Viser innlegg med etiketten Helgbilder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Helgbilder. Vis alle innlegg

mandag 16. januar 2017

Midt i januar


 snø !

Laurdag var mannen min og eg på
tur langs stranda til Flø


Her bryt alltid havet mot fjøresteinane 

 Bølgjer har kvite toppar, det bles friskt

Mannen min på den fine stien 

-----

 I dag gjekk mandagstrimmen i lag med
 Hilde-Marie, til Nibben.
Her er utsikt mot Vattøya (der me begge har våre forfedre)
og Runde lenger ute. 

Visst du ser godt etter kan du sjå
Hurtigruta litt til venstre for midten i bildet.
Den er på veg frå Torvik til Ålesund
 kl. er 10.40

Det er fint å gå tur når det er snø og
fint ver.
Det blir ikkje skiturar her heime,
det tek eg att når me er 
på hytta.







søndag 11. desember 2016

Blå himmel


Den fine søndagen har eg brukt til
eit par koselege besøk.

 Ein klar og fin dag.

Heimattkoma baka eg 
Aniskringle
med utsikt til den knallblå 
kveldshimmelen.

Over førti kringler skal glede mange munnar :)

Og i kveld var det ein flott
Nobelkonsert
både i tekst og tonar.









søndag 4. desember 2016

Søndagen min

I dag har det vore eit ufyseleg ver med regn og vind.

Det enklaste var å sitte inne og
nyte dei fine rosene eg
fekk i bursdagsgåve
1. desember :)

Men det friskaste var å gå ein times tur 
langs landevegen 
mens regnet hølja ned.

Eg lika å gå tur i alt slags ver
og då eg las i
denne bloggen:

Bloggers Sunday Walk

vart eg interessert og spurte om slike turar som
min i dag kjem under denne
invitasjonen.
Her er svaret eg fekk:

Alle slags turer, ja, men poenget er at vi alle går "samtidig" på hver vår vei, sti, gate, smug, allé... på denne kloden - med eller uten følge!
Jeg foreslår følgende BSW, siste søndag i januar, april, juli og oktober!

Dette har eg lyst til å vere med på,
eg noterer dato og 
ventar på nærare info.

Les om dette du også !



Eg lenker til:







søndag 13. november 2016

Helga mi


Ein del av helga har eg vore heime åleine,
mannen min var på 
sals- og signeringsrunde med boka si

Det merkelege var at eg fekk arbeidslyst
og blant anna steikte brød..
Grove brød heilt utan kveitemjøl.
Eg brukte speltmjøl, både grovt og fint,
 grov rug og havregryn.
Namnam.

Eg kom på at Ella Victoria treng 
varme vottar.
I min iver strikka eg to venstrevottar ...
heldigvis har eg nok tråd så eg kan strikke 
to høgrevottar også ;)
Dei skal tovast.


Søndag formiddag fekk me tid til ein liten
spasertur i nærområdet


Magisk lys denne tidlege
formiddagen

Må berre vedgå at eg synest det er
fint her eg bur...

Queen Elizabeth blomstra framleis 
i hagen.

Eg ynskjer alle som er innom 
ei fin ny novemberveke.





mandag 29. august 2016

Fruene ved havet


er to kvinner som har kafè i
kjellaren i Forsamlingshuset på Flø
nokre søndagar i året.
Dei gjer kjent i lokalavisa og 
på Facebook,
i tillegg til skilt på Flø

Fruene med heimebakst
til suppa

 Det kom mykje folk så det minka fort  i panna med den 
fantastisk gode og innhaldsrike fiskesuppa,

og det er ikkje så rart når ein ser dei
store og fulle djupetallerknane
(plass til tre auser suppe i slike gamle
foramlingshustallerknar)

Og sjølvsagt,
deilige heimebaka kaker og kaffi.
Me fann plass til eit godt stykke 
kake ned på fiskesuppa :)

Kafèen til fruene frå havet er 
eit kjærkome tilbod.
Det er fullt hus kvar einaste gong dei arrangera.

Ein kjenner seg velkomen når ein
kjem dit.













tirsdag 28. juni 2016

Søndagsturen


 gjekk til Naustdalskamben
Ein fin liten fjelltopp som
det tek omlag tre kvarter å nå.
Her er fin utsikt over Nordfjorden 
mot Nordfjordeid

Det var lett regn og disig,
men fint og tørt i terrenget etter veker
med sol og vind
Hytta vår ligg på Harpefossen
lengst inn i 
Hjelmelandsdalen 
Ein flott gammal steingard
vitnar om flittige arbeidshender

Moltekart nær råsa

Nedattkomne frå fjellet
var ville blomster eit fint blikkfang

På hytta var me utan tilgong på Internett i helga,
det var både avslappande
og frustrerande....
Det er nesten ei fallitterklæring å vedgå
at ein er blitt så avhengig
av det.



søndag 19. juni 2016

Bryllaup


I helga var me i bryllaup til
ei av tvillingjentene me er onkel og tante til,
og fadder på.
Christina gifte seg med sin kjære Tor-Even
i Hareid kyrkje

Far Terje førte bruda fram til
mannen som venta

Tvillingsyster Malin las
teksta for dagen

Flott par,
rette ektefolk ♥

Eg fall for den 
fine tatoveringa i ryggen.
(hadde eg berre vore yngre skulle eg fått meg 
ei tatovering.....)

Tusen takk 
Christina og Tor-Even for at me
fekk feire den store dagen
i lag med dykk.











mandag 6. juni 2016

Søndagstur


i naturen
med barnebarn
er alltid ei fin oppleving

jentene studera
hjortespora som
 farfar viser
 klatring

ei lita hand plukka
mjuk myrull

ein fugl flaug opp og 
avslørte egga sine





søndag 29. mai 2016

Slektsstemne



for etterkomarane etter 
Ida og Ole Kaldhol 
som gifta seg i 1916
Dei var besteforeldra til mannen min.

