tirsdag 30. april 2013

Humla

Har du fått med deg at humla er i ferd med
å døy ut ?
 I slutten av innlegget ligg ein link til ein
svært god video som eg
vonar du vil ta deg tid til å sjå.

Anne på Moseplassen
oppmodar dei som har blogg om å skrive om humla. 

Ann-Mari i Rosehagen
sende utfordringa til meg.
 
Det finst 34 ulike humleartar i Noreg.
Arbeidet den gjer er livsviktig for blomsterprakta i hagen,
og ikkje minst for at me skal få hauste
frukt og grønsaker.
Frå våren og varmen kjem ser me den,
flittig samlar ho på nektar og pollen.

Ho likar best blomster som er litt opne så
ho kan kome lett til godsakene.


Eg har ikkje tenkt over at det er
fleire typer humle,


men på bilda mine frå i fjor ser
eg at humlene som var på besøk er ulike.


Det er igrunnen rart at humla kan flyge med dei små vengane, 
så tung som ho er i kroppen.


Me må vere bevisst på kva planter me har i hagen.
Me må unngå å bruke kjemiske middel.
Fortelje borna kor viktig humla er,
 lære dei å bli glad i henne.
Og ho stikk ikkje viss me let henne vere i fred.
 

Ta deg tid til å sjå denne
videonen, den er tankevekkjande og lærerik: 
med Hilde Hummelvoll og redaktør Tommy Tønsberg
i Hagetidend

Sjå også facebooksida til
Summende hager


Eg sender utfordringa vidare til
Hagen i svingen
Mormoruniverset
Mor Ingers hus


Eg ynskjer deg ein strålande sommar med
mengder av flittige humler i hagen din.

Helsing Anne-Mari

mandag 29. april 2013

Motlys

er Mandagstema # 82


 
Meir motlys ser du 
HER 



Eg ynskjer deg ein strålande måndag,
den siste i april :)

Anne-Mari


lørdag 27. april 2013

God helg


Blomster på morellebærtre-greiner
♥ 



Lykken ligger ikke i det du eier,
men i det du gleder deg over.
Phil Bosmans
 

Vonar helga di blir fin !

Helsing Anne-Mari

torsdag 25. april 2013

Symra

No blomstrar ho,
kvitveisa, kvitsymra, geitsymra.
Kjært barn har mange namn.
Visste du forresten, at ho er giftig ?
Når ho er i blomst i april/mai er sommarsesongen
for geitene klar.


Kusymra derimot, er brukt i 
urtemedisinen.
Den skal ha blodreinsande effekt... 
Når ho blomstrar kan sommarsesongen for 
kyrne starte.
 

Eg vil dele dette diktet av 
Anders Hovden

Ho står, den kvite symra,
den fyrste blom i år,
der like inn på snøen
i sine tronge kår.

Ho står i kvite klede
så fager som ei brud.
Sjå henne vel i auga,
då har du skoda Gud. 

Eit bod frå himmerike,
ein fattig liten svein
som helsar frå Gud Fader:
Du er min perlestein.

Min Gud, du ser mitt hjarta
og all min vesaldom
kled sjeli i din nåde
så kvit som denne blom !

Tusen takk for alle fine kommentarane
dokke har skrive på dei forrige innlegga.
Eg har nokre fleire ting å undersøke før eg kan kome med ei 
oppklaring om kva emaljetingen har vore
brukt til.

Ynskjer deg ein fin torsdag :)

Helsing Anne-Mari

onsdag 24. april 2013

" Formfyllt "

er Onsdagstema  # 158

Dette bildet viser
mange former 
" formfyllt "


Døra er inngangen til
Skrivargarden Leikvin
(klikk her)
i Eid kommune.


Du kan sjå fleire bidrag
HER 
  
Ynskjer deg ein fin onsdag !

Helsing Anne-Mari  


mandag 22. april 2013

Aina Basso

Forfattar og Historikar.

(bilde lånt frå Sunnmørsposten)

Aina er frå Giske.
Ho er barnebarnet til mi kjære tante Agnes.
Tante fortel at heilt frå Aina kunne lese og skrive,
 sat ho ved kjøkenbordet 
og skreiv
små forteljingar.

