Viser innlegg med etiketten Sjukehus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sjukehus. Vis alle innlegg

mandag 3. juni 2019

Utanfor

Denne veke er 
Utanfor
ordet i utfordringa till Sanna.


Denne skulpturen står utanfor

inngangen til Akutten og
Hjerte-Lunge-Senteret på 
St. Olavs Hospital i Trondheim

Det ser ut som han stanger i veggen og vil inn.
Eg har vore heldig å få kome inn og få hjelp fleire gongar.
Eg slapp å stå utanfor.


Sjå andre si tolkning av utanfor her:






lørdag 28. april 2018

" Flashback "


Eit skikkeleg flashback, raskt tilbakeblikk, trefte meg ved 
frukostbordet då eg las lokalavisa.
Eg las om kvinna som hadde hatt 
mykje feber og vore svært sjuk,
men som ikkje ville vere lat og gi seg over.
Ho er heldigvis betre no, men det er inga sjølvfylgje.

Eg er nøydd til å skrive ned tankane eg har gått med 
heile formiddagen
 for å få dei ut av hovudet..
I 2005 fekk eg ein akutt og livstruande sjukdom,
medan eg var på jobb og underviste i klasseromet.
Cerebral vaskulitt 
som enkelt sagt er ein betennelsestilstand
i veggen av blodårane i hjerna.
Eg skal ikkje seie så mykje om denne tilstanden,
men at eg var svært sjuk
og låg på sjukehus i 7 veker.
(etterverknadane etter sjukdomen skal eg ikkje ta med
i denne omgong.)
På slutten av året var eg såpass bra at eg kunne
ta oppatt trimturar og prøve å leve normalt.
2. nyttårsdag 2006 hadde eg hjelpt far min å rydde i eit
iskaldt rom i kjellaren før eg om kvelden gjekk 
tur med turvenninna mi.
Heimkomen vart eg litt frostig, men la ikkje så mykje
vekt på det.
Då mannen min kom frå songøving låg eg på sofaen
og fraus under pleddet, eg var
langt frå bra, men tenkte at det ville kome seg når eg
kom meg i senga.
Heile natta fraus og skalv eg, frostriene var fæle,
mannen min heldt rundt meg for å lindre skjelvingane.
Eg målte ikkje temperaturen for å sjå om eg hadde feber,
i ettertid svært skremande at sjukepleiaren sjølv ikkje hadde meir
innsikt...
Om morgonen forsto me at eg måtte til lege,
men eg måtte dusje først...
Eg var nok ikkje heilt klar då eg kom til legekontoret,
ei av mine tidlegare elevar som er legesekretær
tok meg inn på ein benk på ei skiftestove og begynte å måle blodtrykket.
I døsen såg eg at ho vart redd og sprang etter hjelp,
eg hadde nesten ikkje blodtrykk....
Alarmen gjekk og det vart full fart til sjukehus,
diagnose: SEPSIS 
eller blodforgiftning i daglegtale.
Eg fekk god behandlling på intensiv avdeling,
fleire av kroppsfunksjonane var 
i ferd med å bryte saman,
det sto om livet.

To gongar i løpet av eitt år hadde eg overlevd.

I ettertid er eg svært takksam for all hjelpa eg fekk
ved begge sjukdomane.

Eg må vedgå at antennene mine er meir mottakelege
for signal om fare ved mykje feber etter det eg opplevde.
Eg har hatt lungebetennelse nokre gongar sidan og 
har vore snar til lege når feberen har blitt høg.

Det eg vil med dette innlegget er at 
folk må ta på alvor når 
det er høg feber med frostanfall,
og nedsett allmenntilstand.
Mange døyr kvart år av Sepsis.

Det er eigentleg dumt å seie at,
" nei, eg går ikkje til doktor eg veit du" 









onsdag 23. september 2015

Tirsdagstema


i går var:
under

Frå romet på St Olavs Hospital kunne eg sjå
under 
ambulansehelikopteret når
det landa og  letta.





mandag 21. september 2015

Angina pectoris


er anfall med brystmerter pga
redusert blodforsyning til
hjartemuskelen.
Etter lang tid med slike smerter
 og utvikling til det verre
vart eg rakskt innlagt i
Volda sjukehus.

Låg på firesengsrom som kan
vere ei utfordring,
men vart godt passa på av
kjempeflinke sjukepleiarar 
til turen gjekk med
ambulansefly til 
St Olavs Hospital
i Trondheim


Vart kobla til overvåking av hjartet,
same som dei gjorde i Volda.

Romet og badet minte meg om
eit hotell.
Men så er St Olavs Hospital eit
nytt og moderne sjukehus.
Trygt og godt å ha med seg mannen min
på ei slik reis.

Dagen kom for
Hjartekateterisering (koronar angiografi)
Dei fann at det var svært trangt i ei av de
i store  kransarteriene
 så dei blokka og sette inn
stent (rørforma armering i metall)
Heretter blir det mange type medisinar, 
 mykje meir enn eg kan like,men
 må ein, så må ein.
Eg var heldig
og lit på at legane
kan sitt fag.

Som sagt før er 
St Olavs Hospital eit flott sjukehus.
Fleire ting trefte sjukepleiarhjartet mitt.
Blant anna dette:
Det flotte og talande namnet på
avdelingane,
Sengetun !
i staden for det kunstige namnet
sengepost.

Der var fin kunst på veggane i roma
og korridorane.
Blant anna dette flotte tekstilteppet.
Bruka ein fantasien kan ein tolke
mange detaljar her,

Begge sjukehusa har, så langt eg opplevde,
gode, dyktige og profesjonelle
sjukepleiarar.
Eg er så stolt over sjukepleiestanden !

Me har eit fantastisk helsevesen i Noreg,
som tek seg av oss når me treng det.

Tusen takk.