Viser innlegg med etiketten Tre. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tre. Vis alle innlegg

torsdag 5. september 2019

Høit henger de....



frå Æsops fabler:


" Høit henger de, og sure er de "
sa reven og lusket avgårde med halen mellom bena.


Det er mykje rognebær på trea i år,


Rogna skal ha sterke magiske krefter, og er blitt brukt som
tuntre både i Skottland og Finland for å verna mot alt vondt.
rognebæra kan nyttast i til dømes rognebærgelè, og den er ein
viktig ingrediens i brennevinet Gammel Dansk !

Det eg er mest glad for når eg ser all rognebæra er sagnet:
"mye rognebær på treet betyr lite snø til vinteren, for
treet klarer ikke to tunge bører same år"

"den som lever får se"






onsdag 17. april 2019

Bar


Denne veke er ordet
Bar
i Sanna si utfordring.

Det er påskeferie og fleire i famiilen er i lag 
på hytta i fjellet.

Sola skin og varmar både ute og inne,
så jentene trivst best med bare føter.



Det er sein påske og det ser ein på
mange bare flekker i snøen.

Snart bar mark her.

I forgrunnen ligg mykje granbar etter 
skoghogst for å gjere klar for
bygging av fleire hytter.



onsdag 6. februar 2019

Skjer


Skär
er ordet i utfordringa hos Sanna denne veke.
Cut på engelsk.
På norsk trur eg ordet tyder
skjer eller skjær
skar i fortid.

I går skar mannen min
kryddersild i bitar som skal brukast
til pålegget tomatsild.

Både far min Karl og
svigerfar Hans 
var flinke å skjere i tre.
Dei skar mange flotte gjenstander.

Svigerfar skar klokke til alle 
barn og barneborn.

 Far min var stolt over arbeidet sitt med
drikkehornet.

Dall, trekjerald med lok og hank,
skar han ut i
trevirke av einer.






tirsdag 23. oktober 2018

Vy

Vy
er ordet i Sanna si utfordring 
denne veke.

Vy kan tolkast på fleire måtar som
vanleg er med alle orda Sanna utfordrar oss på.

Utsyn, overblikk, perspektiv.
Ein person kan ha store vyar for framtida


Ikkje uventa vel eg å vise bilde av utsikt mot 
hav og himmel.


Bilde frå ein tur til Flø.


Grønt gras til langt ut på hausten.


Endelaust vakkert...


Vy mot Atlanterhavet.

Du kan sjå vyer hos andre bloggere her:
Gemsweeklyphotochallenge v. 43 - Vy -







lørdag 21. april 2018

Vår i full fart


På Harpefossen der me har hytte har
det vore store snømengder heilt til siste veke.
For 3-4 dagar sidan gjorde varmegradene og vinden
kort prosess med mestparten av snøen.

På ein kort tur i nærområdet i dag
fekk eg mange overraskingar.

Kvitveis blømer,
og jammen er her andre
grøne blad også.

Hestehoven kjem rett opp av grus og stein,

Selja er langt komen.
Visste du at seljebarken inneheld salisylsyre og har i
 tusener av år vore brukt som febernedsettande, og
smertestillande ?
I dag blir acetylsalisylsyre framstilt syntetisk og me
kjenner dei som f.eks  Dispril og Globoid.
Kanskje kan me tygge på ei seljegrein visst haudeverken
melder seg når me er på tur i naturen..

Eg måtte plukke med meg nokre
kvitveis tilbake til hytta.

Den vesle mugga har plass til akkurat 
så mange kvitveis.

Eg ynskjer deg fine vårdagar framover.









mandag 12. mars 2018

På Uglesetra

Ordet denne veka er
Ovan 
eller over på norsk.


Ella Victoria og farmor var på
tur til 
Uglesetra
i går.
Der var mykje spennande å sjå og oppleve.
Nokre karar har laga til denne
fine opplevingsparken,
der små og store lika dei 
forunderlege påfunna ein får sjå.

Merkelege skapningar ligg
under trerøtene.

 Artig.

 Plukka fine strå.

 Kreative skapningar er det mange av.


 Ho prøvde reia som svinga
høgt over stien

 Slengde seg,


Og klatra i ei furu.
Ella Victoria 
OVAN terrenget.

Dei tre siste bilda er linka til utfordringa.








mandag 15. januar 2018

Vinterhelg på hytta


Det er mykje snø på Harpefossen der me
har hytte.
Med gradestokken på godt under 0
er det klare og fine dagar.

Ettermiddagar med fin
solnedgang

og vakkert i fjellet

Innandørs er det godt å vere 
med fyr i omnen,
lesing og strikking.
-------
Her heime i morgontimane mandag er det 
kraftige vindkast og elektrisiteten
truar med å bli borte.
Litt utriveleg !
Men det går mot lysare tider.

Eg ynskjer deg ei fin ny januarveke.






lørdag 4. november 2017

Svarthyllbær


I år er året då bæra på 
Svarthyllen har modna og får
henge i fred for fuglane.

Ein kan sjå tre med bær mange stadar,
iallfall her i kommunen.

Bæra er dekorative,
men også nyttige.



Eg tenkte å plukke meir bær for å lage
saft eller gelè,
men det vart med tanken.
Eg kom på at eg skulle sjekke om me hadde
brukt opp alt eg laga i
2008 då det også var mykje bær på trea.
I kjøleskapet i matboda i kjellaren sto framleis

Hyllebærsaft
 og

Hyllebærgelè.

Eg opna eit glas
Hyllebærgelèn smaka godt,
Eg trur den skal bli brukt.

Det minner meg om at mat tillaga under hygieniske forhold
og hermetisk lukka held seg i årevis !


For mange mange år sidan laga eg saft av 
Hylleblomsten.
Ei frisk saft med sommarleg smak.
Men eg har ikkje bilde av den.









lørdag 22. juli 2017

Senke blikket


Når ein går i skog og mark er det
mange fine vekstar å
 få auge på


blyge små....






blått er godt å sjå...




fine konglar på den vesle lerka...



Naturen er fin,
det er lurt å senke blikket.







søndag 28. mai 2017

Epletre




"Tiden kommer

 

I et landskap, nytt og uten minner

står et epletre i blomst og skinner.

Epletreet dufter nyskapt sommer.

Her har tiden aldri vært. Den kommer."

 

Inger Hagerup






Det er ei glede å gå rundt
i hagen og nyte alt som blømer.










torsdag 27. april 2017

Våren er her


I dag skin sola frå knallblå himmel,
vermeldaren seier at 
 det skal bli varmare i lufta
og våren er komen.

I går tok eg ei lita vandring og
leita etter spirar og knuppar.
Eg synest mange
vekstar er tidleg ute. 

 Det vakre Kastanjetreet har
store knuppar

 Kusymra i skogbotnen der sola
ikkje når fram

 Kvitveis i kveldssol

 Den første Løvetann

 Perleblomster 
frå løkar som blomstra innandørs i fjor
og samla i ei krukke

 Svarthyllen har knytt sin
rosestand

Syrinbusken har gjort knuppane klar
for varme dagar så den kan sprette ut og 
spreie si fine lukt.

Det er berre å glede seg :)

Ynskjer deg ein fin vårdag ♥