Første boka hennar kom ut i 2008
og er ein historisk ungdomsroman
 
 Ingen må vite

Året er 1734, Ingeborg 14 år dett på isen. Der står
Mikkel og hjelper henne opp.
Ingeborg begynner å drøyme om han.
Men det finst eit hinder mellom dei, ein farleg
løyndom som må bli avslørt og få
store konsekvensar for alle involverte.

Boka har eit flott språk.
Eg likar så godt måten den er skriven på, 
ikkje for mykje detaljar, men slik
 at ein blir i stand til å tenkje korleis
omgivnadane ser ut.
Det er ei poetisk og spennande bok som passar både for 
ungdom og vaksne.

Den andre boka kom i 2010.

 Fange 59. Taterpige 

Boka  er ein historisk roman frå 1700-talet.
Den handlar om den unge taterjenta Maria som kjem
til byen saman med familien sin for å selje varer
på torget. Dette var ulovleg for taterane så dei måtte
flykte når vektaren kom.
Maria kom bort frå fylgjet sitt og hamna på 
tukthuset i Trondheim.
Historia er dikta, men i tukthusprotokollen finst
ein fange nr. 59, taterpigen Maria Andersdatter.  
Det er ein roman om lengsel, pågangsmot og venskap.

Eg likar måten Aina skriv på.
Boka er spennande og tankevekkjande.
Og det stikk i meg når eg veit at 
folkegrupper også i dag
opplever å bli jaga.

Den tredje boka kom ut i 2012,
ein ungdomsroman. 
Inn i elden

Frå år 1620 og utover vart åtti " trollkvinner "
dømde til døden på bålet i Finnmark.
I denne romanen møter me to unge jenter som hamnar
på kvar si side i denne utrulege og skremande delen av
norsk historie.
Me møter den velståande Dorothe frå Købehavn og
den fattige Elen som er dotter til ei " klok kone " i Finnmark.
Dorothe blir gifta bort til ein dobbelt så gamal mann.
Han er fut og dei reiser til Vardø der 
oppgåva hans er å finne heksene og straffe dei.
Dorothe og Elen sine liv blir knytt saman på dramatisk vis.

Boka er spennande og vanskeleg å legge frå seg.
Den " sat " i tankane mine lenge.
 
 Eg anbefaler alle tre bøkene til Aina Basso.
Ho skriv nydeleg !
Vakkert og truverdig !
 
Aina Basso har eigen blogg som du finn
HER 
Du finn at ho har fått mange gode omtalar.
Den siste boka blei nominert til Brageprisen og 
Kulturdepartementets litteraturpris.

 Takk for at du las innlegget.
Eg vonar at du blei nyfiken og fekk lyst 
til å lese bøkene.

Anne-Mari 


   

fredag 19. april 2013

Kan nokon fortelje meg


kva dette er ?

 Eg fann den i ein bruktbutikk i Ålesund.
Dei visste ikkje noko om den.

 Det er ein pose i eitslags
bomullsstoff.
Ser ut som ein kan sile noko i den.

Stoffet ser reint ut.
Anten tyder det på at det er klåre ting som er silt,
eller så er den ikkje brukt... 

Eg er så kresen at den får ikkje plass i 
kjøkenet før eg veit kva den er brukt til.

Er det nokon som kan fortelje meg kva 
det er ? 


Takk for at du kom innom så eg får 
ynskje deg god helg ♥
 Takk for alle fine kommentarane på bloggen min.
Eg set svært stor pris på det :)

Helsing Anne-Mari


torsdag 18. april 2013

Vårkveld

I heimkommuna mi er 
store kraner eit vanleg syn.

Majestetiske.

Magisk i synsranda.





 
 
 

onsdag 17. april 2013

Utstrekt

Onsdagstema # 157
er
UTSTRÄCKT

Mitt bilde viser
utstrekt snø...


HER 
kan du sjå fleire bidrag.

Ynskjer deg ein fin onsdag !

