lørdag 17. september 2011

Til minneboka...

Tenkjer ofte på at det har vore ein flott sommar
 ilag med borneborna.
Trur ikkje dei bryr seg så mykje om veret,
dei tek det som det kjem og er glade og lukkelege
her og no.


Ein tidleg junimorgon var storefjøra
akkurat slik fedrene deira og farmor hugsa frå sin barndom.
Eit eldorado av spennende liv gøymer seg i taren, under steinar og nedi sanden,
det må berre opplevast !!




Litt regn er ingen hindring, kanskje er det fisk å få ?



Større sjangse for å få fisk når ein tek båt utpå... ?


Sjå der du, ei flott Bergyltre beit på.



Den skal få leve i gode forhold på land ei stund,
og då må den få mat.
Knuse kukkelurer og ta ut innmaten er god føde
for Bergyltra.
Det høyrer med til historia at den vart sett fri etter at
sysken og foreldre hadde fått sett underet :-)



I Tuå er storesteinen ei spennende oppleving.
Hit opp kjem dei ikkje før dei greier å kome seg opp sjølve :-)



Endeleg, i august vart det freistande med bading.
Her er det berre å hive seg i det våte element..



Ein framand gjest i fjøra flytta tankane vekk frå det
som skremde oss 22.juli 2011
Godt å få skjerme borna for alt det grusomme som var
i media heile tida.



I trollskogen nær hytta på Harpefossen er det spennende å vere



Eldstemann på fisketur ilag med farfar.
Det er fleire fiskevatn i fjella rundt
hytta


Det har vore ein strålande septemberkveld og jentene
klatra oppå ein stein og kosa seg i solnedgongen.



Sola er borte tidlegare her enn heime i Tuå,
men det har sin sjarm og sjå siste solstrålane i fjella bak hytta.

Idag såg me første nysnøen på to fjelltoppar,


difor avsluttar eg med haustblomane utfor hyttedøra.
..........

Eg takkar alle som er innom bloggen min, til følgarane,
 og ikkje minst til dokke som kommenterer.

God klem frå Anne-Mari




3 kommentarer:

  1. så flink du er. flott minnebok drømte meg til bake til bake barndommens opplevelser i tuå. takk

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha Leif :-)
    Eg er oppteken av at borna skal få gode opplevingar, også slike som er gratis :-) Desse kan dei samle i livets minnebok, slik både du og eg har gjort:-)

    SvarSlett
  3. Akkurat slik ja...Trygge, glade og gode barndoms sommarminner, slikt som vert hugsa..IKKJE veret!

    Utruleg koselege og flotte bilder ♥

    Kan tenkje meg du trivast på hytta..Er nok ein god stad å vere ♥

    Eg blir heilt satt ut av slike fine ord du gir meg!TUSEN ♥ TAKK!

    GOD NY VEKE!

    Klem frå Astrid

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)