Viser innlegg med etiketten 8. mars. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 8. mars. Vis alle innlegg

tirsdag 8. mars 2016

8. mars


Gratulere med dagen !


Her i Ulsteinvik blir dagen markert med 
tale av Iselin Eliassen Aske.
Ho skal fortelje om opplevingar ho har hatt som
frivilleg arbeidar på Lesvos.
Zozan Hasan er syrisk kurdar og skal halde appell
Unni Takseth skal lese dikt
Den lokale Amnestygruppa skal ha innslag.
Utdeling av Kvinneprisen 
som kvart år blir gitt til kvinner som har 
utmerka seg i forhold til 
andre menneske i lokalsamfunnet.

Og sjølvsagt blir det mykje fin song,
kaffi og kake  og utlodning.

I år er det kvinnegruppa i 
Ulstein Arbeidarparti som har ansvaret for
arrangementet.
Den oppgåva går på rundgang mellom 
ulike kvinnegrupper i kommunane
Hareid og Ulstein.

Eg ynskjer alle ein fin 
Kvinnedag !




søndag 8. mars 2015

8. mars.


Eg takkar Gerd Vik Flø
(tremenningen min)
for at eg får låne orda som
ho har skrive om 
Den internasjonale kvinnedagen.

" Takk til kvinner som føre oss gjekk,
som frå talarstol og med penn og blekk,
gjorde det lettare å kome etter,
ved at dei kjempa for kvinna sine rettar !
Dei forsømde verken born, koking eller baking,
nei, dei var drivandes gode på " MULTI-TASKING " !
Vi fører kampen vidare, det er ikkje " bønn ",
vi gir oss ikkje før det vert LIKELØNN !
Men vi må rette blikket vidare UT,
og ikkje stivne i eiga pengesut !
Det fins kvinner i så MANGE land,
som er lenka i steintunge diskrimineringsband.
Det er DEI som treng vår solidaritet,
at vi rettferdig gir dei vår førsteprioritet !
La oss vere talerør for dei tause rop !
Det er bruk for oss, alle i hop ! "


Gratulere med dagen alle medsøstre !


fredag 8. mars 2013

8. mars, Den internasjonale kvinnedagen

Denne dagen er det så mykje eg kunne
tenkt meg å skrive om i eit innlegg,
men har ikkje funne orda.

Tremenningen min 
Gerd Vik Flø
har sagt det så fint.

Takk til kvinner som føre oss gjekk,
som frå talarstol og med penn og blekk,
gjorde det lettare å kome etter,
ved at dei kjempa for kvinna sine rettar !
Dei forsømde verken born, koking eller baking,
nei, dei var drivandes gode på " MULTI-TASKING " !
Vi fører kampen vidare, det er ikkje " bønn ",
vi gir oss ikkje før det vert LIKELØNN !
Men vi må rette blikket vidare UT,
og ikkje stivne i eiga pengesut !
Det fins kvinner i så MANGE land,
som er lenka i steintunge diskrimineringsband.
Det er DEI som treng vår solidaritet,
at vi rettferdig gir dei vår førsteprioritet !
La oss vere talerør for dei tause rop !
Det er bruk for oss, alle i hop !

GRATULERER MED DAGEN ♥

Takk Gerd for at eg fekk låne
orda dine.

Bilde frå eit demonstrasjontog i
Dhaka, Bangladesh