Viser innlegg med etiketten Sild. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sild. Vis alle innlegg

torsdag 19. januar 2017

Kryddersild til middag


Deilig sild med 
nykokte poteter, 
rødbeter,
løkringar,
epleskiver
litt rømme,
og flatbrød.
Grovt brød er også godt til.


Det var god middag i dag,
det er kanskje dette som blir kalla
"husmannskost"

Kryddersild frå Carlo,
 den same som eg bruka til
Tomatsild.
Etter vår smak er dette den
absolutt beste kryddersilda.
Problemet er at den kan vere vanskeleg
å få tak i, men før jul finns den i  
enkelte butikkar her 
på våre kanter.




lørdag 19. desember 2015

Tomatsild


er favorittpålegg til 
fleire i familien
I år har eg laga fleire porsjonar,
kjekt å gi vekk eit
ein smak til sysken og venner.

Hovudingrediensen er kryddersildfilè.
Oppskrifta finn eg i boka til dei tidlegare kollegaene mine
Ingebjørg Lyster og Olaug Myrhol Hatløy

" Go`bitar
frå besta si kokebok " 


Me har prøvt oss fram og komne til at 
kryddersilda frå Carlo i Haugesund 
er den beste.

Tomatsilda held seg i kjøleskap
i ca 3 veker så den
kan lagast i god tid.






onsdag 11. mars 2015

Grovt brød

har me alltid brukt,
men etter foredraget til
Berit Nordstrand
tenkte eg å prøve
oppskrift frå bøkene som ho har skrive.

sjå innlegget mitt om det her

 Valnøttbrød.
Eg er allergisk mot alle slags nøtter og
delte deiga i to
 med bakepapir mellom.
I mitt brød brukte eg hakka graskarkjerner.

Mitt brød til venstre og mannen min sitt til høgre.
Dei er laga av grovt mjøl
av spelt, bygg, rug, havregryn og kli.
og omlag 10 % sikta kveitemjøl.

Me er så heldige å ha
Volda Mylne ikkje så langt unna.
Dei produserer mjøl på ein unik måte som
er tufta på gamle tradisjonar.

klikk her og besøk Volda Mylne 

Brødet er svært grovt og litt tungt,
men godt på smak.
Etter å ha ete denne porsjonen til frukost
var eg stappmett.
Og det " sat i " til langt på dag.
Tida får vise om det blir like grove brød 
framover, men fint å prøve ut.

Anne-Mari




fredag 23. januar 2015

Tomatsild


er favoritt for fleire i vår familie,
så eg laga opptil fleire porsjonar for å ha
 godsaker i juleferien.
Neste gong blir vinterferien.
Kjekt å ha når me er samla mange på hytta.


Oppskrifta finn eg i boka til dei tidlegare kollegaene mine
Ingebjørg Lyster og Olaug Myrhol Hatløy

" Go`bitar
frå besta si kokebok " 


Anne-Mari