Viser innlegg med etiketten Seter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Seter. Vis alle innlegg

torsdag 19. mai 2016

Sæterliv i Aldalen

Sel = seterhus med soverom, kjøken og 
mjølkerom 

Mor mi var frå Hjartåbygda i Volda kommune.
Ho var fødd i 1925
Garden Åsen ligg midt i bygda.
I tillegg til dyrehald hadde
dei einaste telefonapparatet i bygda
som gjorde at ho og syskena
gjekk med telefonbod til
folk på gardane rundt og langt inn
i Austefjorden.
Sæterdrift var ein viktig del av jordbruket.
Det var lite beite for dyra vår og haust,
men på sætra i Aldalen vart det
tidleg grønt. 
Frå tidleg i juni flytta dei buskapen dit og dei
var der vanlegvis i 12 veker.
Mor mi fortalde at dei var 9 jenter med
ansvar for kvart sitt sel og dyr.
 Ho begynte å sætre det året ho gjekk for presten
som 14 åring.
Då hadde ho ansvaret for kyr som ho henta 
frå marka om kvelden og  mjølka dei.
Mjølka vart frakta til bygda 
med handkjerre, ei strabasiøs ferd
i ulendte råser.
Der var ikkje elektrisitet så ho fyrte i omnen,
varma vatn for å vaske mjølkespannene,
så til elva for å skylje dei.
Ho fortalte om kor mørkeredd ho var når
ho sto ved elva.
Det var fortalt ei spøkelsehistorie om ei jente
for lenge sidan, ho hadde
fått eit barn i løynd, og grave det ned
på andre sida av vatnet.
Om kveldane høyrde dei skrik derifrå....
Ho fortalde at ho brukte å synge høgt medan ho var
ved elva for å overdøyve lyden.
I ettertid fekk ho vite at skrika kom frå ein fugl
som ho kalla Mekregauk.

Dei 9 jentene sat oftast i lag laurdagskveldane,
og det kom gjerne besøk frå bygda.

Mor mi fortalde at sætrelivet var travelt,
men ho likte det.
"Det var med på å forme oss, og 
gjere oss sjølvstendige "

På dette bildet står mor mi
nr 2 frå venstre.
Systra hennar, tante Agnes er fem år
eldre og sit på vogna med
hatt og paraply.
Ho såg dei kanskje vel avgarde,
etter å ha sætra i mange år,
og no overlet ansvaret til systra. 

Her står mor mi nr 3 frå høgre.


Selet i Aldalen 
 er halde godt ved like av syskenbarnet mitt.

I min barndom var me på søndagsturar
til Aldalen,
hadde med niste og kosa oss 
i mange timar medan mamma fortalde
 interessant frå ungdomstida si.