanken.
Eit smell så kraftig at at det lammar heile byen.
Vindauge blir knuste, folk hyler i angst,
og to små livsglade jenter er ikkje meir.
Malin Fors er i gravferda til mor si.
Ho forstår fort at det har skjedd ei katastrofe.
Er det nokon som vil bankane til livs ?
Er det islamske fanatikarar som vil markere seg,
eller er det blind vald ?
Ei forferdeleg historie blir rulla opp.

Boka er spennande, utfordrande og 
overraskande.
Det er fjerde boka til forfattaren.
Eg må lese dei andre,
dette er god krim.

Boka fylgde meg på tur til Dublin og
gjorde ventetid og forseinkingar til bagatellar.
Eg anbefalar den !!

God søndag !

Anne-Mari