onsdag 6. februar 2019

Skjer


Skär
er ordet i utfordringa hos Sanna denne veke.
Cut på engelsk.
På norsk trur eg ordet tyder
skjer eller skjær
skar i fortid.

I går skar mannen min
kryddersild i bitar som skal brukast
til pålegget tomatsild.

Både far min Karl og
svigerfar Hans 
var flinke å skjere i tre.
Dei skar mange flotte gjenstander.

Svigerfar skar klokke til alle 
barn og barneborn.

 Far min var stolt over arbeidet sitt med
drikkehornet.

Dall, trekjerald med lok og hank,
skar han ut i
trevirke av einer.






lørdag 2. februar 2019

Februardag


Før eg sto opp i dag låg eg og høyrde på radio,
der sa dei blant anna at månadane
 Februar, Mars og November
startar på same dag.
I år på ein fredag.
Men neste år, i 2020, blir denne regelen broten
fordi då er det skottår.
Kanskje ikkje nyttig å kunne dette,
men greit å vite :)

Eg starta dagen med å bake
Pizzasnurrar.
Med ungdom i hus er det greit å ha noko
enkelt og godt i frysaren til nistemat.


Etterpå tok me på piggsko og gjekk ein tur i nærområdet.
Herleg å sjå kor lyst og fint det er der sola når fram.

 Ulsteinvik bada i februarsol.
Legg du merke til den flotte fargen på 
det nye skipet ved skipsverftet ?

Holmar og skjær med
storhavet attanfor.

Nesten heime.
Blikkstille sjø og nydelege fargar.
Ja, du ser vel det fargerike skipet på alle bilda ?

I morgå blir det middag til
heile familien på 12 
Det blir poteball med mykje godt attåt.

God laurdaskveld !









torsdag 31. januar 2019

Fil


FIL
er ordet i utfordringa hos Sanna
denne veke.

Eg fekk mannen min til å ta fram
verkty han av og til må bruke fil til.

Rundfil til å kvesse sagkjeda på motorsaga.

Skjerfil til å kutte rør med.

Andre type filer:
Eg bruka å samle inn bilde frå barn og tantebarn 
og ordne dei i filer
på PC før eg bestiller hos
FotoKnutsen.

Kalendar kvart år i julegåve til
oldemor Judith frå dei 15 oldebarna.
Kalendar for 2019
har framside med bilde av
oldemor og Benjamin







fredag 25. januar 2019

Bok


Bok 
er ordet i utfordringa hos Sanna
denne veke.

Til jul fekk eg boka 
Til ungdommen  av LInn Skåber
Den sto på ynskjelista mi.

Til ungdommen er basert på intervju med unge menneske.
Ho har sett saman 31 framstillingar 
om korleis det er å vere ung.

 Ho har spurt ungdommer om livet,
kviser, fred og sakn.
Det er mykje humor i tekstene, men alvoret skin gjennom.

Lisa Aisato står for dei fantastiske illustrasjonane.
Mange av dei er så talande at
eg får tårer i augo og klump i halsen.

Klikk på bilda så ser du teksta og dei
passande illustrasjonane.

Denne boka kjem eg til å ta fram igjen og
lese fleire gongar.
Eg anbefaler den på det varmaste.








fredag 18. januar 2019

Värme

Dette er oversikta over den kjekke utfordringa til Sanna der
me skal tolke, på vår eigen måte,
eit nytt ord kvar veke.

Som du ser er ordet denne veke
Värme.

I dag kom Ottar og eg til hytta og fekk sjå at det hadde lagt ned mykje snø.
 Det var berre å brette opp ermene,
problemet er at det er berre Ottar som kan gjere det,
eg skal ikkje gjere tungt arbeid pga stæroperasjonen 
som eg skreiv om i forrige innlegg...

Eg fyrte i omnen for å få varme i stova.


Sette meg godt til rette med strikketøyet.

Deilig Varme frå skinnfellen.

Men eg likte ikkje situasjonen,
her skulle eg sitte på baken og sjå på
han som sleit og moka snø ute.
Det positive var at han fekk varmen i seg,
og eg fekk bilde til blogginnlegget :)
God helg !







tirsdag 15. januar 2019

Grå stær


Det første auget eg fekk operert for
Grå Stær 


I går var eg igjen hos Medi 3
i Ålesund og fekk operert venstre auge.

På radioen høyrde me om stormen som
førte til at fly, ferjer og hurtigbåtar 
var innstilte.
Det var spennande om eg kom
meg fram til behandling.

Men det gjekk fint over fjorden med den
moderne og gode hurtigbåten Godøy.

I dag var eg tilbake til Medi 3 og kontroll.
Alt ser bra ut, no er det berre å fylgje oppskrifta første veka,
Ta det med ro, ikkje bøye meg, ikkje løfte tungt, 
ikkje dusje/vaske hår
 Eg må finne fram den gammeldagse vaskekluten...
Dryppe auget 3 gongar pr. dag i 3 veker.
Etter 6 veker gå til optiker og få tilpassa nye briller.

Eg gle meg til å få lese både smått og stort :)

----

Heime i stova kan eg gle meg over
den fine Azaleaen eg fekk i bursdagsgåve
1. desember.






lørdag 12. januar 2019

Krystall


Ord nr. 2 hos Sanna i år er
Kristall.

Eg har mange gjenstandar i krystall,
men er litt seint ute med 
fotografering og bloggskriving,
så det blir litt nytt og litt frå arkivet.

I Vitrineskapet står dette fatet designa Benny Motzfelt
fylt med krystallfrukter.

Skåla av same designer er
bryllaupsgåva frå sjukepleiekullingane mine
juli 1970.
Du kan sjå innlegg eg skreiv om Benny Motzfeldt