Viser innlegg med etiketten Glede. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Glede. Vis alle innlegg

mandag 11. mars 2019

Små


Ordet i utfordringa hos Sanna er
SMÅ
denne veke.

Då må eg vise bilde av mine 
små skattar 
som eg kjøpte i Russland for 18 år sidan.
Det var ein spennande tur 
til Russland og Estland med
hjelpesendingar.
Du kan lese om turen vår


Babusjka/Matrjosjka
(farmor, mormor, gammal kvinne)


Tredokka er i russisk tradisjon innhol
og dekorativt måla.
Dokkene kan delast i to og inn i kvar dokke
er det ei mindre dokke.
Mi Babusjka er berre 7 cm høg
og har 9 dokker inn i seg
Den er laga  i eit løvtynt tremateriale.
Mange av dei er så små at eg har problem med
å opne dei.
Den minste er på storleik med 
naglen på veslefingeren min....

Eg er svært glad i den så den står
trygt på ei høg hylle...


Sjå andre bloggarar sine innlegg her:




mandag 10. desember 2018

Julebakst på hytta


Aniskringler høyrer med til juletradisjonen hos oss.
Eg har ei god gammal oppskrift som
alltid lukkast.

Deiga venta ikkje på bakaren,
den kom og henta oss, he he...

Celina Marie og Leah Sofie
trillar kringler.
Eg laga emner og hadde mi fulle hyre 
med å halde dei med arbeid.
Flinke jenter.

Godt å ha til jul med mange
samla.

Smaksprøve.
Aniskringle med meierismør og brunost er toppers !!
Eplegløgg og kaffi attåt var også godt.





søndag 2. desember 2018

Nytt


Nytt
er ordet Sanna utfordrar oss på
denne veke.

Det nye er at eg
er i 70 åra !
Det kjennest litt rart når eg tenkjer
tilbake på 70 år gamle damer
for lenge sidan....


Av helsingane frå mine nære
1. desember.










søndag 21. oktober 2018

11 år


Leah Sofie fylte 11 år 15. oktober.
Ho sparkar fotball på 
Hasundgot Idrettslag sitt J11 - lag
På bursdagen spelte dei kamp mot
Hareid IL sitt lag.
Før dei starta turen fekk dei ei fin oppleving:
sjå her:

Dette var stor stas, tenk å få helse på og bli med på bilde
med ei av Noregs mest kjende filmstjerner.
Ho var her i Ulsteinvik i samband med
innspeling av andre sesong i 
TV-serien Heimebane

Eg strikka hue og hals til henne av 
restar etter Saragensere 
ho fekk tidlegare:

I kveld har me vore i selskap og feira
både Leah Sofie og storesyster
Celina Marie som fylte16 år 18. oktober.






tirsdag 2. oktober 2018

Gladiolus og roser


Akkurat no har me fine avskorne blomster i stova.
Mannen min ga meg 
nydelege roser før helga.
Dei er like fine etter 5 -6 dagar.



  Roser er vakre.


Han hadde bursdag søndag, så då
fekk han Gladiolus og bok av meg :)
Ikkje slett så romantisk som roser,
men eg lika dei godt sjølv iallfall.


Klikk på bildet og sjå kor
vakker den er i sitt indre.


I går og i dag har det vore sol og blå himmel,
og det er godt etter alt regnet.
Eg har tatt inn Skaugumbegoniaknollane og 
rydda i krukker.
I morgå skal eg kjøpe litt haustblomster til å 
ha utfor døra.






tirsdag 4. september 2018

Sunn og god mat

Hans-Petter, eitt av barnebarna våre 
går på ungdomsskulen og bur hos oss vekedagane.
Det kan vere ei utfordring å lage mat som
både er sunn og som han likar,
men me prøver oss fram.

Denne dagen var det 
halvgrove Hamburgerbrød 
etter oppskrift hos
på menyen.
Eg brukte fint og  grovt speltmjøl 
i staden for kveitemjøl,
vatn i staden for mjølk,
og kutta ut sukker.

Hamburgeren vart godt mottatt,
han likte både grønsakene og brødet rundt burgeren.





Eg laga grønnkålchips etter oppskrift hos




Dette er ein
super måte å servere grønnkål på slik at
både unge og eldre vil ete den 
vitaminrike grønsaken.

Eg var så fornøgd over at både guten og
farfaren likte maten.











lørdag 25. august 2018

Dus rosa genser


Ny Saragenser til  Leah Sofie



Ho kom rett frå Karatetrening og skulle hente den så
det forklarer antrekket ho har på under.