180 etterkomarar og
inngifte/sambuarar møttest
på Sunnmøre Folkehøgskule
i Ulsteinvik der det
er god plass til store
arrangement.
Eit flott grafisk oppsett over
etterkomarane 
(desverre dårleg bilde)
Dei har 207 etterkomarar:
 13 barn,
43 syskenbarn,
91 oldebarn
58 tippoldebarn 
2 tipptippoldebarn

Til middag fekk me
nydeleg kvit Bacalao og Biffgryte.
Lasagne for dei som ikkje tole
gluten og laktose.
Grøn salat og fantastisk godt brød til.

Det berømte Sunnmørske kakebordet
var på plass til kaffien.
Eine halvparten over 
og 
andre halvparten under.
 Restane av kakene
 vart servert  i dag søndag,
då mange var samla i
Kaldholen der dei 13 barna
til Ida og Ole vaks opp.

Ei flott stemnehelg er over.
Små og store fekk nok ein gong 
kjenne på verdien av
å vere del av ei
stor slekt.












mandag 11. april 2016

Magisk


 Bjørkedalsvatnet
sluttar aldri å fengsle meg.

Litt rørsle i vatnet, 
men dei små
holmane og fjella
speglar seg likevel
Langs hovudvegen er det 
mange fine motiv
Nærbilde av neset på 
bildet over

Me køyrer langs med dette vatnet
når me fær til og frå hytta.
Mannen min er flink til å berekne god tid
for å rekke ferja...
(jada, det er som regel han som køyrer ;)

Fleire innlegg om Bjørkedalsvatnet:





fredag 4. mars 2016

Tova vottar i Drops Lima


I det siste har eg strikka fleire huer i
Drops Lima.
Lika godt garnet og hadde lyst til å strikke
tova vottar som sto til hua eg strikka til meg sjølv.
Eg har googla og søkt både her og der, men
ikkje funne oppskrift på
tova vottar strikka i Lima.
Fann ut at eg skulle prøve meg fram og tok
utgangspunkt i oppskrifta eg brukte
Gjorde ferdig og tova ein vott først for
å sjå om eg trefte med masketal 
og toving.
(fargen er litt feil her)

Oppskrift på tova vottar
(dame)

Garn: Drops Lima (ca 43 gram pr vott.)
Strikkepinnar: 5.0

Legg opp 40 masker og start med 3 riller.
Strikk 28 omgangar glattstrikk,
Auke 4 masker ( 1 maske på kvar strikkepinne) til 44 masker.
Strikk vidare 10 omgangar glattstrikk.
Strikk så dei første 8 maskane inn på ein hjelpetråd,
sett maskane tilbake på venstre strikkepinne og
strikk maskane på nytt.
Strikk vidare 30 omgangar over alle maskane.
Fell slik:
1. og 3. strikkepinne: Strikk 1 maske, ta neste maske laust av, 
strikk neste maske og trekk den lause masken over.
2. og 4. strikkepinne: Når det står att 3 masker på strikkepinnen
strikk 2 rett sammen, og den siste strikkast vanleg.
Strikk 1 omgang utan å felle.
Deretter felle kvar omgang til det står att 8 masker.
Klipp av tråden og trekk tråden gjennom
maskene, og fest godt.

Strikk den andre votten på same måten, men
sett av 8 masker til tommel 
over dei siste maskene.

Strikk tommel slik:
Ta opp maskene over og under hjelpetråden = 16 masker
Ta opp 1 maske ekstra i kvar side = 18 masker
Strikk 18 omgangar glattstrikk.
Fell som over til det står att 4 masker
Klipp av og trekk tråden gjennom.

Eg tova slik:
Vask i maskina med litt Milo 
30 grader ( 1 time 38 min)
Sentrifugering 1200 omdreiningar.

Eg er svært godt fornøgd med resultatet.

Hua og vottane skal eg bruke i helga
då eg skal sitje på tribuna i Kristiansund og sjå, og heie på 
Hødd G16, fotballaget til barnebarnet Benjamin.
Dei skal spele mot jamaldringar frå 
store klubbar som
Rosenborg, Aafk og Kristiansund.
Heia heia !!

God helg til deg òg :)

Helgbilden





søndag 28. februar 2016

Vårteikn 28 februar


Me kom heimatt i dag frå ei veke vinterferie på hytta.
Utruleg ulike verforhold med
snart  2 m snø på Harpefossen
til heime i Ulsteinvik berre 1,5 time unna.
Her er nesten snøfritt.

Eg sprang rundt i hagen så snart eg
hadde opna bildøra,
på leit etter vårteikn
Og sjå kva eg fann !
Snøklokker 
så små og forsiktige der 
dei titta fram.

Og primula gjer eit nytt forsøk,
den som eg viste fram i januar forsvant,
men rota skyter stadig nye knopper.







søndag 21. februar 2016

søndag 15. november 2015

Selskap


Ei av mine to kjære systre, 
Vigdis fylte 65 år i går.


Ho hadde bedt inn 
barn/svigerbarn og
sysken/svigersøsken.
Og som alltid serverte ho mykje
god mat og drikke.

Smakfulle varme og 
kalde rettar.

Nydeleg kaffibord med
kaker og dessertar.

Me prata og hadde det kjekt til langt 
ut i dei små timar.
På heimvegen var det ufyseleg regnver 
og vind.

Søndag morgon var det
flotte regnbogar over himmelen
der sol og regn kappast
om merksemda.
Akkurat slik me er vandt til i
november.


Deler hos