torsdag 26. september 2019

Bær

Ordet hos Sanna denne veke er
Bär

På norsk kan bær brukast om ei ku som nettopp har 
fått kalv, då seier me at ho er nybære.
Bær tunge bører på sine skuldre.

 Umodne hyllebær

 Haustbær med morgondogg 
på haustfarga busk.

Støvbærer.

På jyvelen er belg med bær.
Andreklassingen vår, Ella Victoria, 
åtvara sterkt mot desse
giftige belgane.







torsdag 19. september 2019

Dåse


Dosa
er ordet hos Sanna denne veke.

Dåse kan på norsk vere ei lita øskje
med lokk, snusdåse, speldåse..

Eg har ingen av dei, men 
kva med denne ?
Uff og uff, håpe ingen av oss har brukt det som
var i Tobakksdåsen, men den er i 
samlinga av gamle ting her i huset.

Pudderdåsen min.

Eg ryddar litt i mine skuffer og skap i desse dagar,
og kom fram på desse.
I mitt arbeid som sjukepleiar på 1970 talet
såg eg nytte av tome øskjer etter små glas med
injeksjonsveske (antibiotica).
Dei var praktisk til oppbevaring av mangt og mykje.
Knappar og brukte glidelås
kan kome til nytte ein dag :)
Kan vel kalle det knappedåse ?





mandag 9. september 2019

Spegel


Spegel
er ordet i utfordringa hos Sanna
i veke 37

 Bilde av barnebarna sett
gjennom spegelen på badet.

Utsikta mi frå heimen.
Sjøen ligg som ein
spegel.
Ei blank og glatt overflate,
vasspegel.








lørdag 7. september 2019

Tåa mi


Eg har eit særmerkje som
kan hjelpe meg dersom eg må påvise 
identiteten min.


 " de bena, de bena, de rare bena "

 titill, tåtill, tillarot,
abelfru, storegubben sjøl


Mi abelfru på høgre fot har to negler.
Legen som undersøkte meg etter fødselen
sat til mor mi at
" ho kunne hatt verre lyte "

ps. den blå flekken er "daudeblod".
 mista ein kopp og trefte tåa..


Det er ingen plage med denne 
lyta (skavanken)
Eg veit ingen andre som har ei slik.
Så eg er kanskje litt spesiell då ;) ?








torsdag 5. september 2019

Høit henger de....



frå Æsops fabler:


" Høit henger de, og sure er de "
sa reven og lusket avgårde med halen mellom bena.


Det er mykje rognebær på trea i år,


Rogna skal ha sterke magiske krefter, og er blitt brukt som
tuntre både i Skottland og Finland for å verna mot alt vondt.
rognebæra kan nyttast i til dømes rognebærgelè, og den er ein
viktig ingrediens i brennevinet Gammel Dansk !

Det eg er mest glad for når eg ser all rognebæra er sagnet:
"mye rognebær på treet betyr lite snø til vinteren, for
treet klarer ikke to tunge bører same år"

"den som lever får se"






tirsdag 3. september 2019

Len


Denne veke er ordet
Len / Soft
ordet hos Sanna.

Denne gongen ser eg at det er stor skilnad 
mellom svensk og norsk språk.
Eg har aldri høyrt at ordet len er mjukt, bløt osv.
I nynorsk ordbok er ordet len brukt om
område, len, lensherre
eller fylke og kommune.

I mine tankar er ordet len
å lene seg mot ein vegg f.eks.

Eller len på  ein stol
Me kallar ein slik stol 
Lenestol (stol med armlener)

ein legg armane på stolen sin len.
I sofaen er putene lent mot sofaryggen.
Og,,,
stolen er mjuk / len å sitte i :)