Viser innlegg med etiketten Svigerforeldre. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Svigerforeldre. Vis alle innlegg

søndag 15. desember 2019

Svigermor Judith



Vår kjære mor, svigermor, bestemor og oldemor
sovna stilt inn 13. desember 2019
nær 92 år gamal.
Judith hadde omsorg for oss alle og 
ho var eit levande leksikon som hugsa
detaljar frå eit langt liv.
Kven skal me spørje no ?

Me unner deg kvila, 
men kjem til å sakne deg sårt.


Takk for alt,
mi kjære svigermor 
gjennom snart 50 år 

Du kan lese tidlegare innlegg om






tirsdag 27. mars 2018

Hårstell


Svigermor Judith 90 år
ordnar håret før ho skal i 90 årsselskap
til svigerinna Bjørg.
Ho vaskar håret sjølv og bruka
å få hjelp av persnonalet på Hadartun,
der ho bur i leiligheit, med opprullinga.
Denne dagen kunne eg hjelpe henne med det.

Smart tips,
hårrullspyda har ho samla i ei
tom Paracetboks !
Rullinga skjer sjølvsagt etter eit
visst system.

Klart for naturleg hårtørk 
utover dagen.

Når eg ser på alt denne dama på 90 år
gjer i kvardagen, 
blant anna
ordna ho måltida sine sjølv, 
vaskar klede,
held styr på alle bursdagar til alle i familien,
held seg oppdatert over nyheitsbildet,
og ikkje minst,
ho les for dei gamle på dagsenteret 
kvar tysdag førmiddag !
Ja, då må eg berre "ta av meg hatten"
og beundre henne.

sjå gjerne innlegget eg skreiv om henne sist






torsdag 4. januar 2018

90 år


er svigermor Judith i dag 4. januar.

Broren Magnulf var 80 år i går.
30. desember var slekt og venner samla til
stor feiring for begge.

Judith las eit handskrive minneord ho skreiv på rim til
gravferda til mor si for over 30 år sidan.
Der fortel ho om oppveksten dei hadde på
fjellgarden Løset.
Det var trange kår, men ein heim fyllt av 
omsut og kjærleik.

I dag bur Judith åleine i omsorgsbustad,
ordnar det meste sjølv.
Ein gong i veka les ho for dei eldre (som ho seier)
på Dagsenteret.
Interessa for familien og 
kva som røre seg i samfunnet
er på topp.

Magnulf hadde sitt yrkesaktive liv ved
Ulstein Verft.
Han var aktiv i Idrettslaget Hødd som keeper
på A-laget då dei på 1960-talet 
spelte seg opp til toppserien.
Seinare var han trenar for fleire 
lokale fotballag.
Etter eit rikhaldig koldtbord hadde
90 + 80 års festen sjølvsagt
eit kakebord i god sunnmørsk ånd.

Underhaldninga var rikhaldig.
Sølvi, datter til Judith hadde skrive
prolog om begge jubilantane.
Det var fleire talar blant anna av 
eldste barnebarnet Andrè.
Martin viste gamle bilde på storskjerm.

Eg gratulerer mi gode svigermor 
hjarteleg med dagen.
Vona ho får mange gode år vidare !

Her , 
og
under etiketten 
Svigerforeldre
kan du lese fleire innlegg
om Judith 






torsdag 26. oktober 2017

I veska


er tema denne veka hos

I dag fylgde eg mi snart 90 år gamle svigermor
til MR-klinikken i Ålesund.
Når eg skal hjelpe ein annan person
 er det greit å ha ei lita veske over skuldra.

Den gamle gode veska mi er i bruk ofte.

I veska er det akkurat plass til dei mest nødvendige tinga eg treng.
Pga ein liten skade i hjerna er eg ekstremt lydømfindtleg.
- Øyreproppene har eg alltid med meg,
dei verna meg mot lydar.
- Tablettøskja inneheld blant anna Paracet som hjelpe meg når
lydpåverknad i omgivelsane slit meg ut.
- Dentpastiller mot dårleg ånde ;)
- Leppepomade.
- Mobiltelefonen er sjølsagt med i veska ;)











mandag 27. februar 2017

Gult strikka sett


Celina Marie i det gule strikkasettet som
oldemor Judith strikka til seg sjølv på 1970-talet.
Ho seier at ho brukte det på ein skitur
til Mosvarden og Brørene.