Genseren passa perfekt og ho var
godt fornøgd.

Leah Sofie lika godt dette garnet Faerytale frå du Store Alpakka
fordi det er så mjukt og ikkje klør i det heile tatt.
Eg strikka ein til henne i fjor i
Denne gongen var fargevalet enkelt for i fjor
hadde ho vanska med å bestemte seg for 
dus blå eller dus rosa... :)









onsdag 1. august 2018

Roger 45 år


I dag første august er 
Roger 45 år.

Når minsteguten har nådd 
middagshøgda
er det grunn til å sjå at alder er berre eit tal...

Roger driv eiga bedrift
og har mykje å henge fingrane i.
Han er pappa til Benjamin og Hans-Petter,
bonuspappa til Emilie og sambuar med Tanja.
Og ikkje minst,
han er pappa til 
Leonardo

Han er hjelpsom og omsorgsfull og
med god teknisk innsikt er han god å ha
i alle samanhengar.

Gratulere så mykje med dagen Roger !
Lukke til vidare.

Klem frå mamma og pappa

Her kan du lese forrige bursdagsinnlegg:






fredag 27. juli 2018

Livet i fjøra


Ella Victoria har hatt nokre dagar hos 
farmor og farfar etter ho slutta i barnehagen.
Alle barneborna har opp gjennom åra hatt
fine sommardagar hos oss,
og no var turen komen til henne.
Heilt åleine i mange dagar, ingen sure miner,
berre glede.

Sjølvsagt måtte me utforske fjøra når
 det var muleg.


Krabbene gøymde seg i sanden under tang og tare,
men etter kvart fann
Ella Victoria mange.



Sjøstjerner og krabber i mange storleikar. 

 Bessie og farfar hjelpte til med
leitinga.


Det er viktig å lære at me må ta vare på alle levande vesen,
så me hadde snakka om det frå første stund
at krabbene måtte ha rikeleg sjøvatn, 
og at dei skulle sleppe fri så snart
me hadde fått sett på dei.
I den vesle videosnutten under ser du når me let
krabbane skunde seg over kanten på baljen
og kome seg i fritt farvatn igjen.


Ella Victoria hadde hatt ein opplevingsrik ettermiddag,
og eg er glad for at jenta fekk
oppleve same gledene som faren sin og farmora sin
barndoms lukke i fjøra.

tidlegare innlegg om safari i fjøra
Her








lørdag 14. juli 2018

Skulestart


Ella Victoria
yngste barnebarnet vårt skal bli
førsteklassing til hausten.

Farmor fekk æra av å kjøpe
ransel.
Ho plukka nøye ut kva for ein ho likte best.

Tilbehøret i same mønster og farge fekk ho av foreldra.
Pennalhus med alt ho treng for å skrive/teikne,
matboks og drikkeflaske.

Ho dansa blid og fornøgd ut i sommardagen
full av forventningar til neste fase i livet.

Lukke til kjære Ella Victoria





fredag 4. mai 2018

Vårblomster


Ei lita runde i hagen viser
at mykje har skjedd siste veka,
fine dagar og kalde netter har ført til
grønt gras i plenen, nokre 
løkblomster og
primula er i blomst.

 Narcissus tazetta.


 Her ved storesteinen blir det fint når narsissene opnar seg for fullt.
Seinare kjem pinseliljene som no berre har blad.


 Primula med  
ulike fargesjatteringar.



Velkommen vår !





tirsdag 1. mai 2018

Rosekaktus


Eg har skrive om dei gamle kaktusane 
som blomstrar om våren tidlegare:



Dei får virkeleg ikkje mykje stell,
Kanskje nokre dropar vatn annakvar måned...
Men plutseleg står dei er,
fulle av knoppar.
Då forbarmar eg meg over dei og set
krukkene ein stad me får sjå dei
vakre blomane.


 Kanskje ikkje så blomsterrike som for 5 år sidan,
men dei blir flotte når alt sprett ut.


Eg fekk avlegger(stikling) av ei gammal dame eg 
hadde som pasient ein gong på
1970 talet,
 den har skapt glede 
i snart 50 år.




lørdag 21. april 2018

Vår i full fart


På Harpefossen der me har hytte har
det vore store snømengder heilt til siste veke.
For 3-4 dagar sidan gjorde varmegradene og vinden
kort prosess med mestparten av snøen.

På ein kort tur i nærområdet i dag
fekk eg mange overraskingar.

Kvitveis blømer,
og jammen er her andre
grøne blad også.

