Viser innlegg med etiketten Oransje. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oransje. Vis alle innlegg

mandag 7. oktober 2019

Orange


I utfordringa hos Sanna
 denne veke er ordet
 Orange

Eg har alltid likt fargen oransje
og fell lett for den når eg ser stativ med 
klede i butikkane.
Eit innlegg om det finn du:


Dei to første bilda fann eg i arkivet.
Dei oransje støvlane såg eg utfor ein butikk i Danmark.
Bildet under er frå inngongspartiet vårt
heime.
Den oransje vasen fekk me i bryllaupsgåve
i 1970.


 Det er haustferie og me er i lag med
barnebarn på hytta.
Eg fann nokre oransje motiv her.

Rødrandkjuke frå eit gammalt tre,
og blåbærlyng.
Begge har oransje sjatteringar.


 I hyllene med spel, bøker og leiker 
er oransje ein av fargane.


 I spiskammerset er det godt forråd av matvarer !
Oransje pakningar av ulikt slag.
Me skal nok overleve nokre dagar
utan påfyll....


Oransje Tupperware til Taco.
Og sist, men ikkje minst
flasker med saft av appelsin/orange.







tirsdag 2. oktober 2018

Gladiolus og roser


Akkurat no har me fine avskorne blomster i stova.
Mannen min ga meg 
nydelege roser før helga.
Dei er like fine etter 5 -6 dagar.



  Roser er vakre.


Han hadde bursdag søndag, så då
fekk han Gladiolus og bok av meg :)
Ikkje slett så romantisk som roser,
men eg lika dei godt sjølv iallfall.


Klikk på bildet og sjå kor
vakker den er i sitt indre.


I går og i dag har det vore sol og blå himmel,
og det er godt etter alt regnet.
Eg har tatt inn Skaugumbegoniaknollane og 
rydda i krukker.
I morgå skal eg kjøpe litt haustblomster til å 
ha utfor døra.






torsdag 16. februar 2017

Oransje


Akkurat i dag 
var dette det eg hadde trong for,
oransje virka oppkvikkande
på meg.


Dei nydelege oransje vasane sto utstilt
i blomsterbutikken eg bruka
å handle i.
No plukka eg fram bilda frå 
telefonen.

Eg har alltid likt oransje og kjenner 
dragning mot klede og gjenstandar i den fargen.
I boka 
er mykje spennande å lese om alle fargar.
Blant mange andre eigenskapar
 står det at 
oransje er livsgledens farge.






søndag 15. mars 2015

X-faktor blomster: Raud og Oransje

Anne på
har i gong konkurransen
X-faktor blomsterutgaven.
Den handlar om blomster i ulike fargar,
og den som har det vesle x-stra.
Skjønnheit, sjarm eller berre er litt spesiell.
I dag er det blomster med 
farge raud og oransje.


Eg har valgt å vise fram 
Skaugumbegonia.
Trudde knollane mine var like,
men i fjor oppdaga eg at
eg har to sortar.

På denne er blada spisse og enkle,
og litt meir raudoransje i fargen.


Denne har eg flest av,
kanskje er dette den vanlegaste sorten ?

Kronblada er meir samla som
i ei rose.
Dei fleste knollane fekk eg av mor mi.
Ho var stolt av knollbegoniaene sine.


Til slutt må eg vise eit bilde av
Azaleaen.
Eg likar godt dei oransje blomstrane på den.
Sist haust flytta me den så eg er
 spent på korleis den vil reagere på det.

Sjå fleire raude og oransje blomster
Her








torsdag 23. oktober 2014

Likar

Eg likar godt fargane i puta eg kjøpte av


Ho fann dette retroliknande stoffet på ei reise
 i utlandet.

Eg synest puta passa perfekt i stova på hytta.
Den passa til det gamle teppet på veggen,
 det eine av to forheng
som hang mellom dei små stovene i huset
på Løset, der mannen min vart født.
Han arva det.
Det er vove av heimespunnen- og plantefarga tråd
som var vanleg på den tida.


