Viser innlegg med etiketten Leonardo. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Leonardo. Vis alle innlegg

fredag 12. juli 2019

Bessie for siste gong


Bessie vart 13 år og mett av dagar.

Eg har skrive innlegg om henne her i bloggen
mange gongar.
Du kan klikke på Bessie under Etiketter,
eller skrive Bessie i søkefeltet over til høgre.

Ho var ein trufast venn for 
 meg og alle her i Tuå.
Godlynt og folkekjær,
ein fantastisk hund.

Me vil sakne henne.

Me har heldigvis to yngre hundar i familien å vere i lag med.

Leonardo
(som eg er farmor til :)
Klikk på namnet hans i Etiketter eller
søkefeltet over til høgre 
så finn du mange innlegg om han.


Jamie
(som eg er tante til :)


"Lykken er en snill hund"
Charles M. Schulz
(Knøttenes far)






onsdag 13. juni 2018

Leonardo rundt Løsetvatnet


Det er fint å gå tur rundt 
Løsetvatnet,
særleg no når det er så tørt i marka.

 Leonardo får litt lenger band og
kan utforske naturen.
Far og son gjer seg klar.


Ein deilig dag.

 

Ein liten rast med kaffi til menneska og
godbit til Leonardo.


Det var kjekt å vere på tur på
 Løset,
der mannen min var fødd og budde til han var fire år.
No er det ingen fastbuande her, men mange hytter.

Leonardo har mjuk pels og lange hår på kroppen.

Gemsweeklyphotochallenge v, 24 - Hårig -









søndag 21. januar 2018

Leonardo


lika seg i snøvêr

" hvis et snøfnugg var en klem ville jeg gitt deg 
en hel snøstorm "
ukjent forfattar


Fleire innlegg om hunden til Roger med familie
finn du blant anna

herherher







søndag 9. juli 2017

Leonardo


Ein av  soldagane var me i lag med
Leah Sofie.
Blant anna besøkte me Leonardo og 
Hans-Petter

Stor gjensynsglede

Leonardo var snar til å legge seg i skuggen


Han er så fin ♥



Ha det godt og
på gjensyn !





tirsdag 5. juli 2016

Ute


I helga var 
Roger og Leonardo
i lag med oss på hytta
Det var bra ver så me var 
mykje ute 

Her går turen ei runde i dalen
mot idylliske
Tippasetra

 Harpefossen Hyttefelt
på andre sida av dalen

Leonardo får lengre band
og kan vere ute 
på terassen ei stund til

Han ga uttrykk for at han lika seg på hyttetur :)







lørdag 25. juni 2016

Glimt frå bursdagen


til Hans-Petter som fylte
12 år jonsokaftan

Han feira med familien samla 
til grilling og kos

12 åringen i samtale med
yngste søskenbarnet Ella Victoria

Ser du den fine "tatoveringa" mi ...

Skal me leike ...?

Leonardo da Vinci
treivst i selskap

Etter at alle var forsynte vart det litt kjøleg  
for grillmeisteren :)








tirsdag 24. mai 2016

Leonardo

er familien
til Roger, yngstesonen vår
sin hund
som eg har skrive om
her  her  her
Han er over eit halvt år no og
begynne å bli stor.

Helse på 
brørne
Benjamin og Hans-Petter


Han viser Hans-Petter 
yndlingsplassen sin.
Her har han full oversikt over
kven som kjem 
til gards.


Godt å ha ein prat med
pappa....


Leonardo er ein klok og fin
hund som har det
fint i lag med familien sin.




mandag 15. februar 2016

Leonardo veks

Stor gut no, men blir nok litt større,


Storebror Benjamin og  Leonardo
helsar på syskenbarnet
Ella Victoria

Godtatt !

give-me-five 
med pappa Roger

..godbit :)

Herleg hund som sjarmerer oss alle.





lørdag 5. desember 2015

Fototriss


Tre bilde på eitt tema:

lyst og mørkt


 Sjakkruter på kjøkenet.

Mørkt og lyst utfor døra på hytta der
 haustpynten står framleis.

Leonardo,
kvalpen eg skreiv om
den mørke sjarmør ♥


 LJUS & MÖRKER





tirsdag 1. desember 2015

Litt feiring

Tjuvstarta eit par dagar for tidleg
med heile familien samla søndag.
Potetball med mykje godt tilbehør sto på menyen.

 Det er ikkje lett å hugse på alt, 
så maten vart ikkje fotografert....
Men bordet kom eg merkeleg nok på å ta bilde av
før gjestane kom :)

Eg fekk fine kort
frå Leah Sofie 8 år

og Celina Marie 13 år

Nydelege Leonardo,
som du kan lese meir om her
var på besøk for først gong her hos oss.
Det var trygt og godt å vere i
armane på Emilie som han
ser kvar dag.
-----
Frå i dag av er eg ekte pensjonist,
kva no det inneber...
og dagen skal eg bruke på 
Hjarterehabiliteringskurs ved
sjukehuset i Volda.
Tema i dag:
Kosthald ved hjartesjukdom/kolesterol
Aldri for seint å lære :)









torsdag 26. november 2015

Leonardo da Vinci


er namnet til det nye 
"barnebarnet" mitt :)
Yngstesonen Roger med familie
har fått hund.

Ein nydeleg kvalp av 
rasen Eurasier

Den er to månader.



Hans-Petter er lukkeleg
"storebror "

Leonardo likte seg i armkroken til
"farmor" :)

Dei bur eit stykke unna så eg får desverre ikkje
 sjå den kvar dag, 
men eg gler
meg over det herlege nye
familiemedlemmet.


I like