Anne-Mari

tirsdag 16. april 2013

Varm sommar ☼


Kommentarane på innlegget om Sommardagen
seier meg at det blir ein fin og
varm sommar.
Rundt tjue lesarar frå nord til sør i landet
skriv at det er varmegrader der dei bur.
Sommardagen var det 11 grader her.
I går var rekorden på Sunnmøre
18 grader !

Eg skreiv til slutt i innlegget
at eg skulle ut og sjå
etter spirar på
markblomster.
Eg fann ingen, men
desse såg eg på ein hagekant eg 
gjekk forbi.

Primula

Tulipanar og liljer klar til blomstring.
 
I lokalavisa i dag er det bilde av
kvitveis.
Eg må fortsette å leite..

Takk for at du kom innom !
Vonar du får ein fin dag.

Helsing Anne-Mari

 

søndag 14. april 2013

Sommardag

I dag snur me
 primstaven og viser
sommarsida.
Det er 261 dagar att av året.


14. april er merka med eit
lauvtre som
markerer inngangen til
sommarhalvåret


Frys vatnet sommardagen blir det uår,
snøar det skal det bli 9 snødagar til før sommaren
verkeleg kjem ;
Er det varmt den dagen blir det ein varm sommar
 ☼

Mange stadar i landet var det sådag.
I sør-Noreg var det flyttedag for tenarane.

Gamle skikkar og overtru seier at:
Denne dagen måtte ein ikkje arbeide med noko som gjekk rundt
for då ville kyr og sau svirre rundt utan å
kunne beite skikkeleg.


Eg skal starte i morgå den dag,
og leite etter spirane til
markblomstrane

I dag er det regn i lufta,
men det er mange veker sidan sist så eg 
skal ikkje seie eit vondt ord.

Vonar du har ein fin sommardag der du er !

Helsing Anne-Mari

fredag 12. april 2013

Telehiv


er òg eit 
vårteikn.

Me veit at det går mot varmare tider når
grusvegane ser slik ut.
På turen i går var det mjukt å gå,
fint solskin, få bilar,
avslappande !


Med desse blomane ynskjer eg deg
 ei fin helg !


Fordi du fortena det ♥

Helsing Anne-Mari


torsdag 11. april 2013

Lengt mot vår ?



På turen min i dag såg eg
 gravemaskina
som lengtar etter vår.


Medan ho ventar kan ho nyte
den himmelske utsikta til
 Sunnmørsalpar.


Du kan sjå fleire himmelske bilde:
 



onsdag 10. april 2013

Steintøft

Onsdagstema # 156
er
" STENTUFFT "

Då syns eg det er naturleg å vise
fram den store flotte steinen
som ligg nesten inn til
huset vårt.

Den er frå istida og
skal ligge der til neste !

Storesteinen er til glede for både
små og store.

Den er omtala i desse innlegga før:




Du kan sjå fleire " stentuffe " bilde
HER 


Eg ynskjer deg ein fin onsdag ! 

Helsing Anne-Mari


mandag 8. april 2013

Morgontur

Ein frisk morgontur gjer godt for
både kropp og sjel.

 I dag gjekk turen
langsmed ei fin badestrand.

Sjø som rullar innover sanden
gir meg ro i sinnet.

I dag var mykje av terrenget dekt av snø,
men forrige måndag tok
eg bilde av Hestehov på same
ruta.

Gjennom dagen smeltar nok snøen så
desse er til
glede for dei som går tur. 


Eg vil ynskje nye følgarar 
hjarteleg velkomne :)

Og vonar du som er innom får ei 
fin aprilveke !

Anne-Mari


lørdag 6. april 2013

Vår og vinter side om side


I dag er det ein slik dag der vinteren
tuktar våren.

Gjennom stoveglaset  såg og høyrde eg kor
vinteren sa til våren,
" du må kje kome her .. "

Eit par timar etter sit han
i sjefsstolen.

Då er det godt å site i stova,
nyte fine blomar,

" og gi seg katten i veret "

Håp

Når alle ord tier
og tennene fryser ihop,
du synes du har skår av
knust glass i munnen,
da
står plutselig
et tre i døra
og hvisker grønt
med snø i baret

Hans Børli 

Takk for at du kom innom.
Eg ynskjer deg ei god helg.

Helsing Anne-Mari