Helga på hytta har vore stille og roleg,
veret har veksla frå strålande solskinn til
snøbyger og regn.
Snøen ligg langt ned i fjella enno,
og gradestokken ligg på 2-3 grader om morgonen,
varmare utover dagen.
Litt planting ute tek eg sjansen på no.
Stemorsblomster toler bra kulden,
Og den greier seg bra mot både tørke
og væte.
Dei er perfekt på hytta er mi erfaring.
Heime er Narcissene i full blomstring,
ein bukett fekk vere med til hytta.
Første løkane er frå 1970-talet og har vore
delt og flytta mange gongar.
Før hadde eg mange ulike sortar påskelilje som
dei ofte blir kalla.
Akkurat no er det desse to som er i blomstring.
Til gjengjeld blomstrar dei rikt over
heile hagen.
Desse er det minst av.
Desse rikeleg av.
Litt seinare vona eg dei kjem dei som me kalla pinseliljer,
dei er litt mindre og meir porselenaktige.