Viser innlegg med etiketten Fredagstema. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fredagstema. Vis alle innlegg

fredag 19. februar 2016

Toving II


Det teikna til å bli ein 
fin februardag
It seems to be a nice day in February


I dag var eg spent på å sjå resultatet
av tovinga i går kveld.
Denne gongen er tøflene slik eg vil ha dei.
Strikka i Cortina Soft 
tova i vaskemaskina på 
programmet Mix 40 gr i 1 time
Oppskrift på tøflene fann eg hos

Vottane er strikka i 
Fritidsgarn
og tova sameleis som tøflene.

Oppskrift hos

Resultatet denne gongen er fint
i motsetning til 





fredag 29. januar 2016

Lappeteppet


Kjenner at eg er både stolt og glad over
endeleg å vere ferdig med
lappeteppet.

Undervegs skreiv eg om det:
her  her

Eg har brukt lang tid og stoppa 
då det var akkurat stort nok
til å breie over meg når eg skal ha ein liten 
middagslur på sofaen :)

Eg brukte garn Drops Nepal 
som er litt tjukkare enn Lima som var i oppskrifta.
Då vart teppet litt tjukt og rustikt så eg ville
ikkje ha for "søt" samanhekling og kant rundt.
Fann oppskrifter 
her og her

Eg tenkte å ha teppet på hytta.
Fargane passa til sofaen og 

Teppet passa til sofaen heime også
Og det er der eg oftast søv
middag...
så kanskje må eg ha det heime :)

Eg er veldig fornøgd med 
fargane og det rustikke preget
på teppet.

Dette sitatet passa godt 
for meg no:
" Det er omveiene, forsinkelsene og
sidesporene som beriker ens liv "
-Nils Kjær-






fredag 16. oktober 2015

Bursdagsmat


Barnebarnet
Leah Sofie var 8 år i går.
I dag skal ho feire bursdag i lag
med ei skulevenninne.
Dei skal ha klassekameratane,
33 i talet.
Jentene bestemte menyen,
pølse med brød, sjokoladekake, 
brownies, fruktfat
og kanelsnurrane til farmor.
(som ho bruka å lage kvart år,
farmor blir litt stolt når dei lika det ho laga)

Eg laga dei ikkje så store,
nokre vil ha melisglasur, og andre ikkje.
Nokre vart for mykje steikte..
Men eg sender 45 stk til selskapet,
og vona det vil smake.

Her er eit bilde frå haustferien,
Leah Sofie i fin fart i slenga 
ved ei nabohytte.


fredag 5. juni 2015

Fiskehjellar


i Svolvær.

Fiskehjell er tørkestativ for usalta fisk,
særleg torsk, sei, hyse, lange og brosme.
til produksjon av tørrfisk.






fredag 10. april 2015

fredag 20. februar 2015

Menneskeskapt


Fredagstema #71

MÄNNISKOSKAPELSER


Den fine buketten som mannen min fekk er
skapt av menneskehender.


Fine detaljer.







fredag 21. november 2014

Människoskapelser - i Budapest

Eg veit ikkje noko om denne bygninga i Budapest,
men det var flott å sjå mot inngangen.

Golvet og inngangspartiet

Taket







fredag 14. november 2014

Menneskeskapt


I området bak 
Synagogen i Budapest
står eit vakkert 
Holocaust-minnesmerke
Eit minnesmerke i form av eit
piletre
 der kvart blad
er ei lita plate med
namna til jødane
som vart drepne under 2. verdskrig.


fredag 7. november 2014

Dajmiskake


 Oppskrifta står skrive i den 
gamle oppskriftboka 
som eg har hatt sidan 1970
Boka er sliten i alle kantar og lause blad, 
men den har mange gode og velbrukte
 oppskrifter på sidene sine.

Denne veka er det tikronerstilbod på
kremfløyte på Spar (nærbutikken min)
Husmorgenet kopla seg inn og
eg tenkte raskt at eg skulle nytte høvet
til å lage eit par Dajmkaker.

Som tenkt så gjort.
Her er to kaker klar til frysing.
" Kjekt å ha og ty til "

Oppskrift på Iskake - Dajmkake

100 gr mandlar ( eg sløyfar det pga allergi)
Pisk 3 eggekvitar og 2,5 dl sukker
Klipp bakepapir til botnen av ei 26 cm form og smør godt.
Steike på svak varme - 125 gr 2 til 2,5 time

Pisk 3 eggeplomar og 1 dl sukker
Dersom egga er små kan du ha i eit heilt egg i tillegg.

Pisk stiv 6 dl kremfløyte

1 dl kald sterk kaffi
Hakk 2 stk doble Dajm (ta av litt til pynt)

Kaffien og Dajm blandar du i eggedosisen,
ha i kremfløyten til slutt.

Etter at kakebotnen er kald har du på "isen"
og set forma til frysing.


Vel bekomme !



God helg  frå Anne-Mari




fredag 17. oktober 2014

fredag 22. august 2014

fredag 11. juli 2014

Menneskeskapt

er den flotte varden på fjellet Veten 
som me gjekk kveldstur til denne veka.
Du les om turen Her

Steinvarden vart laga på dugnad av bygdefolket i
Hundvik og på Hundeide til minne om
varslingssystemet i gamal tid, der store bål vart tende
på strategiske fjelltoppar for å varsle ufred i landet.

All stein som er i varden er henta lenger nede 
i fjellsida på begge sider, noko som nok var eit 
tungt arbeid og viser om stor dugnadsvilje.

Varden vart sett opp i 1910