Hestehoven kjem rett opp av grus og stein,

Selja er langt komen.
Visste du at seljebarken inneheld salisylsyre og har i
 tusener av år vore brukt som febernedsettande, og
smertestillande ?
I dag blir acetylsalisylsyre framstilt syntetisk og me
kjenner dei som f.eks  Dispril og Globoid.
Kanskje kan me tygge på ei seljegrein visst haudeverken
melder seg når me er på tur i naturen..

Eg måtte plukke med meg nokre
kvitveis tilbake til hytta.

Den vesle mugga har plass til akkurat 
så mange kvitveis.

Eg ynskjer deg fine vårdagar framover.









torsdag 15. mars 2018

Meir gleder

Dagane med barnepass er omme
for denne gong,
roa senker seg i huset.
Me ser tilbake på
10 flotte dagar i lag med 
barneborna 
Celina Marie 15 år,
Leah Sofie 10 år og
Ella Victoria 5 år
sjå tidlegare innlegg
Det har gått heilt fint, ingen tårer
eller dårleg stemning.

Ein dag oppdaga me at ein fin ullongs hadde eit
digert hol på kneet.

Farmor hugsa at då 10 åringen var lita
hekla eg ei bot og sydde fast over holet.
med godt resultat.
No fann eg fram tråd som passa
og hekla i veg ..


Femåringen var fornøgd med
resultatet,
ho synest det var kult !

Siste dagen tok dei eldste barna i Sundgotmarka
barnehage buss til sentrum av
Ulsteinvik der dei markerte 
"barnehagedagen"
i lag med jamaldringane frå
dei andre barnehagane i kommunen.

Tema for dagen var
"La meg skape"
Det var ei rørt farmor som fekk
det fine bildet ho hadde teikna og
flotte armband.
Tusen takk Ella Victoria <3








torsdag 8. mars 2018

Gleder


Kvardagen her i huset er annleis enn vanleg.
Frå å vere berre oss to gamle
er me no 5-6 personar
i 10 dagar.
Barneborna skaper liv og røre
i heimen.
Tidlege morgoner med frukost og køyring til
barnehage, barneskule og ungdomsskule
går fint.
Heldigvis har dei oversikt på aktivitetane sine sjølve.
Korpsøving, fotballtrening, karatetrening, skeisedag på isen
bading, bursdagsselskap, påskevandring i kyrkja ...
Ei stakkars farmor blir litt surrete og får kommentarar
som " du har spurt 4 gongar "...:)
Leksene passar dei på sjølve.

Farmor prøver å lage mat som dei likar,
speltbollar (dei er ikkje glad i frø..)
middager som brennsnut, 
laks med gulrot og cremefraichesaus, og
tomatsuppe med makaroni, grillpølse og reven ost
er sikre vinnarar.
Vidare må iallfall taco stå på menyen,
så får me sjå..

 På isen prøver farfar  å instruere Leah Sofie som
du ser bakarst.

Etter ei kuldeperiode i lang tid er det kjekt
at skulen kan ta med elevane på 
Kjerringnesvatnet så dei får prøve å gå på skeiser.
Dei hadde med pølser og anna til grilling
og kosa seg i det fine veret.

Det er fleire dagar att av barneborna sitt besøk,
me har funne ei rytme, farmor har vore på sine faste
timar seniortrim, farfar får unna 
songøving og kommunale møter.
Me synest det er kjekt å kunne bidra til at
foreldra får ei kjærkomen ferie i varmare strøk.










mandag 6. november 2017

Bursdagstavle


I vår familie er det farmor som har oppgåva 
med å passe på at det blir sendt bilde
med tilhøyrande helsing til lokalavisa
når barneborna har bursdag.
Det har blitt nokre helsingar i løpet av dei 17 åra.
Nokre fleire familiemedlemer blir 
også hugsa når dei har rund dag.

Etterpå klippe eg dei ut og heng dei på 
ei tavle i gangen


Her heng det lag på lag med bilde/helsing.
For meg er det kjekt sjå at når dei er her på besøk
stoppa dei opp og leita på tavla,
diskutera korleis dei såg ut
i den og den alder.
Artig og enkel måte å glede andre på.







mandag 19. juni 2017

Sol


Det er tid for 
Gemsweeklyphotochallenge veke 25 og ordet er
 SOL



Slik kan junikvelden ende
etter styrtregn og vind
tidlegare i kveld


og sola speglar seg gjennom regndropar i 
Vitrineskapet i stova.

Det er to-tre dagar til sola snur
og det er lyst som dagen ute.

God natt !




Sjå fleire solbilde HER