Viser innlegg med etiketten historie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten historie. Vis alle innlegg

tirsdag 9. juli 2019

Myklebustskipet på Nordfjordeid


Ordet i utfordringa til Sanna er
VISE eller SHOW
denne veke.

Eg vil vise bilde frå besøket ombord
i Vikingskipet på Nordfjordeid.
Skipet er bygt av dyktige og erfarne
båtbyggarar frå Bjørkedalen.

" Myklebustskipet er restene av et brent vikingskip som ble funnet i en gravhaug 
på gården Myklebust i Nordfjordeid. 
Bare naglene er intakte, men ut fra antallet kan skipet ha vært minst 25 meter langt, 
kanskje det største vikingskipet som det er funnet spor av hittil i Norge. Wikipedia " 

Ottar vart liten i det enorme skipet.





Det svære roret er fleire meter høgt.




 Det spektakulære skipet vil nok bli eit 
attraktivt festlokale.
Den dagen me var der var det 
duka for bryllaupsfeiring.


Her kan du sjå frå bygginga av









onsdag 11. juli 2018

Solidaritetssentret i Gdansk


For mannen min som har vore fagforeiningsmann 
frå han var 17 år 
var sterkaste opplevinga i Gdansk å besøke
Solidarietetssentret.
Huset er bygt i rustne jernplater.
Inne i bygninga får ein sjå utstillingar som
fortel ei historie om
 Polen si reise mot fridom.



les bloggaren @kenarild sitt innlegg her:

Om Solidaritetsmuseet i Gdansk










Me snakka med ein mann som sa at ungdomar i dag 
tek ikkje innover seg 
Fagforeininga Solidaritet 
sin store innsats for fridom i Polen.
I dag er det god levestandard og dei unge har ikkje 
opplevd lange køar for å kjøpe
mat frå butikkhyller nesten utan varer.







I utfordringa til Sanna denne veke
er ordet
 Bygge, på norsk Bygning.
Då er den rustne og flotte Solidaritetssenterbyginga i Gdansk
mitt bidrag.

Gemsweeklyphotochallenge v. 28 - Bygge -







lørdag 25. november 2017

Utøya



I Innlegget
skreiv eg om helga i Oslo,
der me var gjester på Landsmøtet til 
FLT
(Forbundet for Ledelse og Teknikk)
Søndagen var det alternativt program for
gjestar frå utlandet og tidlegare tillitsvalde.

Det var tur til
 Utøya

Det tok 1 time med buss frå Oslo til Utøya i Tyrifjorden.
Skyssbåten Torbjørn 
tok oss over til Utøya som ein ser i bakgrunnen.
Det var regn og tunge skyer låg over terrenget,
eigentleg passa det godt til sinnstemninga 
som me etterkvart kom i.

Hovudhuset på Utøya.
På øya har titusenvis av ungdom valt å bruke
feriedagane til å lære om og jobbe for 
demokrati, likeverd og solidaritet.
I låven er utstillinga som fortel om den lange
politiske historia.

Først vart me tatt med til Torget,
det praktiske hjartet av Utøya.
Der er spisesalen,møterom,
bibliotek, konferansesal og toaletter.
Denne bygninga sto ferdig 2015.


Hegnhuset skal minne besøkande om øya sin mørkaste dag
fredag 22. juli 2011
Denne dagen vart
AUF sin sommarleir angrepen av ein
høgreekstrem terrorist.
69 leirdeltakarar, dei fleste under 20 år,
vart drepne.
I tillegg vart mange skada.
Hundrevis av ungdom symde ut i Tyrifjorden
og vart redda av heltemodige menneske på fastlandet.
Hegnhuset, namnet som betyr å hegne om,  er bygt 
rundt Kafèbygget
som var hjartet av Utøya.
Her var møteroma, spisesal og kiosk,
bygget der alle ungdomane
hadde ei tilknytning.

Sjå på bygget !
Hegnhuset betår av 69 kraftige søyler som strekker seg heilt opp.
Ei søyle for kvar av dei som vart frårøva livet sitt.
Omkring desse står 495 utvendige søyler og
hegner om minnet til dei døde.
Desse søylene symboliserer kvar og ein av dei overlevande,
dei som ber på tankar og minner frå denne 
dagen resten av sitt liv.