Under rydding i huset til svigerforeldra mine
etter dei flytta i omsorgsbustad fann
me dette settet.
Eg såg for meg at Celina Marie ville bli
fin i det.
Og jammen lika ho det godt og har
allereie hatt det på seg
på skule.

 Lekselesing på hytta i
kult gult....








torsdag 8. september 2016

Kofta


Svigermor strikka denne kofta 
til svigerfar på slutten av 1960 talet.
Ho hugsa ikkje namnet på mønsteret,
men trur den er strikka
i Per Gynt tråd.
Den er svært fint strikka !

No har svigerinne Sølvi kofta på hytta,
dels til pynt, men også
til nytte i kjølege kveldar.
Kanskje nokon veit namnet
på den ?






tirsdag 31. mai 2016

I leik med oldefar


Då eg leita etter bilde til bruk
kom eg fram på desse artige bilda
frå sommaren 2007


 Oldefar Hans leika med
Benjamin og Hans-Petter
ein fin sommardag
på Løset

Gode minne for gutane.








mandag 4. januar 2016

88 års dag


I dag 4. januar har me feira
88 årsdagen til
svigermor Judith.
Judith bur åleine i omsorgsbustaden på Hadartun
etter at Hans døydde for to år sidan.
Innlegg Her


Judith har sine fysiske plager, men
er åndsfrisk og har eit friskt minne.
Kvar tysdag førmiddag 
les ho
for dei gamle på Dagsenteret.
Ganske imponerande må eg seie.
Ho legg ned mykje arbeid i å finne passande
lesestoff som skal vere
interessant og passande for
dei som skal lytte.
Til jul fekk ho blomster og takk
frå personalet på Dagsenteret for
innsatsen.
Det sette ho stor pris på.

Om du vil kan du lese om svigerforeldra mine
i desse innlegga:





fredag 28. november 2014

Snart adventstid

og ute er sommarplantene forvirra
og fyl ikkje tradisjonen
for årstidene.
I går var eg på besøk hos svigermor Judith
i eldrebustaden.
Me var på handlerunde først og
 koseleg kaffidrøs etterpå.


Utfor vindauget lyser frodige
geraniumar på altanen


Judith tel mange nye knoppa

på geraniumane i altankassa.
Om ikkje frosten kjem så blir det 
fin pynt til jul :)
Blomsterkassene vart hengt opp
rundt 20 mai så dei har spreida glede svært lenge !

God helg !

Anne-Mari




lørdag 29. mars 2014

Skinnfellen


Eg fekk mange flotte gåver sist eg feira bursdag,
og viste litt av dei 

I dag vil eg skrive om den 
fantastiske skinnfellen eg fekk.
Den er så fin 
at eg tore nesten ikkje å bruke den :)
Gåva fekk eg av mi gode svigerfamilie,

svigermor og svigerfar,
dei eg er svigerinne til, tante og
grandtante til.


Å lage skinnfellar er eit gamalt handverk.

Symbol som blir trykte på ein fell var det frå gamalt faste reglar for.
Og dei same symbola er på min,
 vannbord (bølge), dyr, plante, sol og hjarte. 
som symboliserar liv/fruktbarheit, og føresetnad for liv.
 Her skal også vere eit trykk av eit "femte element " som
skal beskytte meg mot vonde ånder.


Eg kjenner varmen av dei gode ynskja.
Hjarteleg takk til dykk alle.

På kantbandet er forbokstavane mine og årstalet
trykt.
Den er min !!!

Eit framifrå handverk av kunstnaren !



Eg ynskjer deg ei fin helg !

Anne-Mari




lørdag 25. januar 2014

Svigerfar Hans


sovna stilt inn 
i går.
Ein ekte arbeidsmann er vekk.
Ein stillfaren og god mann
som fekk verte 92 år.

Me unner deg kvila,
men saknet er sårt.


Du kan lese innlegg om svigerforeldra mine
Her og Her og 
HER


Takk for alt kjære svigerfar !
Helsing Anne-Mari






lørdag 22. juni 2013

67 års bryllaupsdag


Foreldra til mannen min
Judith og Hans 
har 
bryllaupsdag 22. juni.
Gift i 67 år !
Dei begynte å vere i lag i
mai 1944.

