fredag 27. desember 2019

Bloggen



Eg er komen til eit punkt der eg for alvor
vurderar å avslutte
blogginga.
I 2011 hadde eg stort behov for
å finne noko meiningsfylt å drive med.
Eg hadde gått gjennom nokre år
med redusert helse, 
måtte innsjå at livet mitt vidare var endra.
Eg kunne ikkje gå
tilbake til jobben eg likte så godt.
I snart 40 år hadde eg 
brukt sjukepleieutdanninga mi 
i forskjellege jobbar.
Siste halvdel som lærar i
vidaregåande skule.
No var uføretrygd ein realitet og
det var vondt å tenkje på.
Svigerdatter Renathe tipsa meg om at
eg som var så flittig med fotoapparatet kanskje
kunne ha glede av å blogge...
Slik starta det.

Det har vore ei spennande reise,
mange nye personar har
eg blitt kjent med.
Nokre av desse har allereie tatt pause frå
blogginga, 
men heldigvis har me kontakt med
kvarandre på Instagram.

Det er tidkrevjande å finne nye ting å
blogge om.
Kva skal eg bruke tida mi til no ?
Akkurat det trur eg ikkje
blir noko problem.
Eg kan gå meir turar, 
gå meir på besøk,
lese meir.
Eg har mange bøker liggande
klare for lesing.
Men, det er truleg at eg får 
abstinens
og blogger litt innimellom..

Og, eg kjem til å stikke innom bloggen din
av og til :)

I desse åra har eg lagt ut nær 1400 innlegg,
og hatt over ein halv million visningar
av bloggen.
Eg er audmjuk og takksam
over all merksemda.

Tusen takk !

Eg vil ynskje dykk alle 
Godt Nytt År





mandag 23. desember 2019

Spiserikrukker


Besteforeldra mine hadde desse
spiserikrukkene i kjøkenet sitt.
I dag er eg så heldig å ha dei.


Far min har laga hylla dei står på.

Sago, Kaffe, Kardemomme, Kanel
og Pepper

Gryn Potetesmel, Riis

Nelliker, Sennep
Svedsker

Den største krukka er til salt.

Eg synest krukkene er nydelege.
Men dei blir berre til pynt.

Akkurat no senkar roen seg over hytta,
treet er pynta, pinnekjøttet lagt til utvatning,
alt er sjekka om det er på plass.
Barneborna har hengt opp julestrømpene sine.
forventningane stig.


Eg vil ynskje alle mine bloggvenner
God jul !






lørdag 21. desember 2019

Is

Is
er siste ordet hos Sanna 
dette året.

Takk til Sanna for alle fine utfordringane
ho har gitt oss.
Ikkje alltid enkelt å finne tydinga av alle orda
då me har ulike språk i  denne
bloggverda.
Men spennande å vere med.
Eg er litt kry over at eg har laga innlegg til
kvart ord i 2019.

Det er lite vinterver her hos oss,
så bilda er frå arkivet.
Om vinteren blir naturen pynta med
iskrystaller.

 Hytta vår pleie å vere pynta om vinteren.
Isjuklane heng frå torvtaket.

Is som heng over terrenget.

Sommarminner.
Iskrem og kaffi.







søndag 15. desember 2019

Svigermor Judith



Vår kjære mor, svigermor, bestemor og oldemor
sovna stilt inn 13. desember 2019
nær 92 år gamal.
Judith hadde omsorg for oss alle og 
ho var eit levande leksikon som hugsa
detaljar frå eit langt liv.
Kven skal me spørje no ?

Me unner deg kvila, 
men kjem til å sakne deg sårt.


Takk for alt,
mi kjære svigermor 
gjennom snart 50 år 

Du kan lese tidlegare innlegg om






onsdag 11. desember 2019

Tilbakeblikk


Återblick
er ordet i Sanna si utfordring
denne veke.

I 2019 har me hatt 
fine opplevingar med familie,
sysken og syskenbarn.

Ottar og eg var på Blomstercruise
i Holland i april/mai.
Skreiv litt frå turen 
HerHer

I det vindfulle vinterveret vi har no i desember
vil eg  gi eit lite tilbakeblikk frå
den turen.

Tur på kanalane i Amsterdam 
er ei oppleving.


Litt av eit syn å sjå alle syklane som står parkerte når
folk er på arbeid.
Det blir sagt at Amsterdam har
900 000 syklar


Cruiset gjekk gjennom kanalar i Holland,
i 4-5 dagar med små utflukter på land.

Zaandam.

Raude kastanjeblomster i 
Wiik bij Duurstede.

Deilig dessert innimellom
er viktig for å halde oppe blodsukkeret ;)

I Keukenhof blomsterpark er det enormt mykje å sjå.

 Vidunderleg syn.

 Vakkert, men det blir vanskeleg å ta inn
så mange synsinntrykk.

Nok er nok.
Batteria må laddast.

Ombord i båten fekk me servert 
nydelege måltid. 

Godt for mange sansar dette :)



Gemsweeklyphotochallenge v. 50 - Återblick -








onsdag 4. desember 2019

Mynt

Mynt 
er ordet i utfordringa til Sanna
denne veke.

No til dags brukar eg nesten aldri
mynt, knapt nok pengesedler.
Det er så enkelt med 
Vipps og betalingskort....
Mannen min som er meir nostalgisk enn eg
har samla på ein del myntar.

På 1970-80 talet fekk me denne
sparebørsa frå Sunnmørsbanken,
 namnet på banken vår
den gongen.
Her sparte me pengar,
i dag er myntane gått ut på dato...

I ei krukke i kjøkenhylla har eg liggande
litt klingande mynt.
Kjekt å ha om nokon ringe på døra og 
skal selge lodd...
10 øringen er forlengst ute av bruk.

Her vise at nye myntar produsert etter år 2000
er mindre og lettare enn før.
Særleg 5 krone og 1 krone.