Viser innlegg med etiketten Ona. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ona. Vis alle innlegg

onsdag 22. mai 2019

Meir flagg


Ordet er 
Flagga
i utfordringa hos Sanna denne veke.

Det er berre eit par veker sidan eg 
hadde innlegg om 


I dette innlegget har eg funne fram til 
bilder i arkivet.

Me var i Arnhem då
Kongedagen i Holland blei feira 27. april.
Då er det flagging og fest, kanskje likt
slik Norge feirar 17. mai.

Flagget på ferja vaier
framfor Ona fyr.

17. mai i bygda vår i fjor,
med korps og bunadskledde folk.

Ærverdige Volda kyrkje










søndag 27. august 2017

Kreative Perly


Yngste systra mi Perly Lise har alltid vore 
flink med hendene.
Då ho var lita jente gjekk ho ofte til
nabogarden for å vere ilag med ei
kunstinteressert dame frå "bya"
som måla på lerret.
Hadde det vore i dag hadde nok 
Perly fått gått vidare med interessa si  
ved å ta del i Kulturskulen.

På Ona har ho og familien kjøpt huset
der svigerfaren vaks opp.
Eit lite hus med små rom
og lavt under taket.
Dei har pussa opp og fått det veldig koseleg.
På loftsgangen har dei laga til ei alkove
med god seng og forheng 
Perly har måla døra inn til soveromet
i same stil som putene

På andre sida av døra har ho måla
vassliljer 
Lekkert på begge sider !

Eit gammalt bord med mange lag maling
har fått ny og flott utsjånad.

Ho har sjølvsagt hekla gardinene
i det vesle kjøkenet

Gjennom åra har ho ofte gledd oss med 
fine heimelaga gåver.

Akkurat no broderer ho Nordtrønderbunad til eldste barnebarnet
og strikkar
ps. han er modellen på bildet

Tidlegare innlegg












fredag 18. august 2017

Storhjelm eller Prakthjelm ?


Ona og Husøya er 
bunde saman med ei bru.
På Husøya ligg gravplassen


Ved den gamle kyrkjegardsmuren sto det 
fleire grupper av denne
 planten


Eg er usikker på om det er 
Prakthjelm eller Storhjelm,
fine er dei i alle fall.



Tidlegare innlegg om Ona 






mandag 14. august 2017

Bloddråpesvermer


På Ona fekk eg sjå ein 
sommarfugl 
som eg ikkje hadde sett før.
Med hjelp frå Google har eg funne ut
 at det er ein 
Seksflekket bloddråpesvermer
Zygaena filipendulae


Iflg. Wikipedia er den vanleg i Sør-Noreg nord til
Møre og Romsdal


Flott sommarfugl !






onsdag 2. august 2017

Ona 2


Her kjem fleire bilde frå
Ona.
Første innlegget finn du 
HER


Husa står tett på Ona




Stiane på øya går mellom
husa heilt inntil veggen



Rom til leige i nokre av husa

Spasertur rundt hamna i den fine kvelden

Stilt 

Siste rest av sol i horisonten


Storhavet der ute


Farvel for denne gong..








onsdag 26. juli 2017

Ona


er ei øy langt ut i havet
i Møre og Romsdal



Syster mi med familie har hus der.
Bror min, mannen min og eg besøkte dei
sist helg.
Ona med bru til Husøya er eit levande samfunn
som har mange spennande opplevingar
å by på.
Etter krigen budde det på det meste 
mellom 300 og 400 menneske der.
I dag bur der omlag 30 fastbuande.
Mange hus er kjøpt av folk som har tilknyting til Ona,
eller av andre frå fastlandet.
Husa blir tatt vare på og brukt som fritidshus.

 Ona fyr er eit kjennemerke 

Frå fyret ser me den tette busetnaden
på Ona
til høgre i bildet ser du brua over til Husøya

Her ser me nokre av husa på Husøya.
Kyrkjegarden og forsamlingshuset er på den øya.

Det er eit yrande liv i det vesle
samfunnet
måsar og terner hekkar på glaskarmane

Om natta ligg ferja på Ona,
visst du ser godt etter ser du at på fenderlista 
på ferja er soveplassen for mange måsar...
Der er også måsereir inni
ei opning i skutesida...

Menneska som bur eller besøke Ona 
kan finne spennande ting å kjøpe.
Der er to keramikkverkstadar med fine
gjenstandar,
biletkunstnar/butikk
og der er ein innhaldsrik handarbeidsbutikk 
med bl. a. mange fine strikka ting.

Me hadde ei flott helg på
ein fredens plass på jord.

Takk for oss.