fredag 26. januar 2018

Kraftstasjonen


 I Kraftstasjonen Restaurant & Kolonial 
 i Måløy.
 får ein nyte god mat laga frå grunnen av.
Dei legg vekt på bruk av lokale råvarer
særleg fersk fisk 
 som er lett tilgjengeleg her
rett ved havet.
Kraftstasjonen har forskjellege arrangement
som quiz- og bingokveldar.

To gongar har me vore på
interessante Forteljarkveldar, siste gong 
no i januar der ein kar frå Husevåg fortalde
om oppveksten på øya, og om
 fiskeri i "gamle dagar",
Han fortalde om livet sitt i utanriksfart og om
strabasiøse opplevingar som fiskar og trålbas ved Grønland og
New Foundland.
Mannen min som også var på trålfiske på 
dei store fiskebankane i sine unge dagar 
på 1960 og 70-talet
 synest det var svært interessant !

Denne kvelden var menyen
torsk med bacon og anna godt
på ei seng av nydeleg potetpurè

Heimelaga Mandelkjernepudding med
Bringebærsaus
var prikken over i-en :)

Me gled oss til fleire liknande arrangement.







tirsdag 23. januar 2018

Helleborus

eller Julerose som me kalla den.

Eigentleg er namnet Julerose litt misvisende for
den blomstra vel så gjerne i perioden
januar til april.
Helleborus er ei plante i soleiefamilien der
bl a kjente og kjære planter som
kvitveis, blåveis og mange mange fleire høyre til.
Wikipedia

Planta på bildet står utfor enden av huset,
eg tok den frå grava til foreldra mine
då den hadde visna i fjor vår.
Det var systra mi som hadde planta den, 
og ho sa eg kunne ta den med heim :)
Eg la den berre i ei krukke i lag med andre
planter og vart overraska då eg fekk sjå kor 
fint den blomstra no.
Det har vore kuldegrader i fleire veker så det
er tydeleg at den lika det.



Sjå fleire fine blomster hos: Floral-Bliss







mandag 22. januar 2018

Under



er ordet denne veke i utfordringa til
Sanna

I arkivet mitt fann eg bilde frå i fjor som 
eg synest passa godt til emnet.


I dei store snømengdene rundt hytta
hadde barnebarna mykje 
arbeid og leik med å lage snøhòle.


Celina Marie og Hans-Petter 
hadde mykje moro i 
den store snøhòla med kvar sin inngang.

Under 
snøtaket 
hadde dei batterilys.
Farmor er skeptisk til levande lys 
til slike formål...







søndag 21. januar 2018

Leonardo


lika seg i snøvêr

" hvis et snøfnugg var en klem ville jeg gitt deg 
en hel snøstorm "
ukjent forfattar


Fleire innlegg om hunden til Roger med familie
finn du blant anna

herherher







tirsdag 16. januar 2018

Skum

Det er veke 3 og i utfordringa til
Sanna er ordet
 Skum

I arkivet ligg dette bildet frå turen med
Hurtigruta frå Ålesund til Kirkenes


På godversdagar seglar Hurtigruta inn i Trollfjorden
i Vesterålen.
Ein smal fjord med høge fjell rundt,
utruleg at det store skipet kan snu inst inne i 
den smale fjorden.
Kjølvatnet etter skipet
skummar.











mandag 15. januar 2018

Vinterhelg på hytta


Det er mykje snø på Harpefossen der me
har hytte.
Med gradestokken på godt under 0
er det klare og fine dagar.

Ettermiddagar med fin
solnedgang

og vakkert i fjellet

Innandørs er det godt å vere 
med fyr i omnen,
lesing og strikking.
-------
Her heime i morgontimane mandag er det 
kraftige vindkast og elektrisiteten
truar med å bli borte.
Litt utriveleg !
Men det går mot lysare tider.

Eg ynskjer deg ei fin ny januarveke.






torsdag 11. januar 2018

Lestestrikk



Eg lika helst enkle strikkeprosjekt
og då er lestar greit
å strikke.
I det nye året har det vore så glatt ute at 
eg held meg mest innandørs
med eit strikk eller ei bok.

Håpe 5-åringen vil bruke desse.
Støvlane ho fekk i bursdagsgåve er litt store
så eg tenkte at lestar vil vere 
greit å ha i.
Strikka i Sterk frå Du Store Alpakka 
lys rosa

Ankelsokkar lika eg ha på lager,
kjekt å gi vekk.





tirsdag 9. januar 2018

Helse


er ordet i utfordringa denne veka.

Som sjukepleiar og lærar i helsefag for
ungdom i vidaregåande skule i årevis
burde dette vere lett sak..
Problemet er å avgrense alt ein har lyst til å formidle.

Eg deler difor nokre regler om
Helsevett som Peter F. Hjort har skrive:

1. Ta ansvar for di eiga helse
(etter mitt syn det viktigaste punktet,
dette inneber alt)
2. Bruk kroppen
3. Stump røyken
4. Maten er halve helsa
5. Sov deg frisk
6. Stress med vett
7. Hald fred med familien din
8. Unngå ulykker
9. Vis respekt for alkohol
10. Bruk ikkje pille for alt som er ille


Ein frisk skitur kan vere bra for helsa

Å vakne til ein slik morgon er også
livgivande

Eg ynskjer deg ein god og 
helsefremjande dag !








fredag 5. januar 2018

Julegåve


eller Julklapp som er det svenske ordet
er første tema i utfordringa til
Sanna i 2018



Mi aller første julegåve 
fekk eg jula 1949.
Då hadde eg nyleg fylt 1 år

Eg fekk julenissen frå morfar Jon
på Åsen

Nissen har stått framme kvar jul i
snart 70 år.
Eg har alltid prøvt å behandle den med varsemd,
men den ber preg av alder..

 Materialet i nissen er vel ein slags gips
trur eg.

 Eg las i eit ukeblad ein gong om slike nissar,
dei var vanleg å ha som julepynt
midt på 1900 talet.







torsdag 4. januar 2018

90 år


er svigermor Judith i dag 4. januar.

Broren Magnulf var 80 år i går.
30. desember var slekt og venner samla til
stor feiring for begge.

Judith las eit handskrive minneord ho skreiv på rim til
gravferda til mor si for over 30 år sidan.
Der fortel ho om oppveksten dei hadde på
fjellgarden Løset.
Det var trange kår, men ein heim fyllt av 
omsut og kjærleik.

I dag bur Judith åleine i omsorgsbustad,
ordnar det meste sjølv.
Ein gong i veka les ho for dei eldre (som ho seier)
på Dagsenteret.
Interessa for familien og 
kva som røre seg i samfunnet
er på topp.

Magnulf hadde sitt yrkesaktive liv ved
Ulstein Verft.
Han var aktiv i Idrettslaget Hødd som keeper
på A-laget då dei på 1960-talet 
spelte seg opp til toppserien.
Seinare var han trenar for fleire 
lokale fotballag.
Etter eit rikhaldig koldtbord hadde
90 + 80 års festen sjølvsagt
eit kakebord i god sunnmørsk ånd.

Underhaldninga var rikhaldig.
Sølvi, datter til Judith hadde skrive
prolog om begge jubilantane.
Det var fleire talar blant anna av 
eldste barnebarnet Andrè.
Martin viste gamle bilde på storskjerm.

Eg gratulerer mi gode svigermor 
hjarteleg med dagen.
Vona ho får mange gode år vidare !

Her , 
og
under etiketten 
Svigerforeldre
kan du lese fleire innlegg
om Judith