Viser innlegg med etiketten helse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten helse. Vis alle innlegg

lørdag 28. april 2018

" Flashback "


Eit skikkeleg flashback, raskt tilbakeblikk, trefte meg ved 
frukostbordet då eg las lokalavisa.
Eg las om kvinna som hadde hatt 
mykje feber og vore svært sjuk,
men som ikkje ville vere lat og gi seg over.
Ho er heldigvis betre no, men det er inga sjølvfylgje.

Eg er nøydd til å skrive ned tankane eg har gått med 
heile formiddagen
 for å få dei ut av hovudet..
I 2005 fekk eg ein akutt og livstruande sjukdom,
medan eg var på jobb og underviste i klasseromet.
Cerebral vaskulitt 
som enkelt sagt er ein betennelsestilstand
i veggen av blodårane i hjerna.
Eg skal ikkje seie så mykje om denne tilstanden,
men at eg var svært sjuk
og låg på sjukehus i 7 veker.
(etterverknadane etter sjukdomen skal eg ikkje ta med
i denne omgong.)
På slutten av året var eg såpass bra at eg kunne
ta oppatt trimturar og prøve å leve normalt.
2. nyttårsdag 2006 hadde eg hjelpt far min å rydde i eit
iskaldt rom i kjellaren før eg om kvelden gjekk 
tur med turvenninna mi.
Heimkomen vart eg litt frostig, men la ikkje så mykje
vekt på det.
Då mannen min kom frå songøving låg eg på sofaen
og fraus under pleddet, eg var
langt frå bra, men tenkte at det ville kome seg når eg
kom meg i senga.
Heile natta fraus og skalv eg, frostriene var fæle,
mannen min heldt rundt meg for å lindre skjelvingane.
Eg målte ikkje temperaturen for å sjå om eg hadde feber,
i ettertid svært skremande at sjukepleiaren sjølv ikkje hadde meir
innsikt...
Om morgonen forsto me at eg måtte til lege,
men eg måtte dusje først...
Eg var nok ikkje heilt klar då eg kom til legekontoret,
ei av mine tidlegare elevar som er legesekretær
tok meg inn på ein benk på ei skiftestove og begynte å måle blodtrykket.
I døsen såg eg at ho vart redd og sprang etter hjelp,
eg hadde nesten ikkje blodtrykk....
Alarmen gjekk og det vart full fart til sjukehus,
diagnose: SEPSIS 
eller blodforgiftning i daglegtale.
Eg fekk god behandlling på intensiv avdeling,
fleire av kroppsfunksjonane var 
i ferd med å bryte saman,
det sto om livet.

To gongar i løpet av eitt år hadde eg overlevd.

I ettertid er eg svært takksam for all hjelpa eg fekk
ved begge sjukdomane.

Eg må vedgå at antennene mine er meir mottakelege
for signal om fare ved mykje feber etter det eg opplevde.
Eg har hatt lungebetennelse nokre gongar sidan og 
har vore snar til lege når feberen har blitt høg.

Det eg vil med dette innlegget er at 
folk må ta på alvor når 
det er høg feber med frostanfall,
og nedsett allmenntilstand.
Mange døyr kvart år av Sepsis.

Det er eigentleg dumt å seie at,
" nei, eg går ikkje til doktor eg veit du" 









tirsdag 9. januar 2018

Helse


er ordet i utfordringa denne veka.

Som sjukepleiar og lærar i helsefag for
ungdom i vidaregåande skule i årevis
burde dette vere lett sak..
Problemet er å avgrense alt ein har lyst til å formidle.

Eg deler difor nokre regler om
Helsevett som Peter F. Hjort har skrive:

1. Ta ansvar for di eiga helse
(etter mitt syn det viktigaste punktet,
dette inneber alt)
2. Bruk kroppen
3. Stump røyken
4. Maten er halve helsa
5. Sov deg frisk
6. Stress med vett
7. Hald fred med familien din
8. Unngå ulykker
9. Vis respekt for alkohol
10. Bruk ikkje pille for alt som er ille


Ein frisk skitur kan vere bra for helsa

Å vakne til ein slik morgon er også
livgivande

Eg ynskjer deg ein god og 
helsefremjande dag !








lørdag 18. mars 2017

" ull i hodet "


Illustrerer
Oddvar Torsheim 
godt her

Det kan ha mange årsaker
 at ein ikkje kjenner seg klar i tanken
alle dagar.

God helg !