Tidlegare innlegg om dei finn du her:

I dag bur dei i omsorgsbustad.
Hans, snart 92 år slit med svekka helse fysisk.
Hovudet er heilt klart.
Judith 85 år, har også sine plager, men
med sin muntre replikk og lyse sinnelag er ho til
stor hjelp og støtte for mannen sin.

Det er ei artig historie om avstand i alder mellom dei.
Då Hans 23 år, kom til fjellgarden og vitja Judith som då
nærma seg 17 år, sa mor hennar til han.
" kva du vil med tausungen ? "
han svara at
" det veks ho nok av seg ..."
I dag er det ei glede at ho er såpass
yngre og kan hjelpe han.

Bryllaupet vart feira på fjellgarden der Judith 
var i frå, med over 70 gjestar.
Bryllaupsmiddagen var 
fiskepudding med fløytesaus til forrett.
"sosakjøt" i store mengder til hovudrett, og
sviskedessert med fløytemjølk til slutt.
I det vesle huset gjekk måltidet på omgang,
dei vaksne åt først, ungdomane og barna til sist.
Jenter frå bygda serverte.
Judith trefte ei av desse forrige veke.
Ho er 95 år og hugsa godt midtsommarbryllaupet.

Til kaffi hadde dei småkaker og kveitekringle.
bløtkake var der også.
Kveldsmaten var brødskive med pålegg.

Eg gratulerer hjarteleg svigerforeldra mine med
bryllaupsdagen !



Hipp hurra for 
Judith og Hans


lørdag 12. mai 2012

Brødfjøla

Eg har skrive om svigerforeldra mine
tidlegare her
Dei har levd ilag lenge
og flytta inn i eige hus i 1950.
I det høve laga Hans ei brødfjøl til Judith

 Bokstavane hennar JK er skore inn på eine sida.
Han hadde sot i skuren for at det skulle vise betre.

Dagleg bruk i 62 år gjer at skjeresida er slik idag 

Fleire hundre tusen brødskiver er skorne
på fjøla !

Svigermor er ein kløppar til å bake brød,
ingen over - ingen ved sida !

Ein kan undre seg over kva fjøla har sett og høyrt gjennom alle år.. 
når borna var små og sprang ut og inn,
når dei fekk kjærestar og brødskiver med heimelaga mòr var nattmat,
hugsar det godt ♥
No er dei to mykje åleine i kvarandre sitt selskap.
Interessa for det som skjer i samfunnet er framleis sterk,
svigermor seier at dei har alltid ting å snakke om !

God laurdag ynskjer eg alle som kjem innom !

Helsing Anne-Mari






 

mandag 2. april 2012

Snøv

Eg er så heldig å ha svigerforeldra mine
i nærleiken.
Dei er oppi åra no, men har eit
livsmot og hugs som me yngre berre kan
drøyme om
Dei har vore gifte i snart 66 år !!

Eit døme på svigermor sin gode hugs er då ho idag sa
at dei har vore ilag sidan
23. eller 24. mai 1944 !!

Judith er 84, og Hans er 90 år

Denne helga (palmehelga) har snøen lava ned her heime.
Har ofte høyrt at dei brukar forskjellege namn på snøen
så me tok med noko godt til kaffi og fekk
dei til å fortelje.

Her brukar eg dialektordet snøv som er vanleg her.

Fjautr - litt snøv i lufta, berre så vidt du ser fjoma

Mjellsnøv - tørr snøv (pudder), fyk ofte i skavlar

Slettekave - sludd

Blåstøde - snøv og vatn blanda, blåfarge på snøven

Kræmesnøv - kram snøv, fuktig, ikkje våt, god å lage snømann av

Klabbeføre - litt våt og fuktig snøv, legg seg tjukt under skia
som å gå på styltrer

Skaresnøv - knallhard snøv

Haglebarèling - haglbyge

Judith og Hans brukar mange gode ord og uttrykk
som absolutt skulle vore skreve ned.

Men forsørge meg trur eg dokke forstandige
kan nokre av dei

Helsing Anne-Mari