Først vil eg takke for gode kommentarar på
tidlegare innlegg. Kjenner at eg set stoooor pris på det ♥
Dokke er utruleg kjekke !
Idag forsto eg at Bessie
ville vise meg noko
Etter Dagmar si herjing
er mangt i naturen endra
Det hang ikkje ei stor trekrune utfor
berget her...
Oppe på kanten ser me
rotvelta
Eigentleg fint under den store grana.
Som born fekk me fortalt at her sprang
ei kyr utfor berget og slo seg forderva.
Kanskje var det slik terrenget såg ut då ?
Dribba ho på den store steinen fram på kanten ?
Slik ser det ut under ei anna rotvelte
Og denne, kan du forstå at rotsystemet låg utover
reine berget ?
Utruleg at den ikkje har ramla før.
Leikehytta fekk flekt av takpappen, men den står ☺
Fleire rotvelter rundt henne.
Inntrykket eg sit att med etter turen er
at små trespirar har starta si levetid på karrige underlag,
og det er nesten utruleg at dei har vekse seg store med så
lite plass til røtene sine.
Dette var dagens tur i herleg vårsol.
Både Bessie og eg syns det er kjekt at sola
er koma i Tuå.
Ha ein strålande tysdagettermiddag !
Helsing Anne-Mari
Flotte bilder..det var en annen verden enn min..min verden er helt hvit!
SvarSlett:-) Ha fortsatt fin dag i våren!
Takk for hyggelig kommentar på bloggen min !
SvarSlettdu har også en fin blogg ser jeg, og kommer nok til å se innom oftere !!
Rotvelte ja, ikke mange som kan det ordet lenger,
Jeg har vokst opp med slike ord, fordi far var skogsarbeider. Jeg prøver å bruke disse gamle orda bevisst, jeg synes det er synd at språket forringes slik det gjør nå..... det går jo mest i forkortelser og nye "dataord"
Ha en god dag ;)
Hei!
SvarSlettMorsomt med ord! "Dribba" var fremmed for meg...gjetter på at det betyr "snublet"?
Min sønn ringte faren på kontoret i går, han forsto ikke helt norskleksa, det sto noe om "fotty"...altså fottøy...jeg hadde nok heller ikke greid den :))
Blogges!
Line
Eg syns det er kjekt å bruke dialektord, veit ikkje om det er rett på nynorsk, men gjer det likevel.
SlettDu stussar kanskje på at eg skriv ei kyr og ikkje ku. Vår lokale dialekt her er å seie ei kyr, kyra, fleire kyr. Eg har aldri sagt ku...
Ellers gissa du rett om dribba ☼
Fotty ja, det gjeld å halde tunga rett i munnen ;)
So fin Bessie e :) Ein slik kunne eg tenkt meg...
SvarSlettMen har pr i dag ikkje plass til meir i huset -
håpar på ein voffs i huset når Oskar blir litt større oh
vi får bygd på ;) Tenker at det kan vere fint for Oskar og alltid ha ein kompis som ventar heime...
Ha ei fin veke :)
Klem