Viser innlegg med etiketten Etikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Etikk. Vis alle innlegg

onsdag 23. november 2016

Fakkeltog #laguttabli !

Bonusbarnebarnet vårt Emilie 
og fleire ungdomar har engasjert seg for
afganske ungdomar som står
i fare for å bli sendt tilbake
til ei svært usikker skjebne
i Afganistan
 I kveld var det fakkeltog i 
Fosnavåg sentrum.

Bilde frå Sunnmørsposten

Les om saka:

Også Kjetil Hånes,
styreleiar i Amnesty Norge 
var der og hadde 
ein sterk appell.

Me var omlag 150 personar som
gjekk i fakkeltoget.
Eg skulle ynskje me var mange fleire.







onsdag 20. januar 2016

" den gyldne regel "

Som barn vart me i
heimen og på skulen innprenta å fylgje 
nestekjærleiksbodet.


Det er vel ikkje alltid ein greier å 
etterleve dette,
men om det ligg i ryggmargen
kan ein kjenne det når ein
feilar...
Det er nok fleire enn eg som tenkjer at
leveregelen ikkje alltid blir fylgt
når me les og høyrer nyheitene.

I Store Norske Leksikon står det at
"den gylne regel" 
er eit allment etisk prinsipp
som finnast i stort sett
alle religionar og livssyn.
Også i dei store sivilisasjonane
før vår tidsrekning."