Eg må vedgå at klumpen i halsen vart større og større
over det eg fekk høyre og sjå.
Eg tenkte på nabojenta vår som var der.
Ho berga seg med å ligge i vatnet under ein bergnabb
til ho i lag med fleire symde til fastlandet.
Då me fekk sjå ein lang vegg i kafèen
dekt av ei utstilling som fortel historia om
22. juli 
var det med tårevåte augo eg studerte
tidslinja på veggen som viser
tekstmeldingane som gjekk mellom livredde ungdomar 
og pårørande  denne fredags ettermiddagen.
Orda er plassert inn i ei tidslinje der ein får 
samanheng når meldingane koplast til hendingane rundt omkring
på øya i desse timane, og til det som skjedde på fastlandet. 
Dette er kjelder utan filter. Det er orda frå dei som 
var der då.

Dikt av Frode Grytten juli 2011

Lysningen
Minnestedet etter 22. juli
består av ein stor samlande sirkel på ei høgde av øya.
Frå dei høge furutrea rundt lysningen heng ein stålring 
1,5 m over bakken.
På denne er namna på dei som blei drept på Utøya 22. juli 
stansa ut.
Ingen  namn kjem først eller sist.
Minnestaden er eit vakkert, verdig, roleg og varig sted for 
 ettertanke.
Ei sterk og fin oppleving var over.
Eg har slite med å finne ord til eit blogginnlegg om 
inntrykka eg fekk denne dagen, 
Utøya rommer så mykje
historie både ei mørk og ei lys side.
Eit besøk der er både godt og vondt. og noko
ein vil hugse i lang tid.
Kvart år besøker tusenvis av menneske Utøya,
både norske og utenlandske.
Særleg viktig er det at ungdomar
får høve til å lære og diskutere kva
demokrati betyr i kvardagen.

Om du vil kan dul lese meir på






tirsdag 22. august 2017

Tuebuda


Bestefar Lars Breivik bygde sjøbuda
tidleg på 1930 talet.
I 1952 selde han den til handelsmann Hans Dimmestøl
som dreiv tilvirkning av fisk og sild der.
Eg hugsa godt at eg som lita jente såg på
mor mi og dei andre kvinnene som 
la sild på ein sirleg måte
i tønner.

Tuå sett frå sjøen.
Tuebuda til venstre.
Naustet og sjøhuset til høgre 
har dokke ofte sett på bilda mine.
I tunet er huset vårt øvst på midten, bak huset til
bror min. Barndomsheimen min er 
til høgre.
Husa bak til høgre er byggefeltet Skjerva
på andre sida av hovudvegen.

Siste åra har den sett slik ut.
I vinterstormane har me vore redde for å få
bølgeblekkplater og andre materialer 
fykande gjennom lufta.

Eg har likt godt å ta bilde av den.
Tuebuda hadde sin sjarm heilt
til det siste.

Ein augustdag i 2017 var tida komen


og den underkasta seg maskiners verk.

I dag er utsikta endra,
ein kan sjå til Ulsteinvik og
heilt til Roppehornet på Flø.

På tomta etter den gamle Tuebuda 
vil det snart kome opp fleire flotte naust.

Ein ny tidbolk er på gong.







torsdag 22. juni 2017

Bienes historie


Bienes historie 
av Maja Lunde
er ei fengslande bok
 om tre familiehistorier vevd inn i kvarandre,
om foreldre og barn, om menneska si sårbarheit
og ei heilt spesiell bikube.

Før eg var ferdig med lesing av boka
oppdaga eg ein interessant artikkel om
Bifolkets univers i lokalavisa Vestlandsnytt
(avisa er dessverre ikkje på nett)
Det var eit fint intervju med birøktar Vidar Kalland og
nybegynnaren Are Grimstad.
Dei fortel at det er stor interesse for 
å drive birøkt her på Sunnmøre.
Møre og Romsdal er einaste regionen som
ikkje opplever utbreidd biedød.
 Den frykta Varroa-midden har spreidd seg over
heile verda og vart påvist i Noreg i 1993,
men Møre og Romsdal har gått klar.

