onsdag 29. juni 2016

Keisarkrune


er namnet eg kjenner på denne
vakre lilja
På nettet finn eg at namnet er 
Brannlilje
 (Lilium bulbiferum)
mange stadar kalla
" Keisarkrone "
Ei gamal løkplante som høyre
 til dei klassiske
bondehageplantene i 
Noreg

Denne har stått i hagen vår i fleire tiår,
 løken fekk eg i Kaldholen
Eg meina å hugse at det sto ein stor koloni
av Keisarkrune framfor
huset til besteforeldra til mannen min.






tirsdag 28. juni 2016

Søndagsturen


 gjekk til Naustdalskamben
Ein fin liten fjelltopp som
det tek omlag tre kvarter å nå.
Her er fin utsikt over Nordfjorden 
mot Nordfjordeid

Det var lett regn og disig,
men fint og tørt i terrenget etter veker
med sol og vind
Hytta vår ligg på Harpefossen
lengst inn i 
Hjelmelandsdalen 
Ein flott gammal steingard
vitnar om flittige arbeidshender

Moltekart nær råsa

Nedattkomne frå fjellet
var ville blomster eit fint blikkfang

På hytta var me utan tilgong på Internett i helga,
det var både avslappande
og frustrerande....
Det er nesten ei fallitterklæring å vedgå
at ein er blitt så avhengig
av det.



lørdag 25. juni 2016

Glimt frå bursdagen


til Hans-Petter som fylte
12 år jonsokaftan

Han feira med familien samla 
til grilling og kos

12 åringen i samtale med
yngste søskenbarnet Ella Victoria

Ser du den fine "tatoveringa" mi ...

Skal me leike ...?

Leonardo da Vinci
treivst i selskap

Etter at alle var forsynte vart det litt kjøleg  
for grillmeisteren :)








fredag 24. juni 2016

Selebert besøk


her i dag.

Kongeskipet Norge

"Kongeskipet Norge ble gitt i gave fra det norske folk til Kong Haakon VII 
etter en landsomfattende innsamlingsaksjon i 1947. 
Skipet eies av Hans Majestet Kongen, men blir drevet av Sjøforsvaret. 
Når Kongen er ombord på K/S Norge,
 vaier Kongeflagget på toppen av skipets aktermast."
(teksta henta frå kongehuset.no)

No er kongefamilien på jubileumsreise
langsmed kysten.

Det låg 
rett utfor fjøresteinane her me bur
i formiddag
Både farfar og barnebarna synest det
var flott å sjå


 Dronninga, prinsesse Ingrid Alexandra,
prinsesse Märtha Louise og døtrene var på
privat besøk her i Ulsteinvik

Me sto på altanen og såg
då dei gjekk ombord i kongeskipet 
etter besøket på land.
Kong Harald sto der i raud gensar
og såg til at alt gjekk
riktig føre seg.

Det var stas å ha 
selebert besøk så nær land.








søndag 19. juni 2016

Bryllaup


I helga var me i bryllaup til
ei av tvillingjentene me er onkel og tante til,
og fadder på.
Christina gifte seg med sin kjære Tor-Even
i Hareid kyrkje

Far Terje førte bruda fram til
mannen som venta

Tvillingsyster Malin las
teksta for dagen

Flott par,
rette ektefolk ♥

Eg fall for den 
fine tatoveringa i ryggen.
(hadde eg berre vore yngre skulle eg fått meg 
ei tatovering.....)

Tusen takk 
Christina og Tor-Even for at me
fekk feire den store dagen
i lag med dykk.











fredag 17. juni 2016

Sommartur til Runde


I tre mnd har eg tatt del i trimmen 
som Hjarterehabiliteringa ved 
sjukehuset i Volda 
arrangerer to dagar i veka.
Dei har siste 10 åra avslutta
vårsesongen med fjelltur på Runde 
for alle som har deltatt både i år
og tidlegare år.
I år var me rundt førti personar

Fugleøya Runde er kjent 
for sitt rike fugleliv.
Den ligg ytst mot havet der det vel aldri
er vindstilt.
Denne dagen var det sterk
nord-austleg vind oppi liten kuling

God sti i den bratte bakken
opp frå Goksøyra

Godt å ha tett jakke mot vinden

Midtvegs oppå er det eit platå der
ein kan sjå ned i ura der sjøfuglane hekkar
Ottar ser på tre ørneungar
I bakgrunnen ser me Kvalsvika og
Skorpa bak

Fint å tørt i marka etter
fint ver lenge


" det er ruskut å leggja ut på.. "
Eg trur at det er her ein del av filmen " Vaffelhjarte "
frå boka til Maria Parr
vart spelt inn.

Idyllisk på veg ned att til
Goksøyr 
der bilane sto.
Etterpå åt me nydeleg Fiskesuppe 
på Runde Miljøsenter.

Ein flott dag som freista til gjentaking
 neste år.







torsdag 16. juni 2016

Rabarbrasyltetøy

er blant favorittane her i huset.
Godt på brødskiva.
Og godt i lag med ulike ostar.

Rabarbra og økologiske fiken i bitar
blanda med sukker 
står og trekke over natta

Etter lang koketid er den klar

Av ein porsjon blir dette resultatet.

Fleire innlegg om Rabarbrasyltetøyet:
Her 





mandag 13. juni 2016

Langsmed elva

Hjalma er elva som renn
gjennom 
Hjelmelandsdalen  forbi 
Harpefossen der me har hytte.

 Det er framleis snøsmelting
i fjellet så det er 
stor vassføring

men, somme stadar renn elva
sakte 
Akkurat her er det fint å vasse og bade
for små og store om 
sommaren

Me har fine sommardagar for tida,
det er godt å kjenne varmen
frå sola.





lørdag 11. juni 2016

Kåpa mi


har fått plass på veggen i 
Sjøhuset til bror min.
Eg var ikkje gamle jenta då eg brukte den.
Kan hugse at eg likte godt kragen 
med deilig speilfløyel på.






torsdag 9. juni 2016

Eg lika


å sjå på det 
gamle huset i Eidsgata
på Nordfjordeid

Her er ein sjarmerande butikk
med forskjelleg,
som utstyr og stoff til lappeteknikk,
 fine interiørting og
masse meir.







tirsdag 7. juni 2016

Bergblom


Bergenia,
gammal klassisk hageplante

 Den står og lyser så fint mellom 
blåbærlyng og andre vekstar 
bak huset vårt







mandag 6. juni 2016

Søndagstur


i naturen
med barnebarn
er alltid ei fin oppleving

jentene studera
hjortespora som
 farfar viser
 klatring

ei lita hand plukka
mjuk myrull

ein fugl flaug opp og 
avslørte egga sine





fredag 3. juni 2016

Epleblomster

er nydelege
dei luktar godt,
kanskje den vesle gjesten 
også synest det 

på epletreet er det
 mange stadie i utvikling til full blomst

 små ballar som
skjuler den vakre løyndomen sin
før den opnar seg


God helg !







onsdag 1. juni 2016

Velkomen sommar


kjære sommar,
me er klar,
ventar på deg,
du lokka med solstrålar,
men skodda vil
kappast med deg
om merksemda.
Eg trur,
du kjem til å vinne.