mandag 2. juli 2012

Tiriltunge og Raudkløver

Mil etter mil langs heimvegen igår såg me
fargeglade vegkantar.
Kan ikkje hugse å ha sett slik flora før om åra.
Regnveret la ingen dempar.
 
 Kjende etterkvart trong til å sjå meir av dette fantastiske
blomsterhavet og tok av frå hovudvegen

 Tiriltunge og Raudkløver i vakkert samspel

Gamal og ny veg side om side..

Tiriltunge var frå gamalt av brukt tørka
i brennevin og te som medisin for magen.
I plantefarging gir den ein fin gul farge.
Raudkløverblomsten er søt og smakfull og kan brukast som
snacks når me går tur. 
Den verkar svakt stimulerande på 
spyttkjertlane og kan soleis sløkkje tørste.

Den opplevingsrike turen heim i regnveret
vart toppa når me såg denne
Minner frå tidlegare tider då me hesja heime.
Ikkje alltid så kjekt når graset var vått, men
no ser ein det i eit romantisk ljos.
 

8 kommentarer:

  1. Flotte bilder. Og flott med folk som legger merke til slikt og syns det er fint. Det varmer en nostalgikers hjerte. :-)

    Tusen takk for hyggelig kommentarer hos meg!!! ♥

    SvarSlett
  2. Flotte grøftekantar! Hesjing er eit sjeldan syn ogs på våre kantar. No vert markane grasfrie på nokre timar frå dei er slått til rundballane vert henta.

    SvarSlett
  3. Finne sommerbilder! Husker også hesjer fra sommerferier hos besteforeldre med gård. Det var mye godt dugnadsarbeid med ljå og hesjing på den tida! -og vi ungene var litt med og hesjet, men det artigste var å hoppe i høyet på låven! :-)

    SvarSlett
  4. koselige bilder ;)

    ser du spør etter 3 bilder på samme rekke,
    eg er ikkje sikker, men trur bloggen din er for smal,
    for du har jo 2 kolonner ved siden av ...
    eg har berre 1 nemlig....


    men mulig det er noe anna også ...
    nyt dagene, her skal det vist gå i rundballer ;)

    monikaklemma

    SvarSlett
  5. Så koselige bilder og artig høre om tiriltunge og rødkløver.
    Sånne hesjer har jeg vært om mange ganger på mitt hjemsted i Lofoten:) Veldig koselig å se.
    Takk for hyggelig kommentar hos meg.
    Har lagt meg til som følger her på den koselige bloggen din:)

    Anita

    SvarSlett
  6. Det er så vakkert når naturen selv får pynte grøftekantene :)
    Og gammeldagse hesjer er utvilsomt finere å se på enn rundballer!

    SvarSlett
  7. Eg har også lagt merke til dei frodige vegkantane. Og kan ikkje hugse at dei har vore så flotte før! Kommenterer det på kvar biltur, gjett om det er nokre ungar som er lei av å høyre det ;-)
    Strandbilde på innlegget mitt er frå Grotlesanden i Bremanger. Men vi reiser ofte til strender i Vågsøy og ved Stad.

    SvarSlett
  8. Hesjing er barndomsminner ♥
    Likar bilda dine!

    Ynskjer deg ein fiiiin onsdag :)

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.