Viser innlegg med etiketten hue. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hue. Vis alle innlegg

søndag 11. februar 2018

Snøballstrikk


Eg strikka først eit par barnehagevottar etter ei
oppskrift eg har brukt før.
Men så bestilte eg mønster frå

Snøballvotter og Snøballhue
i garnet Alpakka Wool frå 
Du Store Alpakka

I denne langvarige vinteren håpe eg
Ella Victoria har bruk for
dei varme mjuke vottane og hua.








lørdag 26. november 2016

Hue av restegarn


Hua strikka eg av trådrestar frå
Faerytale frå Du store Alpakka

Fantastisk deilig å ha på seg
den mjuke og varme hua.


fredag 4. mars 2016

Tova vottar i Drops Lima


I det siste har eg strikka fleire huer i
Drops Lima.
Lika godt garnet og hadde lyst til å strikke
tova vottar som sto til hua eg strikka til meg sjølv.
Eg har googla og søkt både her og der, men
ikkje funne oppskrift på
tova vottar strikka i Lima.
Fann ut at eg skulle prøve meg fram og tok
utgangspunkt i oppskrifta eg brukte
Gjorde ferdig og tova ein vott først for
å sjå om eg trefte med masketal 
og toving.
(fargen er litt feil her)

Oppskrift på tova vottar
(dame)

Garn: Drops Lima (ca 43 gram pr vott.)
Strikkepinnar: 5.0

Legg opp 40 masker og start med 3 riller.
Strikk 28 omgangar glattstrikk,
Auke 4 masker ( 1 maske på kvar strikkepinne) til 44 masker.
Strikk vidare 10 omgangar glattstrikk.
Strikk så dei første 8 maskane inn på ein hjelpetråd,
sett maskane tilbake på venstre strikkepinne og
strikk maskane på nytt.
Strikk vidare 30 omgangar over alle maskane.
Fell slik:
1. og 3. strikkepinne: Strikk 1 maske, ta neste maske laust av, 
strikk neste maske og trekk den lause masken over.
2. og 4. strikkepinne: Når det står att 3 masker på strikkepinnen
strikk 2 rett sammen, og den siste strikkast vanleg.
Strikk 1 omgang utan å felle.
Deretter felle kvar omgang til det står att 8 masker.
Klipp av tråden og trekk tråden gjennom
maskene, og fest godt.

Strikk den andre votten på same måten, men
sett av 8 masker til tommel 
over dei siste maskene.

Strikk tommel slik:
Ta opp maskene over og under hjelpetråden = 16 masker
Ta opp 1 maske ekstra i kvar side = 18 masker
Strikk 18 omgangar glattstrikk.
Fell som over til det står att 4 masker
Klipp av og trekk tråden gjennom.

Eg tova slik:
Vask i maskina med litt Milo 
30 grader ( 1 time 38 min)
Sentrifugering 1200 omdreiningar.

Eg er svært godt fornøgd med resultatet.

Hua og vottane skal eg bruke i helga
då eg skal sitje på tribuna i Kristiansund og sjå, og heie på 
Hødd G16, fotballaget til barnebarnet Benjamin.
Dei skal spele mot jamaldringar frå 
store klubbar som
Rosenborg, Aafk og Kristiansund.
Heia heia !!

God helg til deg òg :)

Helgbilden





onsdag 27. januar 2016

Hue med vri


Eg kjøpte garn til hue.
Drops Big Merino.
Tenkte å strikke ei rullehue, men kika litt 
på oppskrifter og bestemte meg for
å prøve hue med vri etter


Eg følte at garnet var litt for tjukt til
oppskrifta, men den er varm og god
(på bildet har den fått litt snødryss...)

Dagen etter kjøpte eg garn til ei ny hue.
Det som står i oppskrifta
Drops Lima
eit nydeleg garn å strikke av.

No har eg to nye huer.
I morgå skal eg ta med den blå til hytta.

Eg kler ikkje hue, men innser at eg treng det 
no om vinteren
Fasong og mønster på huene lika eg så godt
at i dag har eg kjøpt garn
til ei til.