I går var det Garasjesalg på
Haugen ikkje langt frå hytta.
Me skulle ikkje handle,
berre ta eit tur og kike....
Ka du trur, me fann sjølvsagt mangt og mykje,
og enda opp med fleire
godbitar.
Korger i god kvalitet for
10 kr stykket,
klart me måtte ha dei !
Skål og tre serveringssfat,
Karelia frå Arabia,
som ikkje ser ut til å vere brukte.
Papirlappane under er intakt.
Linduk på over 2 meter er
kjekt å ha..
Barneborna fekk kjøpe dokker som
ei jente hadde vakse frå og la ut for salg.
Me har fullt hus hytte og
altfor mykje ting og tang frå før,
så me bør ikkje utsette oss for slike freistingar !
Men trur du me lærer ?