Viser innlegg med etiketten Judith og Hans. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Judith og Hans. Vis alle innlegg

lørdag 22. juni 2013

67 års bryllaupsdag


Foreldra til mannen min
Judith og Hans 
har 
bryllaupsdag 22. juni.
Gift i 67 år !
Dei begynte å vere i lag i
mai 1944.

Tidlegare innlegg om dei finn du her:

I dag bur dei i omsorgsbustad.
Hans, snart 92 år slit med svekka helse fysisk.
Hovudet er heilt klart.
Judith 85 år, har også sine plager, men
med sin muntre replikk og lyse sinnelag er ho til
stor hjelp og støtte for mannen sin.

Det er ei artig historie om avstand i alder mellom dei.
Då Hans 23 år, kom til fjellgarden og vitja Judith som då
nærma seg 17 år, sa mor hennar til han.
" kva du vil med tausungen ? "
han svara at
" det veks ho nok av seg ..."
I dag er det ei glede at ho er såpass
yngre og kan hjelpe han.

Bryllaupet vart feira på fjellgarden der Judith 
var i frå, med over 70 gjestar.
Bryllaupsmiddagen var 
fiskepudding med fløytesaus til forrett.
"sosakjøt" i store mengder til hovudrett, og
sviskedessert med fløytemjølk til slutt.
I det vesle huset gjekk måltidet på omgang,
dei vaksne åt først, ungdomane og barna til sist.
Jenter frå bygda serverte.
Judith trefte ei av desse forrige veke.
Ho er 95 år og hugsa godt midtsommarbryllaupet.

Til kaffi hadde dei småkaker og kveitekringle.
bløtkake var der også.
Kveldsmaten var brødskive med pålegg.

Eg gratulerer hjarteleg svigerforeldra mine med
bryllaupsdagen !



Hipp hurra for 
Judith og Hans


lørdag 12. mai 2012

Brødfjøla

Eg har skrive om svigerforeldra mine
tidlegare her
Dei har levd ilag lenge
og flytta inn i eige hus i 1950.
I det høve laga Hans ei brødfjøl til Judith

 Bokstavane hennar JK er skore inn på eine sida.
Han hadde sot i skuren for at det skulle vise betre.

Dagleg bruk i 62 år gjer at skjeresida er slik idag 

Fleire hundre tusen brødskiver er skorne
på fjøla !

Svigermor er ein kløppar til å bake brød,
ingen over - ingen ved sida !

Ein kan undre seg over kva fjøla har sett og høyrt gjennom alle år.. 
når borna var små og sprang ut og inn,
når dei fekk kjærestar og brødskiver med heimelaga mòr var nattmat,
hugsar det godt ♥
No er dei to mykje åleine i kvarandre sitt selskap.
Interessa for det som skjer i samfunnet er framleis sterk,
svigermor seier at dei har alltid ting å snakke om !

God laurdag ynskjer eg alle som kjem innom !

Helsing Anne-Mari






 

mandag 2. april 2012

Snøv

Eg er så heldig å ha svigerforeldra mine
i nærleiken.
Dei er oppi åra no, men har eit
livsmot og hugs som me yngre berre kan
drøyme om
Dei har vore gifte i snart 66 år !!

Eit døme på svigermor sin gode hugs er då ho idag sa
at dei har vore ilag sidan
23. eller 24. mai 1944 !!

Judith er 84, og Hans er 90 år

Denne helga (palmehelga) har snøen lava ned her heime.
Har ofte høyrt at dei brukar forskjellege namn på snøen
så me tok med noko godt til kaffi og fekk
dei til å fortelje.

Her brukar eg dialektordet snøv som er vanleg her.

Fjautr - litt snøv i lufta, berre så vidt du ser fjoma

Mjellsnøv - tørr snøv (pudder), fyk ofte i skavlar

Slettekave - sludd

Blåstøde - snøv og vatn blanda, blåfarge på snøven

Kræmesnøv - kram snøv, fuktig, ikkje våt, god å lage snømann av

Klabbeføre - litt våt og fuktig snøv, legg seg tjukt under skia
som å gå på styltrer

Skaresnøv - knallhard snøv

Haglebarèling - haglbyge

Judith og Hans brukar mange gode ord og uttrykk
som absolutt skulle vore skreve ned.

Men forsørge meg trur eg dokke forstandige
kan nokre av dei

Helsing Anne-Mari