"Naturen er avhengig av biene.
Visst pollineringa
stoppar opp, har vi ikkje lenger mat "
seier dei.

”Om biene skulle døy ut, ville menneska 
ikkje ha meir enn fire år att å leve”,
 sa Albert Einstein 
då han innsåg kor avgjerande bestøvinga til insekta er
 for naturen og menneska."  


Eg vil anbefale deg å
 lese denne boka.








lørdag 29. april 2017

Bursdagsgaven


Ei historie som gjekk rett inn i sjela mi
og var der i mange dagar etterpå....


Mannen min og eg har god tid til å høyre på
lydbøker i bilen når me køyrer
til og frå hytta.
No er me akkurat ferdig med Sue Monk Kidd si bok
Bursdagsgaven.
" en flammende sørstatsroman om
håp, mot, frihetstrang og behovet for å 
ha en stemme i verden."
Boka er basert på ei sann historie.

God helg !






tirsdag 6. desember 2016

Historielaget sitt julemøte


gjekk av stabelen på Fredheim
i går kveld.
Ulstein Mannskor hadde ansvaret for
godt program.

I det gamle ærverdige lokalet 
er det god akustikk
og det lyder vakkert når songen tonar.


Som vanleg på Historilaget sine julemøte vart
maten servert på gammalt vis,
innpakka i serviettar.

Mange hugsa nok matpakkane på julefestane
i barneåra...

Som vanleg var det loddsal,
 eg var heldig og vann denne boka.


Mange hadde møtt fram 
og eg trur alle var samde om at det 
var ein gild kveld.








mandag 31. oktober 2016

Kleivastova


Ikkje langt frå der eg bur, på Klubbeneset, står den gamle
Kleivastova
Frå gammalt sto den på området der
skipsverftet Kleven skulle
utvide verksemda si.
Kleivastova vart flytta til nabogarden og sikra slik
at den skal vere tilgjengeleg for alle.
Kleivastova er ei røykstove,
dvs. at det i staden for skorstein, var ljore i taket,
med gruva rett under.
Røykstova er truleg det eldste huset i Ulstein og 
vise tydeleg at boligstandarden har
blitt betre dei siste 3-4 hundre åra.

Gruve og ljore skreiv eg om i
eit innlegg der eg viser gamle gjenstandar
her:
Omnskråa



torsdag 19. mai 2016

Sæterliv i Aldalen

Sel = seterhus med soverom, kjøken og 
mjølkerom 

Mor mi var frå Hjartåbygda i Volda kommune.
Ho var fødd i 1925
Garden Åsen ligg midt i bygda.
I tillegg til dyrehald hadde
dei einaste telefonapparatet i bygda
som gjorde at ho og syskena
gjekk med telefonbod til
folk på gardane rundt og langt inn
i Austefjorden.
Sæterdrift var ein viktig del av jordbruket.
Det var lite beite for dyra vår og haust,
men på sætra i Aldalen vart det
tidleg grønt. 
Frå tidleg i juni flytta dei buskapen dit og dei
var der vanlegvis i 12 veker.
Mor mi fortalde at dei var 9 jenter med
ansvar for kvart sitt sel og dyr.
 Ho begynte å sætre det året ho gjekk for presten
som 14 åring.
Då hadde ho ansvaret for kyr som ho henta 
frå marka om kvelden og  mjølka dei.
Mjølka vart frakta til bygda 
med handkjerre, ei strabasiøs ferd
i ulendte råser.
Der var ikkje elektrisitet så ho fyrte i omnen,
varma vatn for å vaske mjølkespannene,
så til elva for å skylje dei.
Ho fortalte om kor mørkeredd ho var når
ho sto ved elva.
Det var fortalt ei spøkelsehistorie om ei jente
for lenge sidan, ho hadde
fått eit barn i løynd, og grave det ned
på andre sida av vatnet.
Om kveldane høyrde dei skrik derifrå....
Ho fortalde at ho brukte å synge høgt medan ho var
ved elva for å overdøyve lyden.
I ettertid fekk ho vite at skrika kom frå ein fugl
som ho kalla Mekregauk.

