Viser innlegg med etiketten 43 år. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 43 år. Vis alle innlegg

tirsdag 17. desember 2013

43 år

Eldstesonen vår Andrè 
er 43 år i dag 17. desember.
På den tida han kom til verda var det vanleg å ligge 
i fødeavdelinga lenger enn i dag.
Den nye familien kom heim julaftan kl 16.
Foreldra mine hadde laga til to rom
på loftet sitt til oss.
I ettertid har eg ofte tenkt på kor snille 
dei var som gjorde det.
Dei fire syskena mine 
frå 4 til 20 år budde også heime.
Soveromet til foreldra mine var
vegg i vegg med våre rom
så ro og fred var det nok
ikkje mykje av...
Det høyrer med til historia at då eine systra mi
stifta familie i 1974 budde dei
også i same husværet nokre år.

Ein glad gut i kjøkenet vårt.
Utslagsvasken er retro i dag,
det var berre kaldt vatn i springen.
Grepakomfyren hadde me i mange år.

 Lyslugga og blid med kveldsgrauten.
Det fine skapet/benken i bakgrunnen romma mykje, og
burde i grunnen vere i bruk i dag også.

Andrè har godnattstund i lag
med bestemor og bestefar.
Han har bandasje på handa etter at han
brende seg på kokande vatn som
vart henta i kjøkenet nede...
Han hadde det kjekt dei to og eit halvt åra
her, og når han flytta var det berre
femti meter til det nye huset
me bygde.

Sikring i bil var ikkje så vanleg på 
byrjinga av 1970-talet.
I folkevogna vår var det eit "rom" bak
baksetet. 
Der sto vesleguten oftast.
Eg får låkt i magen når eg tenkjer på det.
Sjølsagt var det ikkje den trafikken det er i dag,
men likevel.
Me fekk tak i eit barnesete med
bøylar som hang over seteryggen,
like gale !!

 Same sommaren me flytta inn i nyehuset
fekk han ein bror, Roger, som du kan 
lese om i innlegga:  Her
og Her

I dag er guten vaksen kar,
gift med Renathe og dei har tre 
flotte døtre.

Gratulere med dagen 
kjære Andrè !

Helsing mor og far