tirsdag 28. mars 2017

Frukt


er ordet i utfordringa til 
denne veka

 Ferske fiken 
på marked i Dubrovnik

Fiken i tørka tilstand
slik eg lika å ete dei.











søndag 26. mars 2017

Mitt Afrika

bygg på det sjølvbiografiske verket
den danske forfattaren Karen Blixen.

Den flotte filmen frå 1985 såg eg den gong
på Colosseum kino i Oslo,
heilt åleine. 
Ei stor oppleving å sjå den på stor skjerm,
vakker natur, fint land og folk,
og dei finaste skodespelarane.

I går kveld gjekk filmen på Nrk2.
Det var ikkje heilt det same å sjå den på 
TV-skjermen i stova,
men filmen er flott sjølv i dag 
over 30 år etter.
Den er vel verdt å sjå !


God søndag !







torsdag 23. mars 2017

Idyll ved Grimstadvatnet

Me er heldige som har mange
idylliske mål for
trimturen. 


Rotarystien i Hareid kommune
er ein slik.




Hovdenakken speglar seg i
Grimstadvatnet


Vatn er vakkert både når det flyt roleg
og når det hiv seg utfor eit nytt
nivå i elva.








mandag 20. mars 2017

Fordon


er ordet denne veka.

" Fordon är ett transportmedel som används för att
 transportera gods och/eller människor och djur, över fast underlag. 
 Exempel på fordon är vagn, cykel och bil."


Eg vil vise bilde
 av bilen me hadde i 1975,
attmed nytt hus.
Volkswagen Passat i ein flott farge ;)
Gutane frå venstre
Jon-Ove 8 år bror min 
og sønene våre 
Andrè 5 år og Roger 2 år










lørdag 18. mars 2017

" ull i hodet "


Illustrerer
Oddvar Torsheim 
godt her

Det kan ha mange årsaker
 at ein ikkje kjenner seg klar i tanken
alle dagar.

God helg !








torsdag 16. mars 2017

Roser


En visdom som ikke kan leses i bøker, kan leses i roser.
Andrè Bjerke







Det er snart sommar og 
rosene kjem til å blomstre i hagen.
Lukke.











onsdag 15. mars 2017

Kunst


For eit par veker sidan var me
på Sunnfjord Hotell i Førde.
Hadde rom i

På veggane i gangar og korridorar er kunst
 av 
Oddvar Torsheim
norsk målar og grafikar, bur i Førde.
Han er utdanna ved Bergen Kunst-og Håndverksskole
og Det Kongelige Kunstakademi i København.

"Den tredje mann"

 "Solveig`s song"

 "netting og strømpar"

"Katt og Mus "
(katt og mus i same pus)






mandag 13. mars 2017

Stein


Det er fint å ta ein tur til 
ytste Nordfjord ved storhavet
og oppleve slike
 naturfenomen 

Kannesteinen

 "er ein spesiell stettforma stein som står i fjøra i bygda Oppedalen på Vågsøy i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane fylke.
Kannesteinen har vorte forma av lause steinar og bølgjedraget gjennom tusenvis av år. Steinane har rugga fram og tilbake og vorte tilslipne, medan dei har grove seg nedover i fjellet. Etter kvart som nye steinar har kome til har sidene av grytene vorte slipt bort, og berre midtpartiet står i dag att. Steinen er om lag 4-5 meter høg. Han er eit populært fotomotiv og eit symbol for Vågsøy kommune."
Wikipedia







fredag 10. mars 2017

Vinnarlukke


Tenk å vere så heldig å vinne
det flotte slumreteppet 
ga vekk.

Spennande å opne pakken.

Nydeleg teppe,
fargane kjem ikkje heilt til sin rett på bildet.

Det skal bli deilig å ta i bruk teppet
hekla i Alpakka og ullgarn.
Eg er nokså frostig av meg og
bruka ofte teppe/sjal over skuldrane
når eg sit i sofaen
så dette passa midt i blinken ♥

Tusen hjarteleg takk Marianne !

I tillegg til bloggen
har ho også ein
kreativ og spennande
Instagramkonto: @husetikrysset
og Facebookkonto: Marianne`s lille rom

Stikk ein tur innom henne !







torsdag 9. mars 2017

Havets bølger

Å gå stien gjennom
Fløstranda
er aldri einsformig.
Havet og bølgene arbeidar
jamt og trutt.
Ein trimtur der får meg til å
 senke skuldrane og fylle lungene med
livgjevande føde.


Eg fann diktet om bølgene på nettet og
synest det passa godt til bildet.


Havets bølger 
Av Trond Rudsli, 27.04.2010

" Se havets bølger strekker seg,
de prøver å gripe tak,
I den bølgen som ligger foran,
og flykter fra den som er bak
De synes å være uten kontroll,
så fulle av energi
Som en vill horde raser de frem,
uten mål og mening i

Se havets bølger strekker seg,
se så jevnt de følger hverandre
Men hvem er det som styrer dem,
og sier dem hvor de skal dra
Hvor startet den ville ferden,
og hvor vil den slå mot land
For snart vil den møte veggen et sted,
og jevnes ut i havets sand "











onsdag 8. mars 2017

Liljer



Foajeen i Sunnfjord Hotell
var fint pynta med
kvite liljer
i helga

Frå den fine vasen på pianoet
 speglar dei seg ...

Marthaliljer er vakre.

I dag er det den internasjonale kvinnedagen.
Gratulere mine medsystre !










tirsdag 7. mars 2017

Klokker


Siffror- tal
er ordet denne veka

På veggane rundt om i huset vårt har me tre
klokker
Den gamle stoveklokka etter
oldeforeldra mine
med naturlege tal

 Den utskorne klokka med
romertal
som svigerfar Hans har laga

 og den utskorne klokka,
som far min Karl har laga
også med romertal 

Som du ser, det er ikkje vanskeleg å
følge med tida her i huset :)










fredag 3. mars 2017

Solnedgang over Nordfjorden


På veg til hytta kunne eg nyte dette
vakre synet i går ettermiddag.
Bilde tatt frå Nordfjordeid.






torsdag 2. mars 2017

Solglans

Sola skin kraftig i mars
og lagar solglans
over sjøen.

Det er god underhaldning å studere naturen
når ein står i ferjekø på
Sulesund.






onsdag 1. mars 2017

Lengt mot vår


Tenk at om eit par månader 
får me sjå att desse
trufaste blomstrane
i hagen






Ååå, 
kor eg gled meg til 
vår og lysare
 dagar.