Dei 9 jentene sat oftast i lag laurdagskveldane,
og det kom gjerne besøk frå bygda.

Mor mi fortalde at sætrelivet var travelt,
men ho likte det.
"Det var med på å forme oss, og 
gjere oss sjølvstendige "

På dette bildet står mor mi
nr 2 frå venstre.
Systra hennar, tante Agnes er fem år
eldre og sit på vogna med
hatt og paraply.
Ho såg dei kanskje vel avgarde,
etter å ha sætra i mange år,
og no overlet ansvaret til systra. 

Her står mor mi nr 3 frå høgre.


Selet i Aldalen 
 er halde godt ved like av syskenbarnet mitt.

I min barndom var me på søndagsturar
til Aldalen,
hadde med niste og kosa oss 
i mange timar medan mamma fortalde
 interessant frå ungdomstida si.









fredag 2. oktober 2015

Slåttekar i himmelen


Slåttekar i himmelen skrive av
Edvard Hoem

Omtalen frå forlaget:
Edvard Hoems oldefar heitte Knut Hansen Nesje, men alle kalla han berre for Nesje.
Forteljinga i denne romanen begynner utanfor Molde i 1874
der Nesje er slåttekar, og enkemann på andre året, med ein son å ta seg av.
Plutseleg dukkar Serianna opp. Ho røyker pipe og får Nesje med på seifiske,
og saman finn dei kjærleiken. Snart er dei gift og får barn.
 Menneska ved Frænfjorden lever eit liv i hardt arbeid, tett på jorden og fjorden.
Men ein ny veg er i ferd med å opne seg i desse åra- stadig fleire sel det lille dei eig,
og legg ut på den strie og eventyrlege reisa til Amerika.
Seriannas søster Gjertine drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta.
Det begynner å koma brev frå utvandrarar som fortel om ein frodig, men også 
ugjestmild prærie som skal bli til gardsbruk og heim.
"Slåttekar i himmelen" er ein inspirert roman av forfattaren av
Mors og fars historie.
Det er ei forteljing om det nye og det gamle landet, 
om arbeid, byrgskap og kjærleik, om å vera villig til å satse og gjere store offer.


Det var ei fin oppleving å lese denne boka.
Foholda på den tida han skriv har eg høyrt litt om frå
foreldra mine. Deira foreldre var unge på
denne tida og mange av syskena deira
utvandra til Canada.
Boka er både interessant og spennande.

Eg ser for meg at dei hadde liknande reiskapar med seg 
over Atlanteren,
som dei eg har arva og har til pynt
under trappa.





mandag 13. juli 2015

90 år ville ho vere ...



i dag 13 juli, 
om ho fekk leve.

Vår varme, rause og omsorgsfulle
mor, svigermor,
bestemor og oldemor
døydde av kreft for 13 år sidan.

Marie vaks opp på Åsen 
i Hjartåbygda, Volda kommune.

På bildet er mamma rundt eitt år.
Syskenflokken på sju miste mor si
den sommaren mamma fylte ni år.
Den sommaren var tante Agnes (til høgre i bildet)
13 år. Ho fortel at ho og mamma som då var 9 år hadde
oppgåva å gjere reint huset før gravferda til mora.
Dei låg på alle fire og skura det store kjøkengolvet
og dekte det med friskt einebar...


Tidleg måtte ho, som mange andre jenter i bygda, på 
sætra i Aldalen om sommaren.
Dei passa kyrne, mjølka og bar spannene
nedatt til garden på bratte
kronglete stiar.
Det var ofte eit slit, men når ho fortalde om det
var det med glede over fine
dagar som sætrejente.
I 1947 gifte ho seg med far vår og flytta til
Ulsteinvik.
Sjå innlegg om det
HER


Mamma var eit arbeidsmenneske heile livet.
Hendene låg aldri i ro.
Ho var ei aktiv kvinne, 
blant anna i Norske Kvinners Sanitetsforeining.
og politiske verv,
Ho fekk plass i boka " 100 år 100 namn " i Ulstein
i 2014.

Sorga og saknet har bleikna,
men framleis tek eg meg i å tenkje at
" dette må eg spørje mamma om "...

Anne-Mari