mandag 24. juni 2019

Gammal bru


Ordet Gammal
er utfordringa hos Sanna denne veke.

 Sommarstida køyre me av og til 
ein gammal verna postveg frå Bjørkedalen 
til Harpefossen der me har hytte.



Langedalsbroe 
 den gamle brua over elva
er truleg frå 1819.


Frå aust ser brua slik ut.


Her er brua sett frå andre sida.

 Det ligg mykje kløkt og hardt arbeid i å bygge
ei slik bru.
I gamle dagar hadde dei ikkje mykje anna å hjelpe seg med
enn rå handkraft.










søndag 16. juni 2019

Sticka



er ordet 
i utfordringa til 
Sanna denne veke.

Eg ser at oversett til engelsk er ordet
knit.
 Det finst mange fleire synonymer
til sticka på norsk så eg
vel å ta med nokre av dei.
strikke, stikke, pinne, bruke nål,
og mange fleire.


 Stikk kniven i slire
etter bruk når pålegget er klart
til frukost.

 Eg held på å strikke genser
til meg sjølv.
Når eg har pause stikk eg strikketøyet
i stoffposen.

Her i huset har me mange gamle møblar og andre gjenstandar
 arva etter foreldra våre.
Det blir lett dårleg luft i huset..
Då er det praktisk å ha
luftrenser med trepinner som
spreie fin lukt.

Repararere buksa til Hans-Petter ved å bruke
symaskin og stikke med nål.





Sjå andre si tolkning av ordet her:







onsdag 12. juni 2019

Fleire alperoser


Foreldra mine brukte ordet 
Alperose 
om Rhododendron.
Den høyre til lyngfamilien.

Ei lita runde i hagen for eit par dagar sidan
viste at mange er avblomstra, nokre framleis i knopp,
og mange er på sitt finaste akkurat no.

Denne fargen er litt spesiell synest eg,
nesten litt brunskjær i den.
Busken står i skogen bak huset mellom lyng og einer.

Like ved står denne:


 Det finst så utruleg mange nyansar i
lillafargar.
Denne trivst mellom jyvel ved sida
og hengande greiner av blodbøk over seg.

Den til venstre er ikkje skikkeleg utsprotten enno, men
er mørkare enn den i midten.
Her må eg klippe etter avblomstringa for den
raude veks bakover der ingen ser den.

Det er herleg å kunne nyte 
blomstringa i hagen.






søndag 9. juni 2019

Fodral


Fodral er ordet 
i utfordringa hos Sanna denne veke.

På norsk kan ordet tyde f. eks.
etui, skrin, øskje, innpakning, omslag


 Penalet mitt som eg brukte då eg var lærar 
ved Herøy vidaregåande skule.
T & E i hjartet =
 Tonje og Elisabeth.
Gode Tonje, eleven som skreiv forbokstavane 
 omkom i ei bilulykke i oktober 2000, då var ho 17 år.
Det var forferdeleg for oss alle.

På data/kontorromet mitt står
øskjer med matoppskrifter, gamle briller,
hemmelegheiter og 
anna dill og dall :)
Barnebarna sine teikningar under.

 Svigerfar var fingernem og laga slike små skrin
til barneborna sine.

I kjøkenhylla har eg fleire fodral til 
oppbevaring av nøklar, småpengar og forskjellege ting.
Salt- og peparbøsse er vel også fodral.

Når sjukepleiaren brukar så mange tablettar dagleg,
at ho ikkje stole på seg sjølv lenger, må ho
bruke fodral til hjelpemiddel.... :(


Her finn du fleire tolkningar:

Gemsweeklyphotochallenge v. 24 - Fodral -



tirsdag 4. juni 2019

Rabarbratid


I dag har eg laga Rabarbrasyltetøy,
to sortar.

Ottar og eg har kvar sine favorittar frå barndomen,
svigermor brukte rabarbra og fiken i syltetøyet,
 mor mi brukte aprikoser i lag med
rabarbra.
Me et begge sortane, men lika best
favorittane våre :)

Rabarbrasyltetøy med fiken til venstre,
og rabarbrasyltetøy med aprikoser til høgre :),




Visst du er interessert kan du trykke på linken:


Kanskje har du eit heilt anna favorittsyltetøy 
med rabarbra ?







mandag 3. juni 2019

Utanfor

Denne veke er 
Utanfor
ordet i utfordringa till Sanna.


Denne skulpturen står utanfor

inngangen til Akutten og
Hjerte-Lunge-Senteret på 
St. Olavs Hospital i Trondheim

Det ser ut som han stanger i veggen og vil inn.
Eg har vore heldig å få kome inn og få hjelp fleire gongar.
Eg slapp å stå utanfor.


Sjå andre si tolkning av utanfor her: