Viser innlegg med etiketten Sorg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sorg. Vis alle innlegg

søndag 15. desember 2019

Svigermor Judith



Vår kjære mor, svigermor, bestemor og oldemor
sovna stilt inn 13. desember 2019
nær 92 år gamal.
Judith hadde omsorg for oss alle og 
ho var eit levande leksikon som hugsa
detaljar frå eit langt liv.
Kven skal me spørje no ?

Me unner deg kvila, 
men kjem til å sakne deg sårt.


Takk for alt,
mi kjære svigermor 
gjennom snart 50 år 

Du kan lese tidlegare innlegg om






søndag 13. oktober 2019

Konfirmasjonen til Hans-Petter 15. september 2019


Soknepresten Margit Lovise Holte og
kyrkjeverje Cristfried Kaul 
forretta.
i Ulstein kyrkje.

Barnebarnet vårt Hans-Petter
 er konfirmert.

Fire generasjonar,
Oldemor Judith 91 år,
farfar Ottar, pappa Roger
og Hans-Petter 

Hans-Petter i lag med sysken
og syskenbarn
samla rundt oldemor.

Borda pynta til fest.

Songhefte med fleire gode songar,
blant anna Til ungdomen, Barn av regnbuen,
Tenke sjæl.

Kakebordet var som vanleg
rikhaldig.

 Sjølvaste kaka med barnebilde.

Det vart ein god dag,
men med eit bakteppe av sakn etter
mamma som døydde 23. november 2018.

fredag 30. november 2018

Sorg



Marianne Soløy 43 år 
 tapte kampen mot kreftsjukdomen
23. november 2018
Barneborna våre
Benjamin 18 år og Hans-Petter 14 år
 mista mor si.
Det er nesten ikkje til å bere.

Takk for alle gode minner
kjære Marianne.





mandag 13. juli 2015

90 år ville ho vere ...



i dag 13 juli, 
om ho fekk leve.

Vår varme, rause og omsorgsfulle
mor, svigermor,
bestemor og oldemor
døydde av kreft for 13 år sidan.

Marie vaks opp på Åsen 
i Hjartåbygda, Volda kommune.

På bildet er mamma rundt eitt år.
Syskenflokken på sju miste mor si
den sommaren mamma fylte ni år.
Den sommaren var tante Agnes (til høgre i bildet)
13 år. Ho fortel at ho og mamma som då var 9 år hadde
oppgåva å gjere reint huset før gravferda til mora.
Dei låg på alle fire og skura det store kjøkengolvet
og dekte det med friskt einebar...


Tidleg måtte ho, som mange andre jenter i bygda, på 
sætra i Aldalen om sommaren.
Dei passa kyrne, mjølka og bar spannene
nedatt til garden på bratte
kronglete stiar.
Det var ofte eit slit, men når ho fortalde om det
var det med glede over fine
dagar som sætrejente.
I 1947 gifte ho seg med far vår og flytta til
Ulsteinvik.
Sjå innlegg om det
HER


Mamma var eit arbeidsmenneske heile livet.
Hendene låg aldri i ro.
Ho var ei aktiv kvinne, 
blant anna i Norske Kvinners Sanitetsforeining.
og politiske verv,
Ho fekk plass i boka " 100 år 100 namn " i Ulstein
i 2014.

Sorga og saknet har bleikna,
men framleis tek eg meg i å tenkje at
" dette må eg spørje mamma om "...

Anne-Mari







fredag 27. juni 2014

En hustavle

av Arnulf Øverland

Det er en lykke i livet
som ikke kan vendes til lede:
Det at du gleder en annen,
det er den eneste glede.

Det er en sorg i verden
som ingen tårer kan lette:
Den at det var forsent
da du skjønte dette.

Ingen kan resten av tiden 
stå ved en grav å klage: 
Døgnet har mange timer.
 Året har mange dage.



Desse orda dukka opp i hovudet mitt i dag,
ei eldre dame som eg sette stor pris på døydde i går natt.
Etter at eg prata med henne sist,
 tenkte eg å besøke henne 
snart....

Anne-Mari




lørdag 25. januar 2014

Svigerfar Hans


sovna stilt inn 
i går.
Ein ekte arbeidsmann er vekk.
Ein stillfaren og god mann
som fekk verte 92 år.

Me unner deg kvila,
men saknet er sårt.


Du kan lese innlegg om svigerforeldra mine
Her og Her og 
HER


Takk for alt kjære svigerfar !
Helsing Anne-Mari