Barneborna er glad i pizzasnurra
så det er kjekt å ha i frysaren
når dei kjem på besøk.
Dei er best når ein tinar dei litt i
romtemperatur først,
deretter nokre minutt i
steikeomnen.
Oppskrifta:
250 gr sammalt speltmjøl, grovmalt
950 gr sikta speltmjøl
50 gr gjær
1 ts salt
1 ts honning
100 gr smør
4 dl lettmjølk
4 dl vatn
Smelt smør og ha i mjølk og vatn til det er fingervarmt.
Slå det over gjær og honning og la mixaren gå til gjæra er oppløyst.
Ha i det tørre, det grove først.
Elt deiga på sakte fart 8-10 minutt.
Hev deiga under plast på lun stad ca 30-40 min.
Kjøttsaus:
Lag sausen medan deiga hever.
Steik 2 x 400 gr karbonade- eller kjøtdeig,
gjerne ekstra finhakka sjalottløk,
krydder etter smak.
Slå over 2 glas Dolmio naturell
la det surre 5-10 minutt.
Del deiga i tre
Kjevl ut avlang leivar
legg på kjøtsaus og
strø på reven ost.
Rull saman og del i ca 2 cm bitar.
Legg på bakepapirkledd plate.
Etterheve ca 30 minutt
Dryss reven ost på toppen før steiking.
Steike midt i omnen 225 gr 12 til 15 min til dei er
gjennomsteikte.
PS. Eg legg mykje saus og ost inni rullen så det
glir ofte ut ein del under steiking.
Det blir ikkje perfekte snurrar utsjåandemessig,
men eg skal love deg, dei er kjempegode !