Viser innlegg med etiketten Nissar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nissar. Vis alle innlegg

mandag 19. august 2019

Ordet


Denne veke er ordet i utfordringa
til Sanna
Tomten eller piece of land

Tomten kan vere arealet huset vårt står på,
tomte kan tyde nisse på svensk,
og piece of land kan ha
mange tolkningar.

Eg har høyrt om den spektakulære
fotballbana i Lofoten,
Henningsvær Football Soccer Stadium.
Fotballbana er eit godt eksempel på
a piece of land.
Eg har lånt det fantastiske bildet frå
 facebooksida deira.

Tomter/nisser
utstilt i Oslo allereie i juli...
..snart jul ?


Sjå kva andre skriv her:




torsdag 26. desember 2013

Julefred

Så langt har jula vore fredeleg og god.
Ute har det veksla frå herleg snøføre til
regn og vind.

Innimellom har skyene trekt
seg attende og eit fint lys har dukka opp
på himmelen.

Ein av englane på veggen 
i stova.

Staselege eignalutar(gåver) i
Hammerlunds Tinn passar fint til
det raude.

Litt nissar på
kjøkenbenken.

Små og store kosar seg.
Litt turar i regnklede er friskt, og inne
ventar god mat og kjekke
spel både på bordet og elektronisk.
Akkurat no held 9 åringen og 11 åringen på
å lage Quiz som me andre skal
bryne oss på.

Det ein fint å vere samla,
tre generasjonar.
Dei som ikkje må gå på jobb kan ligge
så lenge dei vil om morgonane,
og nyte fridagane.


God romjul !

Anne-Mari