I like




tirsdag 25. juni 2013

Azalea

I det utstadige vêret som
er desse junidagane, 
er det godt å kvile augene
på vakre blomster.

Som dei fleste veit er eg svak for fargen oransje.
Denne azaleabusken er berre to tre år gamal og
ikkje så stor enno.
Den sarte fargen er nydeleg.
Denne har foreldra mine planta.
Den gamle planta er

eit flott blikkfang for
alle som kjem inn i tunet vårt.


Takk for alle fine helsingane til bryllaupsdagen 
til svigerforeldra mine.

Anne-Mari

lørdag 24. november 2012

Cupfinalehelg

" Nesten " alle som kan krype og gå
er i Oslo denne helga.
Hødd skal spele cupfinale i fotball 
mot Tromsø på Ullevål.
Har sett bilder på TV, det er mange 
blåkledde i gatene.
Her heime er det stilt og fredeleg
Eg kan finne  mange ting å gjere

 Hekle hue i yndlingsfargen
Spele word-feud

Hekle og gjere ferdig lysglas
Nyte synet og lukta av roser

Gå tur med Bessie, kanskje finne sola..
Nyte utsikta frå stoveglaset
Og, eg finn alltids noko godt i skapet
og i frysaren.
I morgå sit eg klar framfor TV-en
Vonar det blir ein spennande kamp,
og sjølsagt kjem eg til å rope

Heia Hødd !!

Eg ynskjer god helg !
Helsing Anne-Mari  






lørdag 19. november 2011

Oransje

            I desse dagar har dei fleste begynt å tenkje på advent og jul.
Det har eg òg.
Men må fortsette litt etter siste bildet i forrige innlegg ;)
                               Dei som har kjent meg lenge hugsar at oransje var
                                                     favorittfargen.                      
                         Har 6 par av desse koppane, dei har vore  lenge i skapet no,
                                              men er i grunnen fine J

                        Vekta (som eg gløymde å vise i innlegget om bismaren) og kjøkenmaskina,
                           innkjøpt i ”oransjetida” vert brukt når julemòren skal lagast J

Syns framleis oransjefargen friskar opp.

                                      For nokre år sidan var eg på eit kurs
                                                     for sjukepleiarar.                             
                                Innleiaren hadde eit oransje sjal rundt halsen.
                             Ho fortalde om kor denne fargen kan påverke oss,
                                        at den kan endre sinnsstemninga,
                                         ja til og med auke livskvaliteten.
                           Etter ein stor operasjon var ein pasient nedfor,
                            fekk ikkje i seg mat og hadde dårleg framgong.
                        Sjukepleiaren greip inn, gjekk med oransje sjal, pynta
                              matbrettet med oransje serviettar og blomster.
                               Det vart påstått at dette snudde pasienten sin situasjon,
                                                    og dama kom seg J


Eg har undersøkt litt om fargar,
om oransje står det at fargen :
gir kraft, healing, kreativitet, vitalitet,
tankefullhet, forandring.
Den virkar opplivande, oppmuntrande,
gjer deg glad.
Den får fart på energien din og på
livet ditt.
Lettar deg for å ta livet for alvorleg.

Må vedgå at eg ofte brukar oransje sjal,
kanskje når eg treng det mest ?
Eg har forresten ei oransje kåpe òg, som
eg særleg brukar om våren og ofte får
positive kommentarar til ;)

Gode ynskjer om ei fin helg
frå Anne-Mari






tirsdag 15. november 2011

Kråke mm

Oppdaga ein ny eigenskap hos kråka


Ho les avis !!
Likte ikkje at eg tok bilde så ho tok med avisa og flaug avgarde,


og idag las eg i lokalavisa om ei kvit kråke !!

bilde av ei anna enn den som var i lokalavisa


Knipsa på eit hotellbad
Klart det, ikkje for alle nei..

Men her er noko for frøken og frue
Herleg.

Takkar hjerteleg for alle kommentarar,
og til alle som kikar innom.
Ps. eg har problem med Blogger for tida, er det
andre som slit med det same ?
Set pris på tips som kan hjelpe :)

God tysdagskveld !

Klem frå Anne-Mari